Alle frøa er samla i 2015, eg har ikkje så god oversikt over kva som er frøekte artar, så det skriv eg ikkje noke om. Der eg har namnet på sorten så skriv eg det. Men sortane er ikkje frøekte, så der vert avkommet meir likt arten.
Eg må innrømme at dette framleis er eit felt der eg er på uhyggeleg tynn is, så lyt de ta det for det det er. For å skilje slekt, art og sort så gav Claus Dahlby ei god forklaring for det. Tenk på flyselskapet SAS, første S står for slekt og den kan vere stor og er delt inn i mange A som er artar, artane kan verte delt inn i mange S som står for sort.
Td. Primula japonica 'Postford White' , her er Primula slektsnamn, japonica er artsnamn og 'Postford White' er sortsnamn. Slektsnamnet skal ha stor bokstav, artsnamnet skal ha liten bokstav og i sortsnamnet skal kvart ord ha stor bokstav, det skal skrivast mellom ' ' og i kursiv. Eg skriv mellom ' ' , men droppar som regel kursiv fordi eg er litt lat.
Eg skriv berre det botaniske namnet, det er i hovudsak frø av stauder eg har, men der eg veit at det er sommarblomar eller to-årige så skriv eg det.
Dersom de finn noke av interesse på lista så send ein epost til else53@hotmail.com .
Eg sender i den orden eg får inn tingingane. Nokre sortar har eg mykje frø av og andre kan det vere så lite som ein par porsjonar.
Når de har fått frøa så kan de overføre betaling til 3741 10 25455. Det kostar porto + 1 kr pr frøsort.
Dersom nokon har frø av stauder som kan vere av interesse så byter eg gjerne i det.
Allium cernuum
Ammi majus - ettårig -tomt
Angelica gigas - to-årig, men dersom blomane vert kutta før frøa utviklar seg kan den vere fleirårig
Astrantia major
Calceolaria 'Calynopsis' ettårig, tøffelblomst som kan vere ute om sommaren og tåler ned mot ein par kuldegrader. - tomt
Capnoides sempervirens - ettårig - tomt
Cephalaria gigantea
Clematis alpina
Dahlia coccinea - vill sommargeorgine - men ta opp knollen om hausten så har du plutseleg ei knollgerorgine
Delphinium sp - blå, regnsterk
Digitalis grandis
Geum rivale
Geranium pratense striatum 'Splish Splash' - utseld
Geranium sanguineum
Heuchera cylindrica 'Greenfinch'
Knautia makedonica 'Red Knight' utseld
Ligularia sibirica - eg synest at den eg har er meir mot orange enn biletet her syner
Linaria bordiana ssp. kralikiana - ettårig - tomt
Lysmachea atropurpurea - det som eg trudde var frø var ikkje frø, diverre
Her var det mykje snop, og eg er så heldig å ha meldt meg på frøboksane :) Så fin og grei forklaring på rett skrive botaniske navn på planter! Her blir det nok synda mykje, meg sjølv inkludert, men no skal eg huske det heretter :) Takk for det!
SvarSlettDet er masse flotte frø i frøboksane.
SvarSlettNår det gjeld dei botaniske namna så har eg slite ein god del med dei, men ser heilt klart at skal vi vere sikre på å snakke om same planta så må dei brukast.