Eg har ikkje allverdens kunnskap om gjødsling og kalking, men eg har kome fram til noke som funkar i hagen min. Eg har hatt hage i snart 40 år og heile tida har eg brukt kalk eller skjælsand, hønsegjødsel og kukompost, heimelaga kaldkompost og dei siste 10 åra har eg og brukt beinmjøl og litt blodmjøl. Dei siste 3 åra har eg og hatt tilgang på stallgjødsel av hest som eg har brukt litt av.
Kunstgjødsel og all form for sprøyting har ikkje tilgjenge i beda mine.
Eg har heller ikkje fylt på kjøpejord i beda, for alt dette gjer at det vert nok nok jord. Jorda har etter mitt syn god struktur, ho er full av liv, og det ser ut til at plantene trivast svært godt. Plantene er heller ikkje særleg plaga av sjukdom og lus. Den lusa som kjem om våren på rosene tek eg med fingrane, resten tek meisene, dei andre småfuglane og marihønene.
Det einaste eg kan komme på er at den einaste Helleborus niger, (skreiv først orientalis) som eg har er plaga med sopp, i år vart heile planta vekke, eg klipte vekk det gamle, og ho stod med masse knoppar, men så vart alt svart, og no har eg teke det vekk. Så får eg sjå om eg finn eit kjerringråd eller eit anna råd slik at eg kan få ei frisk fin plante til neste år, dersom ho overlever.
I kveld har eg vore ute med kalk på pionane og Helleborusane, dei skal få gjødsel litt seinare.
Rosene har fått rikeleg med kompostert hønsegjødsel og så har eg hatt eit lett dryss av den same gjødselen over staudene. Tulipanløkane fekk og eit godt lag med gjødsel, dei fekk ei god dose med beinmjøl i haust. Det er veldig kjøleg ute, med snøbyer i lufta, men no vert det meldt om varmare veir frå helga, så då tenkte at det kunne vere greit at næringa kom på plass slik at det kunne løyse seg opp til varmen kjem.
Ha ein god mandagskveld alle som er innom!