Litt av veden som ligg til tørk, og som skal brukast neste vinter. No er sola komen så høgt at på så fine dagar som i dag så treng vi ikkje fyre i ovnen midt på dag. No er det 0,5C ute, sol og vindstille. Naboen held på å køyre vinterveden heim, det er frose og godt å arbeide ute.
Dette er blodbegerspirer, Rhodochiton atrosanguines, frøa sjølvsanka i 2010. Det var så dårleg år at eg fann ut at eg ville prøve spireevna på dei gamle først og dei spirer fint, men litt ujamt. Eg tenkjer det vert nok. Eg har teke inn ei potte med blodbeger til overvintring og den står ganske fin. Skota er lysegrøne, men eg tenkjer at eg kan ta noken til avleggarar og så kjem vel grønfargen etterkvart som ho får lys.
I år har eg sådd asarina frå to frøboksar. Når eg googlar Asarina så kan det vere så mangt, men eg håpar at den eine sorten er Asarina scandens og som eg ser vert nemnt i same andeddrag som blodbeger. Men av bileta som kjem opp ser dei fine ut alle, skal iallefall verte spennande å sjå. Den eine sorten spirer iallefall.