PLANTELISTE 2014 20. APRIL

Plantene som står på denne lista er alle formeira frå frø. Eg er ein hobbyhagar som har vorte hekta på å få fram mine eigne planter. Eg sel det overskytande av det som har spirt, og eg vil heile tida ha nye sortar, ettersom eg stadig er på utkikk etter nye staudefrø å prøve. Det vil og seie at denne lista vil verte oppdatert etterkvart som plantene veks seg til.
Eg legg plantene ut for sal når dei har flytta ut av priklepotta og eg ser at dei kan vere liv laga.

I tillegg til prisen på plantene så må du betale porto. Eg sender e-post når plantene er pakka med kontonummer og pris.
Dersom du finn noke du vil ha på lista så send ein e-post til
else53@hotmail.com.
 Eg sender plantene dei to første dagane i veka. Når plantene er postlagde så sender eg ein epost med info om pris og kontonummer.
Dette vert andre sesongen min med planter i posten, eg fekk berre gode tilbakemeldingar frå dei som fekk planter på denne måten i fjor. 

Prikla i 2012.

Aquilegia flatabella 'Alba' dvergakeleie kr 35.-
Blomstrar i mai med kraftig vokskvit blom, 20 cm sol

Aquilegia,  burgunder kr 30,-

Aquilegia, gulblada med blå blom kr 30,-

Gentiana tibetica kr 30,-  Tomt
Blomstrar i juli - aug med små kvitgrøne blomar.

Lythrum salicara 'Red Hybrid' strandkattehale kr 30,-
Blomstrar i juli - aug. med nektarrike raudlege blomar, 50 cm sol, fuktig

Prikla i 2013

Aquilegia buergiana, purpurakeleie kr 30,-
Blomstrar i mai - juni med purpur blomst med gul krune, sol/halvsk. 15 - 30 cm, passar godt i fjellhage

Asparagus offisinalis, asparges, kr 30,-

Campanula medium 'Prachtmischung' mariklokke kr 30,-
Denne vil blomstre i år med nektarrike blomar i blåfiolett, rosa eller kvite nyansar, høgd ca 50 cm. To-årig, men kan sjølvså seg.

Digitalis lutea, gulrøvebjølle kr 20,-  
Blomstrar med gule nektarrike blomar i juli - aug. 80 cm, sol - skugge.
Denne er fleirårig.

Geranium pratense striatum ex 'Splish Splash'  engstorknebb, kr 30,-
Blomstrar i juni - sept med kvite blomar med ein "splash" av syrin. 50 cm, sol - halvskugge.

Lilium 'Vishenka' kr 30,-
Desse er frå bubillar i 2013.

Phedimusa aizoon, rakbergknapp kr 30,-
Blomstrar med gule blomar i juni - juli, 20 - 30 cm, sol

Potentilla atrosanguinea, blodmure kr 30,-
Blomstrar med raude blomar i juli - aug. 30 - 50 cm, sol

Potentilla recta 'Warrensii' stormure  kr 30,-
Blomstrar med gule blomar i juni - juli, 20 - 40 cm, sol

Primula japonica 'Postford White' japanprimula kr 30,-
Blomane er kvite med oransjegult auge og kjem i juli - aug. 40 - 50 cm,   
sol - halvsk.

Rabarbra kr 30,-

Verbascum chaixii, 'Album' fransk kongslys kr 30,-  Tomt
Blomstrar med kvite blomar med purpur midte i juli - aug. 80 - 90cm, sol

Chiastophyllum oppositifolium, korssmørblad kr 30,-
Blomstrar med gule blomar i mai - juni, 10 - 30 cm, halvsk.

Lilium Pyrenaicum?? kr 30,-
Eg har hatt bilete av denne på bloggen min og då er det forslag om at det er Pyrenaicum. Eg og synest at ho er veldig lik, men eg tykkjer at ho luktar godt. Godt vaksne knollar.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar