søndag 30. juni 2013

EG PRØVER MEG PÅ Å SELJE STAUDER VIA POST

På venstre side finn de lista over stauder som eg legg ut for sal. Eg har bestemt meg for å ta steget ut å tilby sal av staudet på nett. 



 Dette er eit oversiktsbilete av dei største staudene som har overvintra i pottene.
Dette er Gentiana tibetica

Dette er stauder som har flytta ut av priklepottene for ein par veker sidan.


fredag 28. juni 2013

LOBELIA OG KONGSLYS

 Som dei som har følgt meg ei tid så veit dei at eg eg veldig glad i lobelia og kongslys, her er eit knippe av dei eg har i år. Den mørke øverst av kongslysa er Violetta, som heiter Purpurkongslys. 

VALMUESØSTRE MED VARIASJONAR


Valmuesøstrene som eg skreiv om i forrige innlegg har eg no sett endå litt nærare på. Her kjem eit bilete mitt litt variasjonar. Dei to kvite er Alba, den eine har 6 og den andre 4 kronblad. Det at det er ulike støveberarar kjem av ulik stadie i blomstringa.
Så har vi dei tre til venstre, her er det og 6 og 4 kronblad.
Dei to til venstre har ein mykje blassare farge enn dei andre. Dei har eg plukka i eit bed attmed veggen mot sydvest, der har eg 5 kraftige blå planter og alle dei har mykje blassare farge enn dei som står fritt i dei andre beda. Det ser ut til at der har alle berre 4 kronblad. Eg har og døme på at blomane står tett i ein krans som vist i forrige innlegg.
denne linken så ser eg at det er heilt vanleg med variasjonar i det som eg før kalla Meconopsis betonicifolia, men som no heiter M. bailey. 
På Hagegal gjekk det i fjor ein tråd om fylte valmuesøstre. Det vert spennande å sjå om vi får sjå noke liknande i år. 

onsdag 26. juni 2013

VALMUESØSTRENE BLOMSTRAR






Eg har vel sagt det før, men eg er veldig fasinert av fargen og blomsten på valmuesøstrene. No er eg så heldig at eg har valmuesøstre overalt i hagen og her er ein bukett kvite og blå Meconopsis betonicifolia.





Eg har oppdatert lista over planter som er klar for sal, ho er å finne oppe til venstre under Staudesal 2013.

onsdag 12. juni 2013

FØRSTE SUNDAG I JUNI

Eg har tenkt at eg skal fotografere dette motivet kvar sundag i sesongen. No er det heilt tydeleg at sommaren er her.



Månadsjordbæra lovar mange små munnfullar.


Denne er liten, men akk så vakker. 

I 2011 fann eg frøa til denne, Nerium oleander, som eg sådde og fekk 6 planter av. No har eg 4 kraftige planter og ei av dei har kome i blomst. Det stod på pakken at fargen er rosa, og eg har knapt sett ein vakrare farge. 
Så ein liten kommentar til aktiviteten min med torghandel og plantesal. Eg driv ikkje i stor stil på noke vis, men eg lagar ein del meir sommarblomar enn dei eg treng sjølv, fordi det er fleire som har lyst til å kjøpe av meg. Dei sel eg til nærområdet.
Så er det jo slik at eg stadig vekk får meir staudeplanter enn dei eg treng i eigen hage, og dei sel eg. Nærområdet vert då altfor lite, så då pakkar eg i bilen og prøver å få selt litt av overskotet. Eg kan jo forsåvidt sende planter i posten og, dersom det skulle vere av interesse. Utfordringa då er jo å finne ein god måte å pakke plantene på slik at dei kjem fram i god stand. Eg har jo kjøpt planter frå div. plantekatalogar der plantene har vore i ein temmeleg miserabel tilstand då eg opna pakkane.
Vel dette vart visst ein svært lang kommentar. Til dokke alle; Ha ei god veke!


fredag 7. juni 2013

TORGHANDEL

Slik ser det ut når bilen er fullasta med sommarblomar og stauder, og eg er klar for å fare på torghandel. Det tek litt tid og omtanke med sortering av høge og låge planter slik at eg kan setje kassar oppå einannan. Eg må jo helst ha med litt av kvart. For meg er det ganske arbeidskrevjande, men det gjev fantastisk mykje glede å komme ut å møte andre hageinteresserte på den måten. 
Dette var frå onsdagens handel i nabokommunen, i morgon skal eg stå i Parken i kommunesenteret. Så no er det påan att med sortering og stabling. Det er jo alltid litt spennande å sjå korleis handelen vert, i fjor var eg venta, då kom dei med øskjer og posar klar til å handle. Så er det ekstra kjekt og nesten litt rørande når det kjem ungar som vil handle, då får dei gjerne ei plante gratis. No er det akeleier i blomst som eg reknar med kan freiste. 


søndag 2. juni 2013

FØRSTE SUNDAG I JUNI


No er det like før....

Denne har blomstra ei god stund no.

Tellima grandiflora som står i knopp


Dodecatheon pulchellum, gudeblom, som eg sådde 13. nov. 2010. Dei spirte nesten hundre prosent, men har hatt stort fråfall. Eg sådde tre artar, det er naturleg nok vorte eind el surr i merkelappane etter kvart, men det er ikkje allverdens viktig om det er sp eller mix, sålenge eg ikkje skal selje frø. Eg kjøpte frøa av Akoen. I år skal eg for første gong få sjå dei i blomst, det er nok like før no. Reknar med at det kjem bilete ein gong i veka.


Så går turen inn i drivhuset, no er tomatplantene i god vekst, og nokre er i blomst, Black russian, over og Gardeners Delight, under. Eg har hatt det så travelt med å vatne alle pottene som står med planter i at eg har ikkje rokke å binde opp tomatane, men reknar med at det må verte ein ordning i løpet av veka. 


Ettersom eg nyt den store luksusen å ha eit hus til som eg kallar veksthus så har eg planta tomatar der og. I drivhuset har eg planta i murarbaljar, for der har eg støypt golv, men i veksthuset har eg jordgolv med trefjøler i midten, så har eg planta rett i jorda. Her er det Marmande VR som blomstrar.

Eg har ikkje sådd agurk i år, dette er melon. Honey Dew og Minnesota Midget. Eg har 4 planter som eg har planta rett i jorda i veksthuset. Ettersom eg har lese meg til så treng dei hjelp til befruktning, så eg får prøve å gjere ein innsats.

Fruktblomstring





Ipomeablomsten er open berre ein kort dag, men så er han så vakker at då må han nytast. 
No har vi hatt ei kjøleg og våt helg, etter ei varm veke. Men no ser eg at himmelen er blå i vest, og meldingane for kommande veke ser gode ut. Eg gler meg til ei ny veke i hage og drivhus. Takk til alle for hyggelege kommentarar som de legg att - god veke til dokke alle!