torsdag 31. mars 2016

OMPOTTING

 I går potta eg om tomatplantene i rein kukompost, det var ikkje alle som hadde vokse ut av potta, men i eg tok alle som var sådde først. Eg har to andre sortar som var sådde mykje seinare så dei skal få stå.
 Sommargeorginene fekk og komme i større potter med kukompost.
I dag var det dei største astersane som hadde flyttedag, det same hadde dei største pyntekorgene. 
Så no vonar eg berre på litt stabil nattetemperatur over 4 C, så eg kan setje ut dei små staudespirene. Eg kjem til å dekkje dei med fiberduk den første tida, men det er ikkje så gunstig med så kald jordtemperatur som det fort kan verte no i april, så eg trykkjer plass til alt eg kan i drivhuset. Eg veit av erfaring at det er utruleg kor mykje eg kan få plass til i eit tilsynelatande overfylt drivhus.

fredag 18. mars 2016

SNØKLOKKER OG KLOSTERKLOKKER


I 2015 sådde eg for første gong frø av Leucojum vernum og då vart eg klar over at snøklokker og klosterklokker er to ulike slekter. Eg har alltid trudd at det var same slekt. I dag har eg gått litt nærare inn i saka og sett at det som for oss vanlege plantefolk er lettast å skilje dei på er tal kronblada. Til venstre er det Galanthus nivalis og er ei vanleg snøklokke som dei aller fleste har i hagane sine. Dei sprer seg lett ved å setje nye løkar og ved frø. 
Dei til høgre er klosterklokke, Leucojum vernum og har ein større blom.
Båe klokkene har seks kronblad, på snøklokka er det tre store ytterst og tre små innerst. Klosterklokka har og seks kronblad, men her sit alle i ein ring ytterst.

Snøklokkene har ein blom pr stengel medan marsklokkenen kan ha fleire, så er det jo og stor forskjel på lauvet.

Løkane av begge desse er lettast å få til heilt ferske, dei bør helst flyttast med lauvet på. Det er vel difor så mange har vore skuffa då dei vil ha nye fine klokker i hagen, men løkane kjem ikkje att neste år. 
Eg ser og at det er litt ulike namn ute å går for det som eg kallar klosterklokke eg har funne både marsklosterklokke og marsklokke. Men eg trur at her omkring så er det klosterklokke som er vanleg. 




lørdag 12. mars 2016

Cosmos atrosanguineus spirer


Ikkje så at det er ein sensasjon, men det er første gong eg har funne frø av denne arten. Sjokoladekosmos får berre sterile frø i USA og Europa, men ein gartnar i Russland sel slike frø, og eg har kjøpt dei av Seedsite eit frøfirma som eg ved eit tilfelle fann i år. Det var 10 frø i pakken, fem sprier kom opp, men den femte spira utvikla seg ikkje vidare så no har eg fire håpefulle att. 
Eg har tidlegare hatt ei sjokoladekosmosplante i potte, eg prøvde å overvintre den inne, men det vaqr ingenting att i potta då eg tok ho framatt om våren. Det kan jo tenkjast at dei hadde vorte mat for mysene. Får prøve att til hausten, dersom plantene veks seg store og fine igjennom sommaren.
God helg til alle!

torsdag 10. mars 2016

Dei siste staudefrøa er klar for såing.


I dag har eg klargjort dei siste frøpakkane av stauder som eg har tenkt å så i denne sesongen. Eg  har brukt mykje tid på å finne ut av korleis eg skal merke pottene slik at dei vert lette å finne att i listene mine etter fleire år. Tidlegare så skreiv eg berre namnet på frøsorten, då fekk eg problem med gamle såpotter som det ikkje kom spiring i. Eg pleier å tømme dei som ikkje er spiring i på komposten etter tre sesongar. Det kan jo tenkjast at det er frø som treng endå lenger tid på å spire, men då ventar eg ikkje lenger. Så hadde eg eitt år då eg berre skreiv nummer og årstal, men det vart altfor mykje styr når eg måtte inn og sjekke sålistene etterkvart som nye spirer dukka opp. Så no merkjer eg med nummer/årstal og namn. Då har eg ein god backup i tilfelle at pc-en skulle låse seg. Eg har rett nok lagra dei viktige filene på ein ekstra harddisk, men dette er ein grei måte å gjere det på.
No har eg 176 sortar, men eg ser jo at Aquilegia ...McKana Giant har eg tre sortar av, eg synest dei er så flotte og første gongen eg sådde så var det ikkje så god spiring. Eg kjem til å legge inn lista oppe til venstre på bloggen seinare. 

fredag 4. mars 2016

PRIKLA TOMATAR I DAG



I år har eg sådd 23 sortar tomatar. Eg har plass til 24 planter i drivhuset så det vert velfyllt i år ogso. No er det nokre sortar som er frilandstomat og dei har eg tenkt å ha ute. Dersom sommaren vert fin så vert det nok tomatar der ogso. 
Ein av sortane heiter Solanum spontaneum, den anar eg rett og slett ikkje noke om, men det er jo spennande å prøve. 

torsdag 3. mars 2016

SPIRING I STAUDEPOTTENE



I dag har eg plukka fram staudepottene frå vinteropplag. I fjor måtte eg kjøpe nytt teltdrivhus, det synte seg å vere av så dårleg kvalitet at saumane rakna då det vart litt vind. Så då måtte vi finne alternativ oppbevaring og det vart  til at mannen min rydda plass i vedboda og der har dei vore i vinter. Det har vel knapt vore kuldegrader, men litt var det nok i januar. 

Ved første gjennomgang så ser det verkeleg ut til at dei fleste plantene har overvintra godt. No står dei ute i regn og snø, men så snart det vert god varme i lufta så skal ha gjennomgang på dei og sjå korleis det står til.
I dei to pottene som står bak er det er det trepion og ein meir ukjend som eg sådde i 2015 og som det er masse spiring på.
Pottene framme er frå 2013, 2014 og 2015. No står dei inne i drivhuset ilag med sommarblomane som er i god vekst. Dei kunne godt ha stått ute framleis, men ved at dei no får komme inn i varmen så kjem dei raskare i vekst og eg kan få prikle dei. I dag har eg tenkt å ta inn pottene som eg har sådd denne vinteren slik at dei og kan få komme igang.