fredag 24. august 2012

PRIMA INGREDIENSAR.........

Dette er det heile som skal til for å lage det som er noke av det beste eg kan tenkje meg som grunnlag til ein god tomatsaus.

I år har eg hausta mykje meir tomatar enn dei to førgåande åra, kunne gjerne tenkt at det hadde vore meir, men eg har kokt 4 runder med Camilla Plum sine henkogte tomatar.


Her står glasa klar til å setje i omnen, og etter ein par timar så har eg konsentrert godsmak på glas. Det er så godt at eg nesten ikkje tek meg råd til å ete nyplukka tomatar rett frå planta. 

lørdag 18. august 2012

BLOMAR UTAN REGN

Clematisen, NN, har kome igjennom rekkverket og er blomsterrik som aldri før.


På utsida er han like flott og her kjem han litt i bakgrunnen for den enorme kvite stokkrosa som no minst er 3 år.


I år er bedet utvida endå ein gong, her har eg planta 3 oppstamma roser, Look Good Feel Better. I utgangspuunktet eit håplaust namn på ei rose, men etter å ha funne ut kva som ligg bak namnet, så er det heilt OK. Diverre så fekk eg ikkje kontakt med Poulsenroser så fekk laga link til infosidene der. 

Men tidlegare så heitte denne rosa Charlottenborg, men Poulsen gav den namn etter ein kreftorganisasjon med same namn.


Dette er ein sein sort av Verbascum, som eg ikkje veit namnet på.


I det nye bedet, ved føtene av dei oppstamma rosene har eg planta fleire sortar tagetes og ringblomster og det er ein flott fargeklatt.


Pulsatilla, kvit, er i gang med si andre blomstring, rett nok ganske beskjeden og det er slett ikkje så uvanleg.


Månadsjordbæra er framleis søte og gode.


Flott gras, men eg er søren meg ikkje i stand til å finne ut kva slag sort det er.


Anisisopen, Agastashe foeniculum, Golden Jubilee, har overvintra og frøsådd seg rikeleg. Flott plante både i bed i bukett. Luktar godt gjer han og har medisinsk virkning og.


 Ny Dahlia som eg ikkje er sikker på namnet på.

Dette skal vere Onesta.


Dette er meksikanske villgeorginer. Eg sådde dei frå frø i 2011, og dei to første åra stod dei i potter, i år har dei fått plas i georginebedet, og dei er heilt uimotståelege. Enkle friske blomar med ei enorm mengd blomar. 


Dette trur eg er sommargeorgine, Dahlia variablis, Redskin, veldig flott fargekombinasjon på nett denne synest eg.



 Lite oversiktsbilete av ein del av bedet.

Dette er ei tue med ein eller annan sort timian som eg sådde i 2011, no står ho mellom steinar som eg har til å trakke på når eg skal ta meg fram i bedet. Ho er til stor glede for meg og alle insekta som stadig finn nektar.


I fjor stod desse, Alonsoa merdionalis, Rebel, innimellom rosene i rosebedet, i år planta eg alle ved kanten på tunet, der det står noken roser som dei passa bedre i fargen til. Ikkje veit eg kva som er grunnen, men rosene der er ikkje noke å skryte av, men vippeblomsten tek seg av showet.


ENGLETROMPETEN, som eg vann i lotteri på bloggen til Marit. No har han fått opptil fleire knoppar og eg er grueleg spent på kor lang tid det tek frå knoppane dannar seg til det er håp om at dei sprett ut. 


I dette bede har det vorte litt vel mykje samansurium. Eg hadde to sortar Nicotiana, og som Bille heilt korrekt har kommentert, sp vert dei store og ustyrlege. Så har eg planta to sortar Solsikke, Vanilla Ice og Hohe Sonnengold. I tilleg til det har eg tre sortar Flekksolhatt, Moreno, Praerie Sun og Marmelade.




Dei tre bileta over viser Flekksolhattane.


I år sådde eg resten av frøa eg hadde av Paulownia Tomentosa, det er vanskelege frøplanter å ha med å gjere. Dei tåler svært lite, så det var omlag 50% svinn - men no har eg ei flott samling med Keisartre. Dei skal få plass i det nye veksthuset til vinteren og så får eg vone at det går bra.

Tenke seg til at vi skulle få ein fin sommar. Eg er fullt klar over at mange denne sommaren har hatt ein våt og trasig sommar - men her på kysten i Sunnfjord har vi berre hatt passeleg med byer. Så hittil i år har det vorte lite fotografering av blomar med regndråpar på, det har i grunnen vore alt for lite fotografering eg har mest gått rundt og pusla og stelt og styra med alle staudepottene som eg har. Men no skal eg skjerpe meg, eg treng bilete for å hugse og å sjå betre kva som funkar.

