fredag 2. mars 2012

SIKKERT VÅRTEIKN

Rabarbra er synonymt med vår., iallefall for meg. Eg brukar å lage rå rabarbrasaft og grunnlovsdessert av denne delikatessa, men det er ei grønsak som kan brukast til det meste og oppskriftene er mange. Eg har liksom ikkje hatt tilgang på så mykje rabarbra tidlegare, men no skal det verte ein annan dans. I fjor sådde eg Glaskins Perpetual og i år har eg sådd Victoria og så tenkjer eg at eg kan utvide med ein sort kvart år framover. Rabarbraen som eg sådde ifjor bør få vekse eitt år til for å utvikle seg før eg byrjar å hauste av han. Men eg skal heilt sikkert ha ein smaksprøve. Eg har ein sort som eg har arva og den har eg no flytta til ein god plass til å v ekse og utvikle seg på, godt med gjødsel skal dei få og. 
I dag har det vore sol, og det er så stort nyhende at det fekk plass i nyheitene og. Dagen har vore nytta ute, eg har sett etter vårteikn og hatt fotoapparatet med, og då var denne rabarbraen eit av motiva. 
Drivhuset vart opna og idag, eg har vaska med litt grønsåpe  for å få inn god lukt og pynta litt opp. Eg vaska grundig heile huset i haust, i tillegg til alt utstyret slik at eg fekk teke knekken på det meste av sopp, mugg og insekt som kunne gjort våren sur. Så no er det berre å vente til temperaturen og lyset vert litt betre så skal dei nyprikla staudepottene inn. Meldingane for morgondagen ser bra ut og, så då skal eg   ta overfladisk rydding i staudebeda slik at dei ser litt betre ut. Det er jo berre 2. mars i dag og det kan enno verte vinterveir mange gongar, så litt vern kan nok staudene ha trong for enno. 
Det er ein heilt spesiell stemning ute no når lyset kjem att, fuglane har forandra lyden og litt insekt er byrja og vakne til liv. Det er stor skilnad på temperaturen frå sol til skugge og natt frå natt til dag. Det er skarpt veir som vi seier. Men det var så fint og vindstille i dag ettermiddag at eg stod ute og vaska potter, så no luktar dei og grønsåpe. Det er berre inne det ikkje luktar grønsåpe til helga, men det er sanneleg viktigare ting å bruke tida og kreftene på når det er vakre vårdagar. 
GOD HELG TIL ALLE SOM SER INNOM BLOGGEN!


Minne frå barndomen

Dette er trappa ned til kjeldaren i huset som besteforedra mine budde i. Her var det frostritt med unnatak av dei mest kalde periodane, og dei hadde kassar med poteter heilt innerst ved muren. Der var skap med saft, sylteøy og hermetikk. Mjelkebinna hadde og sin plass her, og så langt attende som eg hugsar så var det slange med vatn og gulvet var steinheller slik at vatnet kunne renne rett ut att. Tanta mi vaska klesvasken her og her vart det salta kjøt og fisk. Det er ikkje store rommet, men alt hadde sin plass og steinhellene utafor døra var gode arbeidsbenkjer. Inngangen vender mot syd og det vert lunt og fint her når sola skin. 
Då eg var lita så var eg ofte her og leika. Då var benkene butikkdisk eller gjorde teneste som bord til servering av "kaffi" frå sprukne krus. Alt utstyret som vi trong for butikk og kjøkkenteneste fekk plass i ein tom appelsinkasse og hadde plass under vindauget til høgre når han ikkje var i bruk.
No er besteforeldre, tante og onkel som budde i huset døde, men minna har eg og dei er gode å plukke fram. 

onsdag 29. februar 2012

Med håp om ein god tomatsesong


Dette biletet er frå 24. juni 2011, og i dag har eg lagt grunnlaget for sesongen 2012.
I tillegg til sortane eg sådde i fjor så har eg sådd:
  • Black from Tula, frøa er kjøpte hjå Impecta og vert i Sverige rekna som ein kulturarv frå seint 1800-talet. Kan plantast både ute og inne.
  • Marmade VR - Plantasjen. Kan plantast både ute og inne.
  • BAlkonzauber - Plantasjen. Kan plantast både ute og inne.
  • Ace 55 VF - Plantasjen. Veksthustomat.


