I går potta eg om tomatplantene i rein kukompost, det var ikkje alle som hadde vokse ut av potta, men i eg tok alle som var sådde først. Eg har to andre sortar som var sådde mykje seinare så dei skal få stå.
Sommargeorginene fekk og komme i større potter med kukompost.
I dag var det dei største astersane som hadde flyttedag, det same hadde dei største pyntekorgene.
Så no vonar eg berre på litt stabil nattetemperatur over 4 C, så eg kan setje ut dei små staudespirene. Eg kjem til å dekkje dei med fiberduk den første tida, men det er ikkje så gunstig med så kald jordtemperatur som det fort kan verte no i april, så eg trykkjer plass til alt eg kan i drivhuset. Eg veit av erfaring at det er utruleg kor mykje eg kan få plass til i eit tilsynelatande overfylt drivhus.
Vi er nu i ei koselig tid Else, oss som driver med blomster og hage :)
SvarSlettHa en fin kveld.
Lisbeth :O)
Ja no er det herlege dagar, eg gler meg til neste dag kvar kveld eg går til sengs.
SlettGod natt Lisbeth :)
Hyggelige arbeidsoppgaver, og der minte du meg på at jeg må ta georginene opp fra kjelleren, det hadde jeg glemt. Hilsen Ingeborg fra fruhaldshage.blogspot.com
SvarSlettEg har ikkje teke opp knollgeorginene enno, men det nærmar seg.
SlettDine planter har kommet veldig langt! Tenker de kommer til å vokse mye fremover :)
SvarSlettTakk, eg er godt nøgd. Passar sjølvsagt å ta bilete av dei finaste.
SlettHei Else:)
SvarSlettSelger du planter ennå?
Kan du sende meg din e-post ( ingemaa@live.no)
Ja, drivhuset er ganske overfylt her også med kalde temperaturer ute. Så at du var på besøk i Haugesund, så hyggelig, der bor jeg. Hilsen Ingeborg fra fruhaldshage.
SvarSlettEg har ein son som har busett seg her i Haugesund. Han har sambuar og to born, så vi er her nokre gonger for året. Svigerdottra her er og litt interessert i hage og blomar så då får eg litt avsetning på plantene eg alar fram
Slett