VEKSTHUS FRÅ EFFERUS



I dag har eg fått meg nytt veksthus. Det er ikkje montert enno, posten leverte det i dag, no må eg gå nokre runder med meg sjølv og målebandet for å sjå korleis eg best kan plassere det. 
Planen er å bruke huset til vinteropphald for staudepottene mine. Eg reknar og med at eg kan få fram staudene litt tidlegare, både dei som har overvintra og dei som er nyspirte. 
Eg må seie at er ganske spent på korleis det vil fungere. Eg ser at dei plantene som står inne i drivhuset mitt vert fulle av mugg om vinteren. Det reknar eg med kjem av at det vert for tett og fuktig. Eg lurer litt på om eg kanskje skal late ventilane i dette huset stå opne når temperaturen stig, for å lufte ut. Eg har ikkje funne noke å lese om slike hus så her vert det prøving og læring.
Er det noken som les dette blogginnlegget og som har erfaring med liknande hus så er eg takksam for råd og hint.

lørdag 21. juli 2012

TORGHANDEL


I dag har eg vore på Torghandel i kommunesenteret. Eg hadde med meg ei god samling stauder. Noken var frå 2011, men mesteparten var frå årets produksjon. Det er andre gongen i år eg stilt på torget, eller Kultursena, i Dale. Første gongen hadde eg ei blanding av sommarblomar og stauder, denne gongen var det berre stauder. 
Det regna jamt heile tida, men eg hadde funne meg ein god plass under julegrana, og der var det ikkje mykje regn som kom igjennom.
Litt sal vart det, og mange gode samtaler med hageglade likesinna om planter.  Det er fantastisk kjekt å møte hagefolk på denne måten, då kan vi utveksle erfaringar og gode ideear. Vi har alltid eitkvart å snakke om, og for meg som er heilt analfabet når det gjeld "smalltalk" så er dette ein god måte å komme i kontakt med folk. 
Det er ganske mykje arbeid i forkant med å gjer klar plantene for sal. Eg vil gjerne at dei skal ta seg godt, og at pottene skal vere fri for ugras, så når eg held på så tenkjer at dette vert for mykje for meg, men no tenkjer eg at dette vil eg halde fram med.
Planta på biletet over er Silene asterias. Den er avblomstra no, eg hadde ikkje med noke godt bilete av ho, og då er ho ikkje så lett å selje. Då eg stod på torget forrige gong så hadde eg med ei i blomst, og då selde eg alle plantene eg hadde med på null komma null. I dag hadde eg med Silene virginica, den var i blomst, men den var ikkje så lett å selje, sjølv om det er ei sjeldan smelle.

tirsdag 26. juni 2012

DRIVHUSET SISTE VEKA I JUNI

Her står tomatplantene på rekkje og rad.

 Amazon Chokolate, store flotte bifftomatar.
Bloody Butcher har fått litt farge. No er det like før det brakar laust med tomatmodning. I år ser eg verkeleg lyst på det. Det skal nok verte tomatar av alle slag og litt for alle smakar.

BLOMSTRING SISTE VEKA I JUNI

Dette bedet har eg tenkt skal vere blått, men så tronar det ei stor raud valmue midt i.

Dette bedet skulle i utgangspunktet vere eit reint rosebed, og eg brukte fleire å på å bestemme meg for å plante inn stauder og sommarblomar. Etter at mange roser fraus  forrige vinter, så vart det enkelt å bestemme seg for at no var det på tide å få inn noke anna. No er det dominert av røvebjøller. Langs vegkanten står det månadsjordbær og lavendel. 

Her er rosebedet til venstre og georginebedet til høgre. Det er overvintra og litt nye knollgeorginer som står her.

 Dette er eit bed med stauder og litt sommarblomar etterkvart. Enno er det heilt dominert av røvebjøller og kongslys. Den berre molda til høgre er siste nye del av blomstrebedet som skal fyllast med nysådde stauder og sommarblomar.
 Her er gangen opp til drivhuset og til høgre står det Nicotiana, tobakksplanter, Helianthus, solsikker og 3 sortar Rudbeckia, flekksolhatt. Og så er det tusenfryd.
 Dette er Papaver somniferum, Paeony Flemish Antique. Aldeles forførande vakker, og denne sorten skal vere gjenkjend på teikningar frå 1659. No er ikkje den første blomen som har opna seg så fylt som på bileta, så eg får vente å sjå om ho vert meir lik. 
 
Silene asterias er ei plante som godt kan brukast lupe på blomsten. 
 Dette er Schizanthus wisetonensis, Monarch, hagesplittblom eller fattigmannsorkide, dei har ein ufatteleg blomstrerikdom.
 
Polemonium pausiflorum, frøa til denne har kome frå UnaCita, og det er så vakre blomar at dei er vel verdt å legge seg på kne for å nyte.
 Lamarkia aurea, gullgras.
Vi har smakt på dei første månadsjordbæra, nam nam...

Geranium pratense striatum, Splish Splash, frø frå Magnar. Denne er eg stolt av.

Iris

Phlox drummondii, Sternensuber Mischung

 Mimulus lewisii
Pottene ved inngangsdøra, har fått sjølvsådde lobelia i fargeblanding, Amaranthus og raudblada kløver. Eg er veldig fornøgd med fargane, og etterkvart som Amaranthusen veks så vert det litt høgde og.

Dette er litt av blomane på Amfjell no. Vi har nesten ikkje hatt regn sidan 18. mai. Regnet har tørka før det har rokke bakken. For min eigen del så kan det ikkje falle meg inn å klage, eg har rikeleg tilgang på vatn og god tid til å vatne. Det kan verte mange år til neste gong det vert så lite regn. No er det tretti år sidan.
Håpar de alle kan nyte denne siste juniveka - det skal eg!
Og tusen takk for alle kommentarar til innlegget om røvebjøllene mine.

Endå ei..


Jammen var det ein farge til mellom røvebjøllene mine. Denne er lys gul og har eit mykje lysare bladverk enn dei andre og.