tirsdag 26. juni 2012

DRIVHUSET SISTE VEKA I JUNI

Her står tomatplantene på rekkje og rad.

 Amazon Chokolate, store flotte bifftomatar.
Bloody Butcher har fått litt farge. No er det like før det brakar laust med tomatmodning. I år ser eg verkeleg lyst på det. Det skal nok verte tomatar av alle slag og litt for alle smakar.

BLOMSTRING SISTE VEKA I JUNI

Dette bedet har eg tenkt skal vere blått, men så tronar det ei stor raud valmue midt i.

Dette bedet skulle i utgangspunktet vere eit reint rosebed, og eg brukte fleire å på å bestemme meg for å plante inn stauder og sommarblomar. Etter at mange roser fraus  forrige vinter, så vart det enkelt å bestemme seg for at no var det på tide å få inn noke anna. No er det dominert av røvebjøller. Langs vegkanten står det månadsjordbær og lavendel. 

Her er rosebedet til venstre og georginebedet til høgre. Det er overvintra og litt nye knollgeorginer som står her.

 Dette er eit bed med stauder og litt sommarblomar etterkvart. Enno er det heilt dominert av røvebjøller og kongslys. Den berre molda til høgre er siste nye del av blomstrebedet som skal fyllast med nysådde stauder og sommarblomar.
 Her er gangen opp til drivhuset og til høgre står det Nicotiana, tobakksplanter, Helianthus, solsikker og 3 sortar Rudbeckia, flekksolhatt. Og så er det tusenfryd.
 Dette er Papaver somniferum, Paeony Flemish Antique. Aldeles forførande vakker, og denne sorten skal vere gjenkjend på teikningar frå 1659. No er ikkje den første blomen som har opna seg så fylt som på bileta, så eg får vente å sjå om ho vert meir lik. 
 
Silene asterias er ei plante som godt kan brukast lupe på blomsten. 
 Dette er Schizanthus wisetonensis, Monarch, hagesplittblom eller fattigmannsorkide, dei har ein ufatteleg blomstrerikdom.
 
Polemonium pausiflorum, frøa til denne har kome frå UnaCita, og det er så vakre blomar at dei er vel verdt å legge seg på kne for å nyte.
 Lamarkia aurea, gullgras.
Vi har smakt på dei første månadsjordbæra, nam nam...

Geranium pratense striatum, Splish Splash, frø frå Magnar. Denne er eg stolt av.

Iris

Phlox drummondii, Sternensuber Mischung

 Mimulus lewisii
Pottene ved inngangsdøra, har fått sjølvsådde lobelia i fargeblanding, Amaranthus og raudblada kløver. Eg er veldig fornøgd med fargane, og etterkvart som Amaranthusen veks så vert det litt høgde og.

Dette er litt av blomane på Amfjell no. Vi har nesten ikkje hatt regn sidan 18. mai. Regnet har tørka før det har rokke bakken. For min eigen del så kan det ikkje falle meg inn å klage, eg har rikeleg tilgang på vatn og god tid til å vatne. Det kan verte mange år til neste gong det vert så lite regn. No er det tretti år sidan.
Håpar de alle kan nyte denne siste juniveka - det skal eg!
Og tusen takk for alle kommentarar til innlegget om røvebjøllene mine.

Endå ei..


Jammen var det ein farge til mellom røvebjøllene mine. Denne er lys gul og har eit mykje lysare bladverk enn dei andre og.

fredag 22. juni 2012

RØVEBJØLLEBLOMSTRING








Eg er veldig glad i Digitalis, røvebjølle, og frøplantene skal ha plassert seg veldig dårleg før eg har hjarte til å ta dei vekk. I 2011 sådde eg tre ulike sortar frå frøboksen, rosa, gul og fargeblanding. Den gule spirte dårleg og eg trur ikkje at den har overvintra i beda, men ellers så har det dukka opp variantar som eg ikkje har hatt før. 
Er Digitalis frøekte, eller kjem det nye variantar dersom eg tek frø av dei som eg gjerne vil ha fleire av? Eg veit at av den kvite som av og til kjem mellom dei ville kan vere eit tilfeldig blaff. Eg har hatt dei av og til, for so å verte heilt vekke att.
Eg har fått melding om at det er pakke på veg frå den hemmelege hagevenen min, så no ventar eg i stor spenning på kva den inneheld. 
Ha ein blomstrande fredag.

søndag 17. juni 2012

PIONBLOMSTRING



Først vil eg ynskje alle som måtte vere innom bloggen ein retteleg god søndag. Det er nok mange hagevandringar på gong både i eigen hage og i andre sine hagar i dag. Eg skal vandre i min eigen og nyte synet av alt som er på gang. Ettersom veiret ikkje inviterar til å sitje ute i ein solstol så kjem eg nok til å kike innom ein god del bloggar og gjennom dagen. Eg er ikkje så flink til å kommentere som mange av dokke er, men det får så vere. Eg set stor pris på, og er svært glad for kvar gong noken legg att ein kommentar!

Så til pionen på biletet. Denne har eg arva av ei tante. Han er den første som blomstrar, og eg har han fleire plassar. Han utvidar seg godt og eg har teke mange avleggarar av han og potta opp. Han vert ikkje så høg at eg treng å gje han støtte under blomstringa. Dersom det er noken som kan identifisere han så er eg takksam. 

onsdag 13. juni 2012

Tellima grandiflora


Denne har eg skrive om tidlegare på bloggen på grunn av at ho var så grøn og fin tidleg i vår. 
Dette biletet er frå ein annan stad i hagen, og ei anna plante. Sjølv om blomsterstenglane er ganske lange, omlag 50 så gjer ho ikkje så mykje av seg no då det er så mykje anna som vil vise seg fram. Men eg har oppedaga to nye goder med planta og det er lukt og snitt. Ho omgjev seg med ei svak, behageleg lukt som eg ikkje heilt veit kvar ho kjem frå, før eg luktar på dei små blomane. 
Eg har og prøvd blomsterstenglane i bukett og der står dei veldig fint, og passar til det meste. 
Med andre ord, dette er ikkje planta du stormar fram til på hagesenteret, men ho er vel verdt å stifte nærare kjennskap til.

søndag 3. juni 2012

Eg har planta eit rosetre......




Biletet over har eg kopiert frå Spanne plantesalg i Haugesund, der eg kjøpte rosa, etter god rådgjeving.   Det er Rosa wichuraiana, New Dawn, ei slyngrose som kan verte heile 6 m. Eg har planta ho attmed eit epletre som er ganske høgt og ynskjet mitt er at ho skal vekse godt opp i treet og boltre seg der. Fargen er sart rosa som biletet viser, blomane er begerforma og halvfylte og dei er medium parfymerte. Rosa hadde sin start på  Sommerset Rose Nursery  i 1930, så det er ikkje noka moderne rose. Lauvet er lysegrønt og skinande og det ska vere ei frisk og hardfør rose opp til H6. Det er første gongen at eg plantar rose for at ho skal vekse opp i eit tre, så eg er rimeleg spent på om det er noke som let seg gjere her på veirharde Vestlandskysten, men det er forsøket verdt. 
Eg gler meg til at rosa veks seg til og blomstrar, då skal eg sitje ved drivhusveggen og nyte tilværet endå meir enn no.
Det var jo lite tenkt at eg ikkje trykte ned ein klematis på same tid, så det trur eg at eg må få gjort med det aller første, så vert det endå meir å glede seg over.