lørdag 22. desember 2012

mandag 15. oktober 2012

Fargar om hausten

Anne på Moseplassen har utfordra oss til å delta i konkurranse med bilete av Høstblader, det er alltid kjekt å ta del i konkurransane hennar. Denne gongen og ofte tidlegare gonger så kan ho lokke med supre premiar. Men for eigen del så deltek eg, i tillegg til at eg har kjempelyst på premie, for utfordringa sin del. Denne gongen har eg hatt fleire turar rundt huset for å finne gode motiv. Vinnaren min denne gongen vert biletet under.

Cobea scandens og Rhodochion atrosanguineus, klokkeranke og blodbeger. Desse to har ikkje dei vanlege haustfargane, men fargane dei får om hausten passar godt ilag og dei er berre heilt nydelege. Desse to plantene har eg i ei stor potte, og dei kler stammen på ein apal. 
Andre motiv som eg og likte kjem under, og kanskje hadde dei vore lettare å vinne fram med i konkurransen, men eg likte så godt fargen og forma på lauva over.











lørdag 13. oktober 2012

HAUST

Phlox og Lobelia

Denne brukar å vere som ein magnet på humler og sommarfuglar, men i år er dei totalt fråværande. 
Ei sjølvsådd Alonsoa meridionalis, Vippeblomst, som held stand mellom rosene.

Eg tok opp Dahliaknollane for 2 veker sidan og då kom denne fram att, Helleborus corsicus, med varigert lauv, imponerande vekstkraft i denne sorten juleroser.

                                 



Heuchera, alunrot, ilag med Marikåpe.

 Astrantia major, stjerneskjærm, eg sådde dei i 2010 og plata dei ut i år, ganske små planter enno, men fine, eg håpar dei veks seg store med tida.

 Ein eller annan art av Skjærsmin står vakkert mot blå hausthimmel.

Er ikkje dette ein vakker kløver kanskje? Det er Trifolium rubens.

Andre året eg har sådd Coben scandens, Klokkeranke. Dei treng  lang tid på å setje blomst, men der eg er ute etter flotte haustfargar, så er dette eit godt alternativ.


Cornus alba Sibirica Variegata får fine haustfargar.

Eg har fått inn alle potter med Fuchsia i drivhuset, men har ikkje pakka ned plantene enno. 
I går fekk eg operert venstre handledd, karpaltunnelsyndrom, så no lt eg halde meg unna hagearbeid for ei tid. Men for eit hagemenneske som meg, som startar frøsåinga og sesongen om 2 og ein halv månad så hadde eg ikkje kunne planlagd tidspunktet betre sjølv. 
Ynskjer dokke alle ei god helg!

tirsdag 25. september 2012

Nytt veksthus og nyvaska drivhus

 Fredag var det nye veksthuset på plass, så so er eg såvidt igang med å flytte inn staudepotter til overvintring. Eg reknar med at det er for tidleg å setje inn staudene med mykje lauvverk, eg er redd det vert grobotn for sopp og mugg dersom dei kjem inn i eit tett hus. Så eg reknar med at eg må vente til temperaturen går ned ein god del før eg set inn alle pottene. 

I dag har eg vaska ned drivhuset. Det er alltid ein god følelse når huset er reint og står klart til neste sesong. I år brukte eg Bio-clean frå Plantasjen og det funka godt. Eg blanda det ut i vatn og i mangel på ei god sprøyte så hadde eg det på med ein kost. Så spylte eg det reint etterpå. 

No har eg teke inn den automatiske lukeopnaren, det er fort gjort å gløyme den før frosten sett inn, men no er den komen inn i varmen. Kassane som eg har hatt tomatar i har eg tømt, vaska og dei står til tørk.                                                                             I morgon skal eg rydde vekk frostskadde sommarblomar som står i beda, og så skal eg fylle inn med stauder. 

Håpar ALLE får ei god haustveke!


onsdag 19. september 2012

Litt av kvart

Dette er ingrediensane som eg brukte til å lage Tomatmarmeladeav grøne tomatar etter Gunda Djupvik si oppskrift. Eg såg innslaget på Førkveld og fekk lyst til å prøve ettersom eg har mange umodne tomatar i drivhuset som eg har lite håp om modning på. Marmeladen min vart ganske tynn, så dagen etterpå kokte eg han oppatt og hadde på syltepulver. No har eg 5 små glas med herleg marmelade som eg skal bruke på ost. Eg reknar med at det kan verte fleire bruksmåtar etterkvart som eg prøver meg fram. Meir marmelade kan det verte og for eg har meir tomatar i drivhuset.


Ramma til veksthuset frå Efferus kom opp i dag. Her skal staudene som står til venstre i biletet ha vinteropphald. 


Dette er Knautia macedonica, Red Knight, eg sådde dei i januar så det har gått fort å få plantene fram til blomst. Veldig fin farge tykkjer eg.


Eg trur dette er Gaillardia aristata, Burgunder, men fargen er slett ikkje lik. Det vil seie raudfargen er lik, men heile blomen skal vere einsfarga som den heilt innerst på kronblada. Eg får vente å sjå neste år, denne er og frå årets sådd.


I dag såg eg årets første dryss av snø i Moldura. 


mandag 17. september 2012

Eg hadde tenkt......

 å vere med på Anne på Moseplassen sin konkurranse om det finaste i hagen no, men når det ser slik ut..

...og slik ut...


...og slik ut, så er det ikkje mykje å by på.


I dag letta det såpass at eg fekk ta litt bilete, men det er ikkje det heilt store.


Desse løvemunnane, Anthirrum, Hohe Mischung, gjer det dei kan for å muntre meg opp.


Revehale, Amaranthus caudatus, Pony Tail, slær heller ikkje feil sjølv om det regnar i bøtter og spann i ein månad til ende. 

No er konkurransen over for denne gang, men eg skal ta meg tid til å sjå på bidraga som er komne inn og vere med å stemme fram ein verdig vinnar. 

Det ser ut til at vi skal få nokre timar utan regn denne veka, så då skal eg iallefall ut og rydde i beda og klippe vekk det som er stygt. Ha ei god veke alle bloggvenner! 

torsdag 30. august 2012


August og september er tida for dei store knollgeorginene, Dahlia, og eg viser her eit lite knippe av dei som no er i gang med blomstershowet sitt. I år har det tydelegvis vore eit perfekt år for å få fram store flotte georginer. 

Dei treng rikeleg med gjødsel og vatn heiter det, vatn har dei fått godt av i juli og i august, i juni vatna eg dei rikeleg. Gjødsel fekk dei då eg planta dei i sommar, rikeleg med hønsegjødsel og beinmjøl. Eg hadde rekna med at eg måtte fylle på med gjødsel i juli, men dei viser ingen teikn til næringsmangel, snarare tvert imot. Det har vore litt lite med sol i det siste, men det kan eg ikkje gjere noke med. 


 


Denne er ny av året, og ifylgje lappen så er det ei kaktusgeorgine som heiter Fringed Star. 





Til slutt eit oversiktsbilete sett frå gangdøra. Den kraftige planta litt til høgre er duehovud, Chelone obliqua, det viser ikkje så godt på biletet men ho er har ein klematis som slynger seg i henne og ein Cosmos. Dersom hausten sler til med sol og varme så vert det eit flott felleskap. Då vert det nok skrytebilete.                       Hausten står for døra, denne veka har vi hatt ei natt med 3,5C, men no har det kome oppatt på omlag 10C om natta. Dette minner meg om at det no er på tide å gå ut å late att drivhusdøra for natta. I morgon skal vi til å rydde midlertidig plass til plastdrivhuset som skal huse staudepottene i vinter.                       Då må de alle ha ei god helg!                                                              PS. no har eg fjerna dette herket med at det må skrivast inn tal og bokstavar for å få posta kommentar på bloggen min. Eg var ikkje klar over at eg skulle ha haka av på ein annan plass på innstillingar. Gje ein lyd dersom det ikkje funkar no.                   Men no har eg lese i Anne på Moseplassen sine instruksjonar og funne ut av korleis ting kan gjerast. 


lørdag 25. august 2012

Eg trur dette er Verbascum thapsus, filtkongslys. Det er no eg verkeleg forstår kvifor Verbascum har fått namnet kongslys.

Det er ei frisk, god lukt av sitron av blomane,  det står ei Verbascum nigrum attmed og der er lukta meir ubestemmeleg. 

Ellers så er filtkongslys ei plante med som har mange medisinske eigenskapar, især mot forkjøling. Alt dette og mykje meir kan lesast på Urtekildens planteleksikon.  Verbascum er tilliks med røvebjøller ein viktig del av hagen min, og no har eg fått endå to favorittar, i tillegg til Verbascum phoenicum som eg har masse av frå før.

Så har Marit laga ein ny Give Away, med flotte premiar. 

Så ein liten reklame for Marit sin blogg, der er eg fast lesar, om eg ikkje alltid er like flink til å legge att kommentar. Det er ei dame med mykje kreativitet, flott humor og så tek ho så flotte bilete,  berre sjå biletet under.