Her kjem eit ras av bilete, mesteparten er frå planteproduksjonen min, det er i hovudsak den som fyller tida mi no. Takk og pris for gode fleece-klær. I kvilepausane så er eg stadig inne å sjekkar Yr og Storm, dei lovar betre temperaturar fram til neste helg. Så då set eg min lit til fleece til meg og fiberduk til plantene.
Denne kassen har eg vist før, frå eg den 8. april delte ein georgineknoll , Dahlia, og no poppar det opp med spirer. Slike knollar treng litt tid til å komme i gang, men no kan eg potte dei opp i større potter, om eg vil, eller passe på å vatne med gjødselvatn og gje dei lys og vern mot frost, så vil det vere flotte planter å plante ut om 3 - 4 veker.
Matthiola, levkøy, med Ageratum, blåkorg i bakgrunnen. Dette er sommarblomar som eg har sådd for første gong i år.
Blodbeger har eg sådd kvart år, og i år har eg endeleg rikeleg med planter.
Phlox drummondi, fargerik og fin sommarfloks.
Middagsblomar har eg sådd kvart år, i år breisådde og prikla eg. Det vert nok første og siste gongen. Vel er eg utstyrt med stort tolmod når det kjem til prikling, men desse var ikkje gode å ha med å gjere. Men no er dei i god vekst, ingen av dei tørka opp i jordskorpa, så eg fekk det til.
Ein låg og kompakt sort tomat som heiter Vilma, den kan stå inne og ute i potte og vert ikkje høgre enn 30 cm.
Dette er dei store tomatane, som eg har bestilling på.
Lobelia, tagetes, puslingkrage og nokre stauder. Desse har eg flytta ut, og no i kveld har eg dekka dei med fiberduk.
Slik ser det ut i veksthuset no, pottevis med georgineknollar som står og godgjer seg til sommaren.
Så har eg planta opp ein del amplar, denne har fått lobelia i fargeblandin og blodbeger. Har fleire tingingar på desse.
Cosmosen står attemed drueplanta.
Endå ei knollgeorgine, det vert ei stor kraftig plante av denne vesle potta.
Aquilegia, akeleie, i mange variantar klar for sal og bed.
Eg og mange av kundane mine har fått smaken på månadsjordbær, Fragaria vesca. I år har eg sådd heile tre sortar, dette er Mignonette som skal passe god i ampel.
Skrytebilete av sjølvsådd pion, i dag prikla eg to små planter frå frø eg sådde i august 2011. Det er tolmodsarbeide dette, men akk så godt å halde på med.
Utsikt frå gangdøra i dag, det vert litt lubnare i beda, bøane har fått litt grønfarge og trampolina er montert.
God søndag!