Viser innlegg med etiketten Georginer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Georginer. Vis alle innlegg

fredag 6. juni 2014

FULL FRES I HAGEN

Våren og sommaren solangt har vore uvanleg varm og fin dette året. Det ber plantene i hagen og preg av. For mange planter sin del så er dei tre veker tidlegare enn vanleg. Det er knapt så eg rekk å registrere alt som skjer, langt mindre få det notert og kommentert her på bloggen. Det var jo det som var den eigentlege grunnen til at eg starta blogging. Eg kjem nok til å angre at eg ikkje tok meg tid neste år og seinare når eg skal gå attende for å sjå kva som skjedde i 2014.


Alle akeleiene står i blomst og dei har eg mange av.

Silene asterias, stjernesmellene, mine er og riktblømande.



Mertensia pterokarpa, steinøsterurt, står med sine yndige blå blomar. No har eg massevis av Mertensia virginica, klokkeøsterurt, som står og veks seg til i potter. Sålangt så er dette ei planteslekt eg vil prøve meir av.
Dette trur eg må vere Primula ioessa, men eg har iflg. listene mine ikkje sådd den før i år, så sanneleg om eg veit. Fin er ho.
Akeleie med mange skjørt.
Aquilegia McKana Giant, ingen tvil om det.



Fantastisk intens farge på nyutsprungne humleblomar. 

I går tok eg opp tulipanløkane som stod i det kombinerte tulipan/georginebedet. Eg jordslo løkane slik at det kanskje vert like fin bløming neste år. Eg kjem nok uansett til å kjøpe fleire løkar for erfaringa er at dei foredla sortane ikkje kjem så godt att som dei gamle gule og raude. Bedet har vore gjødsla med beinmjøl, no hadde eg på hønsegjødsel og kompost før eg planta georgineknollar og dei villgeorginene som er sådde frå frø, samla i 2013. 

onsdag 9. april 2014

GODE DAGAR MED LITT AV KVART


I dag har eg fått georgineknollane i potter, dei aller fleste hadde fine spirer, men eg har no fått jord på alle så får vi sjå kor mange som kjem. 

Fuksiane har fått jord rundt røtene sine og no ser det ut til at lusa har funne ut at der ikkje er leveleg, så då ligg alt til rette for fine planter i år og.

Dei siste åra så har eg laga til amplar med lobelia og blodbeger. Eg brukar lecakuler i botnen, så fyller eg på med god jord og langtidsgjødsel. Eg har 3 blodbeger og 3 potter med lobelia oppi. Så henger eg dei i taket i drivhuset slik at dei kan vekse seg kraftige og flotte til det er temperatur til å ta dei ut.


Biletet frå gangdøra 7. april, same dagen fekk plenen ein stuss. Det er mange stauder som er på gang her. 

Resirkulering. Eg er så heldig at naboar og andre som kjenner til hobbyen min tek vare på pottene frå plantekjøp gjennom året og leverer dei til meg. For meg så er det ei kosteleg gåve. 

Pionfrø som spirer, i potta framme til venstre er det ei spire av ein trepion. Eg har sådd frø av den tidlegare og utan resultat, men no vert det nok ei ordning.

Så er rosebuskene stussa og stelte. Masse grøne fine spirer. Eg var litt uroleg sidan dei starta spiringa i vinter, men det har gått heilt fint. Har kjøpt inn hønsegjødsel som dei skal få litt av i løpet av veka. Ingen roser har gått ut i år. 

Som om ikkje alt det ovanfor er nok så har eg laga til masse planter til hagelaget sin Planteloppemarknad. No er eg igrunnen såpass sliten at eg er fornøgd med at det er meldt masse regn i morgon.
Så er det visst noke med at Vårherre byr på regn slik at dei hagegale kan få gjort noke innomhus og. Så då ynskjer eg dokke alle gode dagar, ute som inne!

søndag 13. oktober 2013

Snart midtvegs i hausten

Det har bokstaveleg tala runne mykje vatn sidan siste blogginnlegget mitt. Litt har skjedd i hagen på Amfjell sidan sist. Det som er viktigast for bloggen sin del er å oppdatere kva som er gjort av haustarbeid.


For 10 dagar sidan så tok eg opp georginene mine. Det hadde ikkje vore frost på dei, men eg er avhengig av å arbeide når forma er der, og då passa det best. Det hadde vore opplett nokre dagar så jorda var tørr og fin. Så då tok eg opp alle georginene som var sette frå knoll og villgeorginene som eg sådde i vår. No ligg dei til tørk i veksthuset, der er det luftig og fint når eg har sidegardina oppe. Dei som viser på biletet her på venstre side er alle av villgeorginene, og no tek eg inn frøkapslar og tek frø etterkvart som dei modnar.
Så er det noken av lesarane her som har lyst på ein pose med frø så må de gjerne seie frå. Eg deler gjerne ut som takk for alle hyggelege kommentgarar som de har lagt att sidan eg byrja å blogge.

I går og i dag har det vore flott temperatur og eg har teke inn alle fuksiaplanene mine. No står dei i drivhuset til avmodning, før eg set dei vekk for vinteren.

