PLANTER FOR SAL MAI 2016


I år har eg hatt langt betre overvintring enn forrige år, så no er den første staudelista klar.Dei fleste er stauder som har overvintra i potter og som eg no ser er i god vekst. Eg set prikleår i parantes bak namnet..

 Nokre planter har eg berre nokre få eksemplar av, medan andre har eg rikeleg av. Eg sår frø av sortar som eg har lyst til å prøve i hagen, nokre spirer godt og eg har massevis til overs, andre får eg berre nokre få av og andre frø spirer ikkje.

Nokre få gonger så er frøa feilmerka og andre gonger har eg surra med namnelappane, men som regel er det rett.

Er du interessert så send ei epost til else53@hotmail.com med tinging. I tillegg til prisen så må porto betalast. Pengane kan overførast til konto 3741 10 25455 når du har motteke plantene og ser at du er nøgd.
Ved å klikke på plantenamnet så får du sjå bilete av planta.

Allium cernuum - prærielauk  (2015)
Denne har eg hatt i hagen i fleire år og eg vert meir og meir glad i ho. Utviklar seg godt og er svært fin. Smakar godt ogso. Blømer i juni - august med rosalilla blomar som heng i klase. Høgd 30 - 50 cm.    Kr 30.

Anemone cylindrica (2015)
Bladrosett nede ved bakken og blomsterstenglar, med grønkvite blomar, som kan verte opp til 80 cm, får flotte sylinderforma frøstandar. Trivast i sol til halvskugge og er tørketålande. Kan gje blemmer i munnen dersom ein prøver å smake på ho.   Kr 30.

 Angelica gigas - raudkvann (2015 og 2016)
Dette vert ei plante som både du og insekta vil like. Ho vil ha god jord med fukt og treng gjerne å få stå på vekseplassen eitt til to år før ho kjem i blomst i juli til august med ein fantastisk skjærm med purpurraude blomar. Insekta likar denne. Blomsten kan tørkast. Dersom du vil så frø så må dei såast ganske ferske. Planta dør etter blomstring, men eg har ei der eg klipte vekk blomen før det vart frø og der kjem det ny plante ut frå rota.   Kr 30. for den eg prikla i 2015.

Aquilegia vulgaris 'Tower Light Pink' - vanleg akeleie (2015)
Denne akeleie kan verte opp til 80 cm, blomstrar i mai med rosagrøne blomar, Trivast i sol til halvskugge.   Kr 30.

Aquilegia pompom - pompomakeleie (2015)
Denne akeleia vert 60 - 70 cm, blomstrar i mai - juni, fargeblanding og trivast i sol til halvskugge.
Kr 30.

Clematis tangutica 'Radar Love' - gullklematis (2015)
Denne vert omlag 2 m, trivast i sol til halskugge, blomstrar i juli til oktober med gule blomar. Skal kuttast godt ned om våren.  Kr 30.

Delphinium tatsiense - asurriddarspore (2015)
Denne riddarspore er mykje meir open enn dei vanlege riddarsporene, vert 45 - 60 cm og blomstrar med asurblå blomar. Vil ha sol og godt drenert.  Kr 30.

Levisticum officinale - løpstikke (2016)
Dette er ikkje ei staude, men ei fleirårig krydderurt som veks seg stor og kraftig. Smaksrik og allsidig. sol til halvskugge.  Kr 20. 

Lupinus regalis 'Chandelier' Russelhybrid - edellupin (2016)
Dette er ein lovleg lupin som vert omlag 80 cm. Blomstrar i juni - august med lysegule blomar. Trivast i sol til halvskugge.  Kr 20.

Meconopsis baileyi syn. M. betonicifolia - blå valmuesøster (2015)
Blomstrar i juni - juli med lys blå farge på 60 - 70 cm høge stenglar. Trivast i sol til halvskugge i fuktig jord. Knut Langeland seier i boka "Stauder i norske hagar" at ho må ha sur jord for å få den mest intense blå fargen.   Kr 30. 

Meconopsis baileyi ex. Alba syn. M. betonicifolia valmuesøster kvit (2015)
Kan ikkje garantere at alle her vert kvite sidan det er open pollinering. Ellers så er ho lik den blå.
Kr 30

Paradisea liliastrum - paradislilje eller liljegras (2016)
Prikla omlag 5 spirer i kvar potte. Ho likar det godt drenert og sol. Vert 30 - 50 cm høg og blomstrar i mai - juni med kvite blomar. Etter frøsetjing så visnar ho heilt ned. Kr 20.

Sideritis hyssopifolia (2015)
Staude/urt med blad som vert brukte til te. Kjem med rikeleg limegrøne blomar frå mai til september som insekta finn nektar i. Sol.   Kr 30.

Pardancanda norrisii - (2015)
Har ikkje funne norsk namn på denne, men på svensk heiter ho karamellilje. Blomstrar i juni - september og vert omlag 60 cm. Likar sol og er fin til snitt.  Kr 30

Telekia speciosa - prakttelekia (2015)
Denne har hatt mange namn oppigjennom tidene, ho er lett å forveksle med Inula, og i praksis så har det vel ikkje mykje å seie. Likar lett skugge og djup jord, bør stå som solitær i plen slik at ho ikkje får verte altfor kraftig.  Kan verte opp mot 2 m høg og blomstrar i juli til september med varmgule blomar.   Kr 30.


Tricyrtis hirta - skuggelilje (2015)
Den vanlegaste av skuggeliljene, Trivast i halvskugge til skugge. Kan verte opp til 60 cm, blomane som kjem om hausten er kvite med lilla spettar.   Kr 30.

Trollius pumilus - småballblom (2015)
Dette er ein tett liten ballblom som kjem frå Himalaya og Kina og vert ikkje meir enn 15 - 25 cm høg. Blomstrar i mai - juni med små gule blomar og passar godt i ein fjellhage. Kr 30

Verbascum phoenicum 'Antique Rose' - purpurkongslys (2015)
Dei fleste artane av kongslys er to-årige, det er denne og. Men dei frøsår seg rikeleg så dersom frøstengelen får stå så kjem det masse småplanter rundt omkring. Denne får lyseraude blomar på 80 - 90 cm lange stenglar, og blomstrar i juni til juli. Kr 30.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar