I dag har eg vore på Torghandel i kommunesenteret. Eg hadde med meg ei god samling stauder. Noken var frå 2011, men mesteparten var frå årets produksjon. Det er andre gongen i år eg stilt på torget, eller Kultursena, i Dale. Første gongen hadde eg ei blanding av sommarblomar og stauder, denne gongen var det berre stauder.
Det regna jamt heile tida, men eg hadde funne meg ein god plass under julegrana, og der var det ikkje mykje regn som kom igjennom.
Litt sal vart det, og mange gode samtaler med hageglade likesinna om planter. Det er fantastisk kjekt å møte hagefolk på denne måten, då kan vi utveksle erfaringar og gode ideear. Vi har alltid eitkvart å snakke om, og for meg som er heilt analfabet når det gjeld "smalltalk" så er dette ein god måte å komme i kontakt med folk.
Det er ganske mykje arbeid i forkant med å gjer klar plantene for sal. Eg vil gjerne at dei skal ta seg godt, og at pottene skal vere fri for ugras, så når eg held på så tenkjer at dette vert for mykje for meg, men no tenkjer eg at dette vil eg halde fram med.
Planta på biletet over er Silene asterias. Den er avblomstra no, eg hadde ikkje med noke godt bilete av ho, og då er ho ikkje så lett å selje. Då eg stod på torget forrige gong så hadde eg med ei i blomst, og då selde eg alle plantene eg hadde med på null komma null. I dag hadde eg med Silene virginica, den var i blomst, men den var ikkje så lett å selje, sjølv om det er ei sjeldan smelle.