Pottene er vaska og klar for ein ny sesong.
Det er tre veker sidan eg tømde drivhuset, tømde kassane som det hadde vokse tomatar i og fekk vaska både hus og kassar. 
Tomatåret er det beste eg har hatt, men eg kunne nok håpa det hadde vore endå betre. Eg har fått ein del glas med gode Henkogte tomatar. I fjor laga eg marmelade av resten av dei grøne tomatane, det var ganske godt, men vart ikkje brukt så mykje av, så i år tok eg eit kilo små grøne tomatar som eg har eddiksylta. Skal verte spennande å prøve det i romjula.

fredag 30. august 2013

GEORGINE I UTVIKLING


Denne georgina har vore knollgeorgine i 3 år, etter at eg sådde ho som frø i 2010. Ho har heile tida hatt enkle blomar som blomen nede i høgre bildekant, men no er ho plutseleg komen med mykje større doble blomar. Biletet er frå same plante, teke i kveld, og ikkje manipulert. Er det andre som har hatt liknande erfaring? Eg har ikkje lagt merke til det før.

fredag 23. august 2013

VILLGEORGINER

Eg vert meir og meir begeistra for villgeorginene mine, Dahlia coccinea. Ikkje fordi at dei er så spesielle korkje i farge eller variasjon i blomsten, men dei er veldig blomsterrike, på kraftige stenglar. Blomstrene står lenge og dei tåler regn. 










Insekta er og veldig begeistra.

søndag 12. mai 2013

VÅRTEIKN I OG UTANFOR DRIVHUS OG VEKSTHUS

Her kjem eit ras av bilete, mesteparten er frå planteproduksjonen min, det er i hovudsak den som fyller tida mi no. Takk og pris for gode fleece-klær. I kvilepausane så er eg stadig inne å sjekkar Yr og Storm, dei lovar betre temperaturar fram til neste helg. Så då set eg min lit til fleece til meg og fiberduk til plantene.


Denne kassen har eg vist før, frå eg den 8. april delte ein georgineknoll  , Dahlia, og no poppar det opp med spirer. Slike knollar treng litt tid til å komme i gang, men no kan eg potte dei opp i større potter, om eg vil, eller passe på å vatne med gjødselvatn og gje dei lys og vern mot frost, så vil det vere flotte planter å plante ut om 3 - 4 veker. 


Matthiola, levkøy, med Ageratum, blåkorg i bakgrunnen. Dette er sommarblomar som eg har sådd for første gong i år. 


Blodbeger har eg sådd kvart år, og i år har eg endeleg rikeleg med planter. 

Phlox drummondi, fargerik og fin sommarfloks.


Middagsblomar har eg sådd kvart år, i år breisådde og prikla eg. Det vert nok første og siste gongen. Vel er eg utstyrt med stort tolmod når det kjem til prikling, men desse var ikkje gode å ha med å gjere. Men no er dei i god vekst, ingen av dei tørka opp i jordskorpa, så eg fekk det til.


Ein låg og kompakt sort tomat som heiter Vilma, den kan stå inne og ute i potte og vert ikkje høgre enn 30 cm.


Dette er dei store tomatane, som eg har bestilling på.


Lobelia, tagetes, puslingkrage og nokre stauder. Desse har eg flytta ut, og no i kveld har eg dekka dei med fiberduk.


Slik ser det ut i veksthuset no, pottevis med georgineknollar som står og godgjer seg til sommaren. 


Så har eg planta opp ein del amplar, denne har fått lobelia i fargeblandin og blodbeger. Har fleire tingingar på desse.


Cosmosen står attemed drueplanta. 


Endå ei knollgeorgine, det vert ei stor kraftig plante av denne vesle potta.


Aquilegia, akeleie, i mange variantar klar for sal og bed.


Eg og mange av kundane mine har fått smaken på månadsjordbær, Fragaria vesca. I år har eg sådd heile tre sortar, dette er Mignonette som skal passe god i ampel.


Skrytebilete av sjølvsådd pion, i dag prikla eg to små planter frå frø eg sådde i august 2011. Det er tolmodsarbeide dette, men akk så godt å halde på med.


Utsikt frå gangdøra i dag, det vert litt lubnare i beda, bøane har fått litt grønfarge og trampolina er montert.
God søndag!



tirsdag 16. april 2013

LIV I POTTENE


Dette er Dahlia, georgineknollane som eg potta opp fro 12 dager sidan. På overflata har det ikkje skjedd noke som helst, kanskje er dei spirene som var der i utgangspunktet vorte litt kraftigare. Det er her det lett kan gå gale, at vi trur at dei treng vatn for å få fortgang, men då er det lett for at knollane rotnar.


Men her har det skjedd saker, sjå dei fine nye røtene som er på gang. 


Her og kjem det røter. Skal verte spennande å sjå om ein par veker om det er byrja å skje noke over jorda og.


Det er 28 dagar sidan denne fuksiaen vart opppotta. Her og er det mykje meir liv under jorda enn over. Utruleg kor mykje røter det er komne på desse vekene. 
Her gjeld det same som for georgineknollane, pass på så det ikkje vert for mykje vatning. Ta av potta og sjekk korleis det står til, då er det mykje lettare å kontrollere om det er fuktigheit nok i jorda.