mandag 25. juli 2011

Blomar i sorg og glede

Eg kjenner at eg kan ikkje gå vidare med blogginnlegg før eg har markert tragedien som råka oss alle så brutalt fredag 22. juli.
Eg har tilliks med resten av nasjonen vore vitne til og delteke i sorg og sjokk, og eg ser korleis vi yttrykkjer vår måte å delta i sorga.
Plassen utanfor Domkirka i Oslo er eit hav av blomar, lys og flagg. Dette er symbol som føl oss frå vogge til grav og som er sterke symbol når ikkje ord strekk til.

2 kommentarer:

  1. Kære Else
    Jeg føler med dig/jer
    kh Lone.g

    SvarSlett
  2. Kjære Lone, takk! I kveld har heile nasjonen vore samla i tog og andre markeringar. EG har og sett at nabolanda våre har delteke i eitt minutt stillheit kl 12 i dag. EG tenkjer på ungdomane som har mist livet, men det som eg tykkjer er vanskelegast å tenkje på er kva alle som var på Utøya vart utsette for i den tida terroren varde. Eg får håpe dei får hjelp til å leve vidare. Endå ein gong takk!

    SvarSlett