søndag 17. juni 2012

PIONBLOMSTRING



Først vil eg ynskje alle som måtte vere innom bloggen ein retteleg god søndag. Det er nok mange hagevandringar på gong både i eigen hage og i andre sine hagar i dag. Eg skal vandre i min eigen og nyte synet av alt som er på gang. Ettersom veiret ikkje inviterar til å sitje ute i ein solstol så kjem eg nok til å kike innom ein god del bloggar og gjennom dagen. Eg er ikkje så flink til å kommentere som mange av dokke er, men det får så vere. Eg set stor pris på, og er svært glad for kvar gong noken legg att ein kommentar!

Så til pionen på biletet. Denne har eg arva av ei tante. Han er den første som blomstrar, og eg har han fleire plassar. Han utvidar seg godt og eg har teke mange avleggarar av han og potta opp. Han vert ikkje så høg at eg treng å gje han støtte under blomstringa. Dersom det er noken som kan identifisere han så er eg takksam. 

2 kommentarer:

  1. Heia Else, syns nu du er flink og kommetere på bloggen min iallefall ;O, og det takker æ for, og setter stor pris på at du er innom og like blogginnleggan mine ;P
    Peonen din var bare nydelig, mine er enda ikke i blomst, håper de kommer i blomst da,sommer vær kan æ ikke skryte av at vi har, igår hadde vi sol, men idag regner det.

    Ha en fin søndag, hilsen Lisbeth >;)

    SvarSlett
  2. Så nydelig pion ,jeg har en som ligner i fargen og den er fra hagen til mine besteforeldre som er døde for mange år siden ,,koselige minner,, men navnet fikk jeg ikke spurt om da.
    Ha en fin kveld Else , Maritklem.

    SvarSlett