onsdag 30. april 2014

ASPARGESBEDET MITT


I 2013 sådde eg asparges, Mary Washington, og dei spirte svært godt. Dei tålte godt å verte prikla og, overvintringa i potter gjekk og smertefritt, så i dag var tida for å plante nokre ut. 
Plantekassen er ikkje noke ringare enn sideveggar frå ei seng. Den har vi fyllt med kompost, jord og stallgjødsel. Så har vi hatt i litt sand og tilslutt eit dryss med kalk.
Eg har planta 14 aspargesplanter oppi her, når dei har fått vokse seg til litt så skal dei hyppast slik at rotkruna kjem godt under jorda. Eg får vel ta meg ein tur i fjæra å hente tang og, for det har eg lært at aspargesen vil ha. Men enn så lenge så tenkjer at plantene er overlukkelege over å ha fått plass til røtene som var på veg til å ville kveile seg rundt i pottene. 
Neste aspargesprosjekt vert å potte resten av aspargesplantene over i større potter slik at røtene der får god plass til å utvikle seg.


SISTE VEKA I APRIL


Flott pulsatilla - kubjølle

 Dei gamle tulipanane i reint raudt og gult held stand. Det er nok heilt rett at desse held i mange fleire år enn dei som er meir foredla. Eg kan ikkje hugse kor tid eg sette dei, men det må vere over 25 år sidan. Eg trur aldri at dei har vore i full blomst siste veka i april tidlegare.
Akeleie som snart er i full blomst.


Valmuesøstrene, Meconopsis, har fått store knoppar alt.


Dette var utsikta frå gangdøra 28. april. Eg har sett litt på bilete frå i fjor og då var det slutten av mai før det var tilnerma likt dette.
I dag uler nordavinden rundt novene, så no vart det tid for eit blogginnlegg og brødbaking.
Ha det rett godt alle som er innom!

fredag 25. april 2014

GRØNSAKFRØA ER SÅDD


I dag har eg sådd i grønsakskarmane mine. Førsøket i fjor var så vellykka at eg fekk mannen min til å lage 3 nye i år. Dei er fyllte med hestegjødsel, kompostjord og vanleg jord, så alt skulle ligge til rette for god avling. Eg har sådd Spinat - Matador, Bladbete, 
Gulrot - Fancy Nantes, Amsterdam Forcing og Gulrotmiks, Pastinakk - Student, White Gem og Gladiator, Rotpersille - Halvlång Berliner, 3 sortar salat, så har eg forsådd 3 sortar lauk - Sturon, Red Baron og Long Red Florence. Ingen av desse har eg bløytlagd, eg vatna såfura godt så då reknar eg med at det går bra. Eg skal legge føra av bondebønner, Witkiem, i bløyt idag og så i morgon. 
Seinare skal eg så raudbetar - Bolivar og Chioggia. Dei sådde eg i fjor og, utan at det vart brukande resultat, men eg har tenkt å prøve att i år. 
Sukkererter og pastinakk skal eg så seinare. 
I år har eg kjøpt økologiske frø frå Runåbergs frøer, eg dyrkar økologisk, og då tykkjer eg at frøa og kan vere økologiske. I tillegg har eg kjøpt boka som dei har: Runåbergs frøer - Grønsaker, kryddor och blommor for nordiska trædgårdar. Den boka er verkeleg å anbefale for dei som vil lære meir om grønsaksdyrking.
No skal eg i drivhuset og vatne, det har vore fine dagar i det siste så då treng plantene stadig vatn. Eg vatnar med veldig svakt gjødselvatn istadenfor å passe på at dei skal få gjødsel ein gong for veka. 
Eg ynsker alle ein super fredag.

torsdag 24. april 2014

VÅREN ER HER


Påska med med sine herlege, travle dagar er over, og det er tid for å vere i hagen og drivhuset att. Det er uvanleg tidleg vår dette året, alt er frodig og grønt. No har eg flytta alle plantene, tomatane og, ut i drivhuset. Nattetemperaturen er på mellom 8 og 10 C, så dei siste netene har eg ikkje hatt varme på, men eg reknar med at det kjem kaldare neter att så ovnen står der enno.
I beda har dei første tulipanane sett igang blomstringa, den tidlegaste pionen viser farge på knoppane, og det er like før den tidlege klematisen blomstrar.
Ha ei flott vårveke alle!


