FRØLISTE 2015

I år har eg samla mykje frø, og etter at eg har sendt ein god del til Trædgårdsamatørane og lagt i Frøboksane til dei Hagegale så deler eg resten av overskotet med andre som gjerne vil så.
Alle frøa er samla i 2015, eg har ikkje så god oversikt over kva som er frøekte  artar, så det skriv eg ikkje noke om. Der eg har namnet på sorten så skriv eg det. Men sortane er ikkje frøekte, så der vert avkommet meir likt arten.
Eg må innrømme at dette framleis er eit felt der eg er på uhyggeleg tynn is, så lyt de ta det for det det er. For å skilje slekt, art og sort så gav Claus Dahlby ei god forklaring for det. Tenk på flyselskapet SAS, første S står for slekt og den kan vere stor og er delt inn i mange A som er artar, artane kan verte delt inn i mange S som står for sort.
Td. Primula japonica 'Postford White' , her er Primula slektsnamn, japonica er artsnamn og 'Postford White' er sortsnamn. Slektsnamnet skal ha stor bokstav, artsnamnet skal ha liten bokstav og i sortsnamnet skal kvart ord ha stor bokstav, det skal  skrivast mellom ' ' og i kursiv. Eg skriv mellom    ' ' , men droppar som regel kursiv fordi eg er litt lat.

Eg skriv berre det botaniske namnet, det er i hovudsak frø av stauder eg har, men der eg veit at det er sommarblomar eller to-årige så skriv eg det.

Dersom de finn noke av interesse på lista så send ein epost til else53@hotmail.com  .
Eg sender i den orden eg får inn tingingane. Nokre sortar har eg mykje frø av og andre kan det vere så lite som ein par porsjonar.
Når de har fått frøa så kan de overføre betaling til 3741 10 25455. Det kostar porto + 1 kr pr frøsort.

Dersom nokon har frø av stauder som kan vere av interesse så byter eg gjerne i det.

Allium cernuum

Ammi majus - ettårig -tomt

Angelica gigas - to-årig, men dersom blomane vert kutta før frøa utviklar seg kan den vere fleirårig

Astrantia major

Calceolaria 'Calynopsis' ettårig, tøffelblomst som kan vere ute om sommaren og tåler ned mot ein par kuldegrader. - tomt

Capnoides sempervirens - ettårig - tomt

Cephalaria gigantea

Clematis alpina

Dahlia coccinea - vill sommargeorgine - men ta opp knollen om hausten så har du plutseleg ei knollgerorgine

Delphinium sp - blå, regnsterk

Digitalis grandis

Geum rivale

Geranium pratense striatum 'Splish Splash' - utseld

Geranium sanguineum

Heuchera cylindrica 'Greenfinch'

Knautia makedonica 'Red Knight' utseld

Ligularia sibirica  - eg synest at den eg har er meir mot orange enn biletet her syner

Lysmachea atropurpurea - det som eg trudde var frø var ikkje frø, diverre

Meconopsis baileyi

Meconopsis grandis

Mertensia pterocarpa - utseld

Polemonium pauciflorum - tomt

Primula japonica 'Postford White' - tomt

Primula waltonii  raud form - utseld

Salvia nemorosa - utseld

Silene asterias

Tellima grandiflora

Tropaeolum speciosum - tomt

Verbascum phoeniceum 'Violetta'  Denne trur eg er frøekte. - tomt

Veronica gentianoides


2 kommentarer:

  1. Her var det mykje snop, og eg er så heldig å ha meldt meg på frøboksane :) Så fin og grei forklaring på rett skrive botaniske navn på planter! Her blir det nok synda mykje, meg sjølv inkludert, men no skal eg huske det heretter :) Takk for det!

    SvarSlett
  2. Det er masse flotte frø i frøboksane.
    Når det gjeld dei botaniske namna så har eg slite ein god del med dei, men ser heilt klart at skal vi vere sikre på å snakke om same planta så må dei brukast.

    SvarSlett