torsdag 30. august 2012


August og september er tida for dei store knollgeorginene, Dahlia, og eg viser her eit lite knippe av dei som no er i gang med blomstershowet sitt. I år har det tydelegvis vore eit perfekt år for å få fram store flotte georginer. 

Dei treng rikeleg med gjødsel og vatn heiter det, vatn har dei fått godt av i juli og i august, i juni vatna eg dei rikeleg. Gjødsel fekk dei då eg planta dei i sommar, rikeleg med hønsegjødsel og beinmjøl. Eg hadde rekna med at eg måtte fylle på med gjødsel i juli, men dei viser ingen teikn til næringsmangel, snarare tvert imot. Det har vore litt lite med sol i det siste, men det kan eg ikkje gjere noke med. 


 


Denne er ny av året, og ifylgje lappen så er det ei kaktusgeorgine som heiter Fringed Star. 





Til slutt eit oversiktsbilete sett frå gangdøra. Den kraftige planta litt til høgre er duehovud, Chelone obliqua, det viser ikkje så godt på biletet men ho er har ein klematis som slynger seg i henne og ein Cosmos. Dersom hausten sler til med sol og varme så vert det eit flott felleskap. Då vert det nok skrytebilete.                       Hausten står for døra, denne veka har vi hatt ei natt med 3,5C, men no har det kome oppatt på omlag 10C om natta. Dette minner meg om at det no er på tide å gå ut å late att drivhusdøra for natta. I morgon skal vi til å rydde midlertidig plass til plastdrivhuset som skal huse staudepottene i vinter.                       Då må de alle ha ei god helg!                                                              PS. no har eg fjerna dette herket med at det må skrivast inn tal og bokstavar for å få posta kommentar på bloggen min. Eg var ikkje klar over at eg skulle ha haka av på ein annan plass på innstillingar. Gje ein lyd dersom det ikkje funkar no.                   Men no har eg lese i Anne på Moseplassen sine instruksjonar og funne ut av korleis ting kan gjerast. 


13 kommentarer:

  1. Ja, det er greit å slippe den bokstavkontrollen. Jeg la meg til som følger av bloggen din. Jeg trodde at jeg var det fra før, men nå er jeg i alle fall det :-) Ha en fin helg du også.

    Ps. Når jeg skulle skrive kommentar så var bokstavkontrollen der fortsatt.

    SvarSlett
  2. Så flotte georginer!
    Og er glad for å slippe denne stavkontrollen...den er så ekkel:)
    God helg til deg og lykke til med jobbene:))

    Ups...ser stavkontrollen er der ennå....

    SvarSlett
  3. Svar til Marit og Inger Marie, sorry, då må eg studere dette meir i morgon. Er det noken der ute som les dette og veit kva som må til for å fjerne Bokstakontrollen, så er eg svært glad for tips.

    SvarSlett
  4. Fekk ikkje gå til ro før eg hadde prøvd å løyse problem med Bokstavkontrollen. No har eg prøvd å svare nei på ordrebekrefelse. Håpar problemet er ute av vegen no. Ventar spent på respons. Men no går eg til ro. God natt!
    Og til Marit, velkomen til å følgje bloggen min.

    SvarSlett
  5. Ja det var litt av en bilde serie med farger og former.
    De er så flotte og gir så mye nå på slutten av sommeren.

    Jeg har lyst på hvite til neste sommer for de er så nydelige ,og når jeg ser dine er jeg ikke i tvil ,,de må jeg ha,,

    Fine bilder Else ,god helg.
    Maritklem.

    SvarSlett
  6. Georginene er en av mine favoritter, har nettopp vært ute i hagen og plukket inn en bukett av dem.

    Så bra du løste problemet med disse bokstavene, takk for hilsen inne hos mæ, ha ei fin helg,

    hilsen Lisbeth ;(

    SvarSlett
  7. Ja... Annes instruksjoner er gull verdt!
    Jeg har prøvd georginer for første gang i år, men det har vært en stor nedtur. Noe mere fristende for sneglene kunne jeg knapt ha plantet.
    Så da får jeg kose meg med andre sine fine georginer... enn så lenge!

    SvarSlett
  8. Aldeles nydelige var georginene dine.
    Same problemet her, eg har heller ikkje visst at eg hadde den hersens robotgreiene før eg fekk ei melding om at det var umulig å kome gjennom. Når eg var inne for å fjerne den gjekk heile bloggen til streik så har hatt meg eit svare strev siste dagane. Og har berre midlertidig fått den nokon lunde igjen.
    Håper det er ordna med meg og no.
    Ha ei super helg :)

    SvarSlett
  9. Så flotte og frodige georginer du har! Fringed Star var nydelig! Jeg likte godt den røde på bildet nedenfor også. Det ser ut til at de har fått godt stell i alle fall. Jeg er redd for at mine ikke har fått så mye gjødsel, men de ser bra ut likevel!
    ja, kommentering på blogger som har bokstavgodkjenning er noe herk, og ofte må jeg prøve flere ganger før det går inn! Da mister en nesten lysten å prøve, så flott at du har fjernet det!
    Ønsker deg en fin helg!

    SvarSlett
  10. Georginer er de beste blomstene syns jeg...og det fins jo så mange ulike! Jeg sår georginer av både kjøpt og eget laget frø! Det er veldig spennende. Har fått kjøpt billig knoller også så her blir det kjelleren full! Det er det verste og det beste med de!
    Håper det ikke blir frost på lenge for georginene kom sent igang i år!
    Hilsen Anne Marit

    SvarSlett
  11. Jeg er dessverre ikke georgineelsker, latskapen min er nok skyld i det. Men det herlig å kunne nyte andres prakteksemplarer. Og for et utvalg du har!

    SvarSlett
  12. Fantastic photographs, beautiful flowers, I like such views. I am greeting

    SvarSlett
  13. Jeg kom bare lige forbi.
    Hvor har du mange smukke georginer.
    Tak for kigget.
    Ha` en dejlig aften.

    SvarSlett