søndag 20. april 2014

DEI FØRSTE STAUDENE ER KLARE FOR SAL

No er plantelista klar. Eg har lagt ut namn på dei sortane som er komne best igang etter vinteren. Lista finn de til venstre på bloggen. Ein av sortane er Geranium pratense striatum ex 'Splish Splash' som er på biletet over. Eg har ei rikhaldig såliste for i år, nokre av plantene er snart på veg ut av priklepottene og då vert salgslista oppdatert med nye sortar. 

onsdag 9. april 2014

GODE DAGAR MED LITT AV KVART


I dag har eg fått georgineknollane i potter, dei aller fleste hadde fine spirer, men eg har no fått jord på alle så får vi sjå kor mange som kjem. 

Fuksiane har fått jord rundt røtene sine og no ser det ut til at lusa har funne ut at der ikkje er leveleg, så då ligg alt til rette for fine planter i år og.

Dei siste åra så har eg laga til amplar med lobelia og blodbeger. Eg brukar lecakuler i botnen, så fyller eg på med god jord og langtidsgjødsel. Eg har 3 blodbeger og 3 potter med lobelia oppi. Så henger eg dei i taket i drivhuset slik at dei kan vekse seg kraftige og flotte til det er temperatur til å ta dei ut.


Biletet frå gangdøra 7. april, same dagen fekk plenen ein stuss. Det er mange stauder som er på gang her. 

Resirkulering. Eg er så heldig at naboar og andre som kjenner til hobbyen min tek vare på pottene frå plantekjøp gjennom året og leverer dei til meg. For meg så er det ei kosteleg gåve. 

Pionfrø som spirer, i potta framme til venstre er det ei spire av ein trepion. Eg har sådd frø av den tidlegare og utan resultat, men no vert det nok ei ordning.

Så er rosebuskene stussa og stelte. Masse grøne fine spirer. Eg var litt uroleg sidan dei starta spiringa i vinter, men det har gått heilt fint. Har kjøpt inn hønsegjødsel som dei skal få litt av i løpet av veka. Ingen roser har gått ut i år. 

Som om ikkje alt det ovanfor er nok så har eg laga til masse planter til hagelaget sin Planteloppemarknad. No er eg igrunnen såpass sliten at eg er fornøgd med at det er meldt masse regn i morgon.
Så er det visst noke med at Vårherre byr på regn slik at dei hagegale kan få gjort noke innomhus og. Så då ynskjer eg dokke alle gode dagar, ute som inne!

søndag 6. april 2014

PULSATILLA OG VÅRONN I STAUDEPOTTENE

Desse nydelege kubjøllene, Pulsatilla, er mi store glede no om dagane. Eg har nokre fleire som ikkje er komne i blomst enno, så eg er spent på kva slag farge dei har. 




For to veker sidan starta eg opp i drivhuset, då rydda eg litt og sette på varme. Så flytta eg dei nyprikla plantene ut frå planterommet og no står dei der og kosar seg og veks og trivast. Eg har og teke inn dei såpottene som har stått ute i ein og to vintrar og det er like spanande kvar morgon eg kjem ut om nye spirer dukkar opp. 
 No har det vore nokre fine dagar der eg har kunne sitje ute og sjå over staudepottene som har vore inne i det eg kallar veksthuset til overvintring. Som eg skreiv tidlegare så har mysene hatt fest og det var litt leit å sjå at av nokre sortar så hadde dei gjort reint bord. Men det er ganske mange stauder att, nokre er i god vekst og andre kan eg såvidt skimte liv i potta. 
Primula japonica her ikkje stått på musemenyen

heller ikkje denne sorten Geranium.

Clematisane har overlevd og dei er i god vekst.

 Etter at staudene flytta ut så har fuksiane fått flytta inn. No har eg potta dei opp og dei får jamleg dusj av det eigenproduserte lusekverken. Det kan sjå ut til at den virkar, for no ser eg ikkje meir til lusa.
Aspargesen har iallefall ikkje vore musemat, der er nesten hundre prosent overleving. Det vert både asparges og stauder å kjøpe etter påske, eg trur ikkje eg rekk å få klar lista før påska er over. So er det jo og kjekt å sjå at plantene er i god form før eg sender dei avstad. Då ynskjer eg dokke alle ei flott veke. Her skal det hagast og bakast i kommande veke.