Viser innlegg med etiketten Meconopsis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Meconopsis. Vis alle innlegg

torsdag 22. mai 2014

MAIBLOMSTRING


No skjer det så mykje rundt meg at blogging kjem langt ned på lista. Men her kjem litt av blomstringa no. Dette er ein Meconopsis, som eg ikkje er heilt sikker på arten, lappen er sjølvsagt over alle vidder.


Sist ut av Pulsatilla. Denne er og ukjend.

Aquilegia flatabellata Alba


 Dodecatheon
 Meconopsis dette og, den er heilt lik den over med unnatak av fargen.
 Her står plantene attmed einannan.
 Duppesoleia har fått ein fiolkongslys framfor seg.
 Dei vanlege valmuesøstrene, Meconopsis baileyi, har eg mange av både blå og kvite og no har dei starta blomstringa.


Dei vanlege kongslysa er og i gang såvidt med blomstringa.
God helg til alle bloggvener!

onsdag 30. april 2014

SISTE VEKA I APRIL


Flott pulsatilla - kubjølle

 Dei gamle tulipanane i reint raudt og gult held stand. Det er nok heilt rett at desse held i mange fleire år enn dei som er meir foredla. Eg kan ikkje hugse kor tid eg sette dei, men det må vere over 25 år sidan. Eg trur aldri at dei har vore i full blomst siste veka i april tidlegare.
Akeleie som snart er i full blomst.


Valmuesøstrene, Meconopsis, har fått store knoppar alt.


Dette var utsikta frå gangdøra 28. april. Eg har sett litt på bilete frå i fjor og då var det slutten av mai før det var tilnerma likt dette.
I dag uler nordavinden rundt novene, så no vart det tid for eit blogginnlegg og brødbaking.
Ha det rett godt alle som er innom!

fredag 28. juni 2013

VALMUESØSTRE MED VARIASJONAR


Valmuesøstrene som eg skreiv om i forrige innlegg har eg no sett endå litt nærare på. Her kjem eit bilete mitt litt variasjonar. Dei to kvite er Alba, den eine har 6 og den andre 4 kronblad. Det at det er ulike støveberarar kjem av ulik stadie i blomstringa.
Så har vi dei tre til venstre, her er det og 6 og 4 kronblad.
Dei to til venstre har ein mykje blassare farge enn dei andre. Dei har eg plukka i eit bed attmed veggen mot sydvest, der har eg 5 kraftige blå planter og alle dei har mykje blassare farge enn dei som står fritt i dei andre beda. Det ser ut til at der har alle berre 4 kronblad. Eg har og døme på at blomane står tett i ein krans som vist i forrige innlegg.
denne linken så ser eg at det er heilt vanleg med variasjonar i det som eg før kalla Meconopsis betonicifolia, men som no heiter M. bailey. 
På Hagegal gjekk det i fjor ein tråd om fylte valmuesøstre. Det vert spennande å sjå om vi får sjå noke liknande i år. 

onsdag 26. juni 2013

VALMUESØSTRENE BLOMSTRAR






Eg har vel sagt det før, men eg er veldig fasinert av fargen og blomsten på valmuesøstrene. No er eg så heldig at eg har valmuesøstre overalt i hagen og her er ein bukett kvite og blå Meconopsis betonicifolia.





Eg har oppdatert lista over planter som er klar for sal, ho er å finne oppe til venstre under Staudesal 2013.

søndag 2. juni 2013

FØRSTE SUNDAG I JUNI


No er det like før....

Denne har blomstra ei god stund no.

Tellima grandiflora som står i knopp


Dodecatheon pulchellum, gudeblom, som eg sådde 13. nov. 2010. Dei spirte nesten hundre prosent, men har hatt stort fråfall. Eg sådde tre artar, det er naturleg nok vorte eind el surr i merkelappane etter kvart, men det er ikkje allverdens viktig om det er sp eller mix, sålenge eg ikkje skal selje frø. Eg kjøpte frøa av Akoen. I år skal eg for første gong få sjå dei i blomst, det er nok like før no. Reknar med at det kjem bilete ein gong i veka.


Så går turen inn i drivhuset, no er tomatplantene i god vekst, og nokre er i blomst, Black russian, over og Gardeners Delight, under. Eg har hatt det så travelt med å vatne alle pottene som står med planter i at eg har ikkje rokke å binde opp tomatane, men reknar med at det må verte ein ordning i løpet av veka. 


Ettersom eg nyt den store luksusen å ha eit hus til som eg kallar veksthus så har eg planta tomatar der og. I drivhuset har eg planta i murarbaljar, for der har eg støypt golv, men i veksthuset har eg jordgolv med trefjøler i midten, så har eg planta rett i jorda. Her er det Marmande VR som blomstrar.

Eg har ikkje sådd agurk i år, dette er melon. Honey Dew og Minnesota Midget. Eg har 4 planter som eg har planta rett i jorda i veksthuset. Ettersom eg har lese meg til så treng dei hjelp til befruktning, så eg får prøve å gjere ein innsats.

Fruktblomstring





Ipomeablomsten er open berre ein kort dag, men så er han så vakker at då må han nytast. 
No har vi hatt ei kjøleg og våt helg, etter ei varm veke. Men no ser eg at himmelen er blå i vest, og meldingane for kommande veke ser gode ut. Eg gler meg til ei ny veke i hage og drivhus. Takk til alle for hyggelege kommentarar som de legg att - god veke til dokke alle!

torsdag 24. mai 2012

Travel våronn

Ipomea purpurea, Milky Way, har gleda meg med første blomst idag, og dei er verkeleg lekre.


