Viser innlegg med etiketten Tomatar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tomatar. Vis alle innlegg

torsdag 31. mars 2016

OMPOTTING

 I går potta eg om tomatplantene i rein kukompost, det var ikkje alle som hadde vokse ut av potta, men i eg tok alle som var sådde først. Eg har to andre sortar som var sådde mykje seinare så dei skal få stå.
 Sommargeorginene fekk og komme i større potter med kukompost.
I dag var det dei største astersane som hadde flyttedag, det same hadde dei største pyntekorgene. 
Så no vonar eg berre på litt stabil nattetemperatur over 4 C, så eg kan setje ut dei små staudespirene. Eg kjem til å dekkje dei med fiberduk den første tida, men det er ikkje så gunstig med så kald jordtemperatur som det fort kan verte no i april, så eg trykkjer plass til alt eg kan i drivhuset. Eg veit av erfaring at det er utruleg kor mykje eg kan få plass til i eit tilsynelatande overfylt drivhus.

fredag 4. mars 2016

PRIKLA TOMATAR I DAG



I år har eg sådd 23 sortar tomatar. Eg har plass til 24 planter i drivhuset så det vert velfyllt i år ogso. No er det nokre sortar som er frilandstomat og dei har eg tenkt å ha ute. Dersom sommaren vert fin så vert det nok tomatar der ogso. 
Ein av sortane heiter Solanum spontaneum, den anar eg rett og slett ikkje noke om, men det er jo spennande å prøve. 

fredag 24. april 2015

Tomatsesongen er i gang



No er det snart eit år sidan siste blogginnlegg, fekk det ikkje til å blogge frå mobilen og så fann eg ut at eg fekk halde oversikta på annan måte. MEN no ser eg at eg ikkje kan klare meg utan blogginga. Det er ei ypperleg anledning til å gå attende for å sjå korleis det har vore tidlegare. 
Sidan sist så har eg oppretta profil på Facebook, det er jo kjempeenkelt å bruke til å legge ut bilde og informasjon til dei som er planteinteresserte rundt meg, men som dagbok til å gå attende i er det ikkje noke særleg godt alternativ. Så no er eg attende i folden og det vert kjekt å følgje med i alle bloggane til dei eg hadde kontakt med tidlegare. Eg ser at de har vore aktive med innlegg så no skal eg ta ein kik.
Men i dag har eg planta tomatane opp i plantekassane, den første blomen synte seg i dag. Det må vere minst ein månad enn nokon gong før. 
I år har eg hatt plantene i drivhuset sidan februar og dei har aldri vore finare enn i år. Det har nok gått ein del meir straum, men du og du for ein fryd det er å komme inn i huset å sjå alt som er på gang.
Dersom det er noken av dokke tidlegare trufaste som les dette så kan eg seie at eg har det bra. Det har vore eit godt år for meg og mine. For eigen del så kan eg vel seie at takka familien og drivhuset og plantene så har eg det bra. 



søndag 13. oktober 2013

Snart midtvegs i hausten

Det har bokstaveleg tala runne mykje vatn sidan siste blogginnlegget mitt. Litt har skjedd i hagen på Amfjell sidan sist. Det som er viktigast for bloggen sin del er å oppdatere kva som er gjort av haustarbeid.


For 10 dagar sidan så tok eg opp georginene mine. Det hadde ikkje vore frost på dei, men eg er avhengig av å arbeide når forma er der, og då passa det best. Det hadde vore opplett nokre dagar så jorda var tørr og fin. Så då tok eg opp alle georginene som var sette frå knoll og villgeorginene som eg sådde i vår. No ligg dei til tørk i veksthuset, der er det luftig og fint når eg har sidegardina oppe. Dei som viser på biletet her på venstre side er alle av villgeorginene, og no tek eg inn frøkapslar og tek frø etterkvart som dei modnar.
Så er det noken av lesarane her som har lyst på ein pose med frø så må de gjerne seie frå. Eg deler gjerne ut som takk for alle hyggelege kommentgarar som de har lagt att sidan eg byrja å blogge.

I går og i dag har det vore flott temperatur og eg har teke inn alle fuksiaplanene mine. No står dei i drivhuset til avmodning, før eg set dei vekk for vinteren.

Pottene er vaska og klar for ein ny sesong.
Det er tre veker sidan eg tømde drivhuset, tømde kassane som det hadde vokse tomatar i og fekk vaska både hus og kassar. 
Tomatåret er det beste eg har hatt, men eg kunne nok håpa det hadde vore endå betre. Eg har fått ein del glas med gode Henkogte tomatar. I fjor laga eg marmelade av resten av dei grøne tomatane, det var ganske godt, men vart ikkje brukt så mykje av, så i år tok eg eit kilo små grøne tomatar som eg har eddiksylta. Skal verte spennande å prøve det i romjula.

torsdag 29. august 2013

SISTE VEKA I AUGUST

Her kjem ei samling av litt av det som no er fint i hagen min. Eg har masse stauder i potter som skulle vore planta ut no, men forma er ikkje den beste, så det får vente. Men ei runde med fotografering er jo kjekt.




No er solsikkene på veg mot himmelen og eg treng stige for å fotografere dei, men eg har utsikt til dei frå stoveglaset og der ser dei flotte ut.

Det må nok verte meir oppstamma roser i hagen min, dersom eg skal få plass til alle staudene eg har lyst til å prøve.

Like før desse, duehode, er i full blomst.

Det er ikkje alltid at pottene med sommarblomar er fine på denne tid, men desse to pottene her kjem til å vere fine langt inn i hausten.

Noken humler er så berusa av nektar at dei berre klamrar seg fast og heng der.

