fredag 24. april 2015

Tomatsesongen er i gang



No er det snart eit år sidan siste blogginnlegg, fekk det ikkje til å blogge frå mobilen og så fann eg ut at eg fekk halde oversikta på annan måte. MEN no ser eg at eg ikkje kan klare meg utan blogginga. Det er ei ypperleg anledning til å gå attende for å sjå korleis det har vore tidlegare. 
Sidan sist så har eg oppretta profil på Facebook, det er jo kjempeenkelt å bruke til å legge ut bilde og informasjon til dei som er planteinteresserte rundt meg, men som dagbok til å gå attende i er det ikkje noke særleg godt alternativ. Så no er eg attende i folden og det vert kjekt å følgje med i alle bloggane til dei eg hadde kontakt med tidlegare. Eg ser at de har vore aktive med innlegg så no skal eg ta ein kik.
Men i dag har eg planta tomatane opp i plantekassane, den første blomen synte seg i dag. Det må vere minst ein månad enn nokon gong før. 
I år har eg hatt plantene i drivhuset sidan februar og dei har aldri vore finare enn i år. Det har nok gått ein del meir straum, men du og du for ein fryd det er å komme inn i huset å sjå alt som er på gang.
Dersom det er noken av dokke tidlegare trufaste som les dette så kan eg seie at eg har det bra. Det har vore eit godt år for meg og mine. For eigen del så kan eg vel seie at takka familien og drivhuset og plantene så har eg det bra.