 No har vi hatt temperatur godt over 20 i fleire dagar og då kan eg ikkje ligge på latsida med så mange sommarblomar, biletet over, og stauder, biletet under, å vatne. Heldigvis så kjem det noken som gjerne vil kjøpe planter til bed, potter og kar. Men det er litt som Sareptas krukke, det ser ikkje ut til å minke, for plantene veks og treng heile tida nye potter, så då ser det ut som det er like mykje kor mykje eg sel. Eg har ikkje så stor kundemasse heller, men det er kjekt å få avsetnad på det som vert til overs.


 I drivhuset viser tomatplantene heilt tydeleg at det er varme som skal til. 

Utsikt frå gangdøra i kveld.



 Aquilegia, Niedrige Mischung, ei låg akeleie med fleire fargar som eg sådde i fjor og som no byrjar å vise fram dei flotte fargane sine.

 Nydeleg vårflox,

 Raud Pulsatilla.

 Endeleg vart det blomstring å frukttrea, i år vert det vel frukt og. I 2011 kom blomstringa så tidleg at det var lite insekt, og etterpå kom det frost og vind så då rauk heile frukthausten.

 Snart er pionane i fullt flor.

Meconopsis quintuplinervia, klokkevalmuesøster, desse har eg fått av Reidunn på Røra. Det er dårleg farge på dette biletet, skal prøve å ta eit betre bilete seinare.

For 2 dagar sidan blomstra heggen, eg kunne ikkje sjå blomar på heggen nær meg, men lukta var ikkje til å ta feil av, og i dag stod heile treet pynta i sin finaste stas.

søndag 22. mai 2011

Kvite blomar

Meconopsis betonicifolia alba i blomst, eg hadde ikkje tid til å vente til ho opna seg heilt, før eg måtte ut å fotografere og dokumentere på bloggen. Velkomen i hagen! Dette er frø som eg kjøpte av Magnar i 2010. Eg hadde god spiring på både den kvite og blå. Det vart den kvite som slo først ut i blomst.

Dette er Potentilla White Queen, av frø som eg kjøpte hjå Akoen i 2010. 4 prikleplanter vart det, men eg trur det er berre denne som har overlevd vinteren. Denne er til gjengjeld svært kraftig og eg reknar med at eg kan samle frø som eg kan så til hausten. Velkomen du og.
Det er heilt spesielt å få fram planter som eg aldri har sett før, og meir skal det verte. Eg har prikla ein masse med stauder som står og veks seg til.
Dette er priklelista så langt:
Gudeblom, 2 sortar kongslys, 2 sortar hagepute, fløyelstjæreblom, limefarga anisisop, værhane, 2 sortar alunrot, lerkespore, blodmure, kjempestikle, kjempeverbena, sabellilje, ein slag nøkkelblom, 2 sortar akeleie, hollenderpipe, rosa og fleirfarga røvebjølle, artiskokk, riddarspore, staudeklematis, dagliljer, gyllenlakk, blodstorknebb, skogflatbelg, purpurtorskemunn, rosa oleander, trompetflokk, gul kubjølle, blodtopp, stjernesmelle, stjerneskjærm, ildblomkarse og stokkrose.
Det er berre eit fåtal av desse som kjem til å blomstre i år, men eg har mykje å glede meg til.
No har det regna rikeleg i ei heil veke, i dag har gradene helde seg over 10, i føremiddag var det opplett, men no regnar det att. Vi har og hatt ei veke med svært mykje vind, og det ser så ut på meldingane att det skal halde fram i komande veke og.

søndag 8. mai 2011

Tomatplantene har kome på plass i drivhuset.

 
Den 7. mai flytta 12 av tomatplantene ut i drivhuset der eg fylt baljane med hagejord, lecakuler, litt kjøpejord og mykje hestegjødsel. Eg har nokre fleire tomatplanter, physalis, tomatillo og agurk som skal ut og, men først er det fleire planter som må flytte ut.
I dag har det vore mellom 20 og 24 grader, bris frå aust som har kome i sterke rosser. Så dei plantene som no er ute har fått kosta seg. Mesteparten av tida i dag har gått til vatning.

Eg har hatt bilete av luktlupinen i mange stadier, slik er stoda no.

Petuniaplantene veks i rekordfart.

Dette er ei plante eg aldri har sett før
Cerinthe major purpurascens, stor voksblomst, ho veks og ser ut til å verte ei svært kraftig plante, 80 cm trur eg det var.


Zuluastersen vert fin i år og.

Dette er litt av staudene mine, dei store nede er overvintra frå 2010, dei på hylla over er av årets sådd. Eg har mange såpotter att å prikle, pluss at det er mange som ikkje har spirt endå.

Attende i drivhuset, dette er før tomatplantene kom inn, det er sommargeorginer som står i dei nederste kassane. I kassane over er det ulike sortar lobelia.

Dette er eit variert utval av planter, eg har mange cosmos, blodbeger og raude vippeblomar. Her er og mange blodbeger.

Eit bilete som viser litt av kaoset. I kassane nederst til venstre er knollgeorginer.

Valmuesøstrene er i knopp.

Heggen blomstrar. Det må vere rekordtidleg.Eg kjende lukta i dag tidleg før eg såg dei hadde opna seg og tenkte dette måtte vere feil. Men varme neter og dagar driv alt fort fram.

Ein tulipan til å verte glad av.

Tulipanar og narcissar på geledd.

Endå ein sjarmerande tulipan.
Har ikkje tid til å skrive meir no, det er alt for fint veir ute. Ha ein fin kveld!