lørdag 12. februar 2011

FRØ AV KLEMATIS


I dag har eg renska frø av klematis som skal brukast som bytefrø i Frøpakke 2 som forhåpentlegvis kjem på rundtur snart. Haugen til høgre er frøa sine vengjer som eg vil tru dei brukar når dei vil flytte langt vekk frå mora. Det til venstre er frø med litt restvenger. I tillegg til nokre sortar klematis så har eg laga til ein pose med frø av Blodbeger. Eg håpar at dei som får av dei får like godt spireresultat som eg har fått. Det er vel i seinaste laget å så blodbeger no, men det er mindre enn 11 mndr til neste såing av blodbeger.
Har nett vore ein tur i planteromet og vatna ørlite. Når spirene er så ørsmå, nyprikla og lita rot til å ta opp vatn, så er det viktig at dei får akkurat nok vatn. Det skal ikkje mykje til før det vert formykje eller forlite, begge deler med like dårleg resultat.
Eg tykkjer det er så fantastisk med den flotte grønfargen på spirene, sjølv om eg har planter i glaskarmen som er grøne, så er det noke heilt spesielt med grøne spirer. Der ligg det mykje håp.
I dag har det vore frå klårt til lettskya, bris frå aust og omlag 0 grader, i natt var det -8.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar