torsdag 23. juni 2011

Brullaupsfest

 Eg hadde fått i oppgåve å få fram blomar til dotra og svigersonen vår sin brullaupsfest som var i helga. Eg hadde og planter om å ta bilete av produkta, men det vart no så som så med fotograferinga. Men litt fekk eg fotografert. Det var eit stort område som skulle pyntast så vi måtte konsentrere oss om nokre få plassar. På baksida av huset vart det sett opp eit partytelt ettersom veirmeldingane lova både sol og regn. Dei heldt lovnaden, men det letta opp ut på kvelden og vart tetteleg fint. I teltet stod det nokre få bord med stolar rundt og det var pynta med Flittige Lise og Pelargonia. I tillegg var det
 mange lyslykter som stod på borda, hang i taket og plasserte på bakken.
 I matsalen der middagen vart servert var det ei veninne som stod for pynten og ho hadde valgt pynt i grønt og kvitt. Ho hadde fått fram ei høgtideleg, enkel og svart vakker stemning.
 I taket, som det viser litt på biletet, hadde ho hengt opp ei mengd vimplar i mange ulike fargemønster i grønt og kvitt. Ho hadde og klipt ut motiv frå det same papiret som ha hadde limt på kubbelys, og ho hadde laga potteskjularar av det same papiret. Eg hadde neppe våga å gjere det så enkelt, men ho fekk til fulle dokumentert at det enkle, men eg trur det var særdeles arbeidskrevjande, var det rette for dette romet.
Ein etasje opp av det Arabia og austen som var tema. Her var det flotte teppe på golvet, utlånt av ei anna veninne, massevis av puter, og farga telysglas. Her vart det servert kaffi og kaker.


                         Dette er pynt på kakebordet, flytelys og peonar i glasskål.


Midt på biletet er ei Amerikansk ostekake med rabarbragele av råsaft på toppen. Den smakte himmelsk som dei andre kakene gjorde og. 

I tillegg til desse blomane hadde eg Heuchera i grønt og raudt. Så hadde bruda kjøpt fiolar, georginer, eføy og litt meir. Så fint vart det. Eg tykte det var litt trasigt at eg ikkje fekk fram dei kvite løvemunnane, kvite cosmosane  dei to kvite skjermplantene, men så vart det og det la slett ingen dempar på festen. Ein fantastisk fest frå ende til annen der alt klaffa.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med bortgiftet datter! :-) Så flott at flere gikk sammen om å pynte. Ja, dumt at du ikke fikk fram alle de andre plantene, men det var det vel bare du som visste om? Jeg hadde ikke turd å satse på plantelevering i det hele tatt, for jeg hadde nok sittet med små frøplanter på bryllupsdagen, hehe. Sånn kake har jeg aldri hørt om før, hørtes frisk og god ut!

    SvarSlett
  2. Takk Bille. Det er verkeleg ei kake å prøve. Eg har laga ho mange gonger tidlegare for meir enn 10 år sidan. så når eg no fekk i oppgåve å lage ho att så laga eg tre øvingskaker før eg vart nøgd. Ho skal steikast i ovn, og det er viktig med rett tid i ovnen. Dersom det er interesse for det, så legg eg gjerne ut oppskrifta på bloggen.

    SvarSlett