 Kubjøllene brukar alltid å kome med ein par blomar i august.
 I fjor kom eg over Susanne med det sorte øyet på ein blogg, og då likte eg henne så godt at ho kom på sålista i år. Eg hadde gule og African Sunset, eg planta alle i støtta som eg laga til solsikkene, dei har ikkje vorte så høge, men fine er dei.
Endå varer sesongen for månadsjordbæra lenge, ein god munnfull kvar dag.

Her skal det liksom vere eit rosebed, men det er det ingen som ser. Kongslysa har teke heilt overhand, desse er attpåtil ei staude som kan verte endå større neste år. Nei her må eg nok fram med spaden så rosene kan få vise seg fram att. 
Under kjem fleire fargar av sommarflox.





Clematis Rouge Cardinal, denne har eg planta ilag med New Dawn og eg har håp om at dei skal klatre i ein apal. No har eg ei potte med forskjellige sommarblomar attmed, og eg kan sjå på biletet at ein knopp av blodbeger har plassert seg på eine klematisblomsten.
I dag har eg mi første runde med tomatar kokt i olje på gang i steikeovnen, det er ei herleg lukt som fyller huset. 
Ha ein god torsdag - og takk for alle hyggelege kommentarar som de legg att på bloggen min.

søndag 7. juli 2013

1. SUNDAG I JULI

Midt i pionblomstringa, denne pionen er snart ferdig med showet sitt, som vanleg fekk han ein god del regn, men både humlene og eg har fått nyte han. 

Rose nr 2 som er i blomst.

 Astrantia major over og under. Retting: det Knautia macdonica som er under.

Denne kjem på 3. plass

 Lilium martagon som eg har fått fram frå frø, truleg ein sort som eg sådde i 2010.
Eg er altfor sein på avtrekkaren til å fotografere humler.

Tomatane veks.


No er det ein månad sidan eg har prikla småplanter, dei større plantene har fått meir merksemd, men no stod Murtorskemunnen og blomstra i såpotta, så då var det på høg tid. I kassane er det Allium, Liljer, Meconopsis, Leyceteria og murtorskemunn m.a.

Dette er ei arvelilje, som eg tykkjer er veldig lik martagonlilja, men eg ho luktar heilt bedøvande godt, tykkjer eg.
Er det noken som kan seie noke om denne så er eg takksam, for eg har massevis av knollar for salg, men då burde lilja ha eit namn.
Ha ein god sundag alle!

onsdag 3. juli 2013

FØRSTE VEKA I JULI

 Denne står på trappa på terrasen og eg har planta kvit Bacopa, vanleg flittige Lise og ein sort som heiter Impatiens Topknot, blomane er fylte og ser nesten ut som ei rose.
Fotografen har nok vore skjelven på handa, men det var vel fordi eg oppdaga den første utsprungne rosa.

Stadig utsikt frå gangdøra, her dokumenterar eg samstundes at stillaset er oppe og verandarekkverket skal målast.

Med så store blomar så må det verte store tomatar.

Desse er på god veg.

Eg såg einn videosnutt på Youtube om ein bestefar som hadde sukkerertene i ein kasse i drivhuset, og då tenkte eg at då kunne likegodt bestemora gjere det same. No held blomane på å springe ut, så då vert det ferske sukkererter til barnebarna kjem på besøk.

Her prøver eg meg på ampeldyrking av agurk. EG hadde ikkje sådd agurk i år så denne kjøpte eg på eit hagesenter.
I dag regnar det, temperaturen er 13 C, så då høver det med å bake rundstykker. 
Så skal eg ha meg ei runde innom bloggane som eg føl med på og sjå kva som rører seg i hagane rundt om. Ha ein god dag alle, og takk for alle hyggeleg kommentarar.

søndag 2. juni 2013

FØRSTE SUNDAG I JUNI


No er det like før....

Denne har blomstra ei god stund no.

Tellima grandiflora som står i knopp


Dodecatheon pulchellum, gudeblom, som eg sådde 13. nov. 2010. Dei spirte nesten hundre prosent, men har hatt stort fråfall. Eg sådde tre artar, det er naturleg nok vorte eind el surr i merkelappane etter kvart, men det er ikkje allverdens viktig om det er sp eller mix, sålenge eg ikkje skal selje frø. Eg kjøpte frøa av Akoen. I år skal eg for første gong få sjå dei i blomst, det er nok like før no. Reknar med at det kjem bilete ein gong i veka.


Så går turen inn i drivhuset, no er tomatplantene i god vekst, og nokre er i blomst, Black russian, over og Gardeners Delight, under. Eg har hatt det så travelt med å vatne alle pottene som står med planter i at eg har ikkje rokke å binde opp tomatane, men reknar med at det må verte ein ordning i løpet av veka. 


Ettersom eg nyt den store luksusen å ha eit hus til som eg kallar veksthus så har eg planta tomatar der og. I drivhuset har eg planta i murarbaljar, for der har eg støypt golv, men i veksthuset har eg jordgolv med trefjøler i midten, så har eg planta rett i jorda. Her er det Marmande VR som blomstrar.

Eg har ikkje sådd agurk i år, dette er melon. Honey Dew og Minnesota Midget. Eg har 4 planter som eg har planta rett i jorda i veksthuset. Ettersom eg har lese meg til så treng dei hjelp til befruktning, så eg får prøve å gjere ein innsats.

Fruktblomstring





Ipomeablomsten er open berre ein kort dag, men så er han så vakker at då må han nytast. 
No har vi hatt ei kjøleg og våt helg, etter ei varm veke. Men no ser eg at himmelen er blå i vest, og meldingane for kommande veke ser gode ut. Eg gler meg til ei ny veke i hage og drivhus. Takk til alle for hyggelege kommentarar som de legg att - god veke til dokke alle!