Ei skål full av frø frå Angelica gigas.
onsdag 30. september 2015
Frøliste 2015 - frø for sal.
søndag 9. august 2015
Stauder for sal
Det har teke si tid før det vart lagt ut liste over planter for sal dette året. Ein god del stauder vart musemat i vinter, forsommaren var kald og treg og sommaren har vore familiesommar. Men no har eg ein god del fine planter ståande dersom det er interesse. Nokre sortar er det berre få att av og andre har eg mykje av. Eg sender dei to første dagane i veka, for at plantene skal kome fram før helga og ikkje vert liggane over helga i ein varm butikk.
På venstre side her på bloggen ligg lista over staudene eg har i 2015.
mandag 18. mai 2015
IKKJE KVAR DAG EG HAR NETT
Kvart år sår eg Flittige Lise og dette er ein av to variantar som eg har sådd i år. Impreza Sherry Splash er namnet.
Denne her Pulsatillaen derimot, veit eg ikkje namnet på. No er eg sovidt igang med å herde sommarblomane. Det har vore kjøleg om dagane og om nettene så har det vore ned mot null, og då vert ikkje det herding, men stopp i utviklinga av plantene. Så no er det ein herleg runddans med fiberduk av og på.
fredag 24. april 2015
Tomatsesongen er i gang
No er det snart eit år sidan siste blogginnlegg, fekk det ikkje til å blogge frå mobilen og så fann eg ut at eg fekk halde oversikta på annan måte. MEN no ser eg at eg ikkje kan klare meg utan blogginga. Det er ei ypperleg anledning til å gå attende for å sjå korleis det har vore tidlegare.
Sidan sist så har eg oppretta profil på Facebook, det er jo kjempeenkelt å bruke til å legge ut bilde og informasjon til dei som er planteinteresserte rundt meg, men som dagbok til å gå attende i er det ikkje noke særleg godt alternativ. Så no er eg attende i folden og det vert kjekt å følgje med i alle bloggane til dei eg hadde kontakt med tidlegare. Eg ser at de har vore aktive med innlegg så no skal eg ta ein kik.
Men i dag har eg planta tomatane opp i plantekassane, den første blomen synte seg i dag. Det må vere minst ein månad enn nokon gong før.
I år har eg hatt plantene i drivhuset sidan februar og dei har aldri vore finare enn i år. Det har nok gått ein del meir straum, men du og du for ein fryd det er å komme inn i huset å sjå alt som er på gang.
Dersom det er noken av dokke tidlegare trufaste som les dette så kan eg seie at eg har det bra. Det har vore eit godt år for meg og mine. For eigen del så kan eg vel seie at takka familien og drivhuset og plantene så har eg det bra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)