torsdag 23. februar 2012

SNART ER DET VÅR

 Akeleiene er mellom dei første som viser at våren er i anmarsj, dei står med nye skot så snart snøen tinar.
 Denne har eg vist før, det er Helleborus corsicus/argutifolis, og eg er veldig spent på om det som viser seg her kjem til å verte blomst. Den har vore slik i heile vinter.
Snøklokkene har ikkje opna seg enno, men knoppane er der og då er det berre å vente på sola så tenkjer eg at dei er klar til å skine.
Vi har hatt veldig vekslande veir i det siste, med snø og regn og litt sol. Snøen som kom sundag er no vekke att og i dag er det 6 C ute, overskya og vindstille.

onsdag 15. februar 2012

Isrose


No har eg vore med i alle delane av Anne på Moseplassen sin x-faktor-konkurranse utan at rosene har vore presentert. Knapt nokon kan seie at dei ikkje har eit forhold til roser i ei eller anna form. Utan å vere for bombastik så må det vere den planta som vi er mest omgjevne av enten det er på dynetrekk, på koppar, i vase, på maleri, på kaker, i vegkanten i hagen eller alle andre tenkelege eller utenkelege stader. Naturen skapar sine eigne isroser av berre vatn, men her er det ei rose som er pynta med is.
Eg elskar rosene mine, i slutten av april så klipper eg dei ned så pass at sjølv naboen tykkjer det er i meste laget. Så får dei naturgjødsel  i mai, juni og juli, i tillegg til det får dei gjerne litt beinmjøl og plengras. Når lusa gjer sitt inntog så dreg eg over med fingrane eller spyler med litt vatn. Så går eg der og ventar og ser etter den første knoppen skal opne seg og det er eit like stort under kvar gong, sjølv om det skjer kvart år. 
Etter det så gler dei meg kvar dag med dei mest vidunderlege velforma og velluktande blomar heilt til frosten set stopp. Eit kriterie for å komme inn i hagen er at dei luktar og helst remonterar så då går eg der med sekatøren og klypper av dei som er avblomstra for å late energien gå til dei nye knoppane og eg er heilt rusa av roselukt. 
Dersom det skal lagast festkaker i løpet av sommaren så er dei sjølvsagt pyta med roser. 

tirsdag 14. februar 2012

Medlemsskap i STA

For nokre veker sidan sende eg innmelding til STA, svenske hageamatørar. Grunnen til at eg melde meg inn var at dei har ei rikhaldig frøliste med mange spennande stauder, nesten 2500 namn, i 2011. I dag fekk eg det siste medlemsbladet som kom ut i 2011 som inneheld frølista og masse spennande hagestoff. Eg har ikkje lese noke enno, men sett at det er gode bilete med tekst til og eg gler meg til å lese. Eg trur det skulle vere 4 nummer som kjem ut i året.
Eg håpar det vert eit langt og givande medlemsskap.
http://www.tradgardsamatorerna.nu/
Omslaget till TA 4/2011

Dette er framsida på siste medlemsbladet som kom ut i 2011.

mandag 13. februar 2012

Første dag med prikling i 2012

 Dette er spirer av Rhodochiton atrosanguineus, Blodbeger av frø som eg sanka i 2010
 Dette er spirer av Asarina, rosa frå frøboksen
Potter med spirande Lobelia

 Prikleplanter av Blodbeger, 27 stk og Asarina, 28 stk


 Liularia sibrica, desse har kraftige spirer og det vert store kraftige planter på opptil 1,5 m. Dei likar seg i fuktig jord. Den naturlege vekseplassen for desse kjempene er Vest-alpane, Ural, Sibir og Japan.
Codonopsis clematidea, porselensklokke, frøa har eg bytt til meg frå frøbyte i hagelaget og eg trur alle frøa må ha spirt for eg har prikla 35 små spirer med kraftige røter. 

I dette begeret har eg sådd fleire sortar Lobelia og det vart 38 priklepotter.

Dette er prikla, 15 stk, Ligularia siberica, sibirnøkkeltunge. 

Ja så då er eg igang med galskapen. Eg hadde eit forsett om at eg ikkje skulle prikle meir enn 24 planter av nokon sort, og lobelia skulle eg iallefall ikkje ha så mykje av. Vel frosetta mine er brotne etter første prikledag, så får vi sjå seinare, plassmangelen vil vel setje ein stoppar for galskapen.