lørdag 12. mars 2016

Cosmos atrosanguineus spirer


Ikkje så at det er ein sensasjon, men det er første gong eg har funne frø av denne arten. Sjokoladekosmos får berre sterile frø i USA og Europa, men ein gartnar i Russland sel slike frø, og eg har kjøpt dei av Seedsite eit frøfirma som eg ved eit tilfelle fann i år. Det var 10 frø i pakken, fem sprier kom opp, men den femte spira utvikla seg ikkje vidare så no har eg fire håpefulle att. 
Eg har tidlegare hatt ei sjokoladekosmosplante i potte, eg prøvde å overvintre den inne, men det vaqr ingenting att i potta då eg tok ho framatt om våren. Det kan jo tenkjast at dei hadde vorte mat for mysene. Får prøve att til hausten, dersom plantene veks seg store og fine igjennom sommaren.
God helg til alle!

4 kommentarer:

  1. Finnes det virkelig frø til denne? Det blir spennende å se hvordan de utvikler seg videre!
    Ønsker deg lykke til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eg er veldig spent på resultatet og ikkje minst om eg får overvintring.

      Slett
  2. Hei, fikk du plantene til å vokse videre og gi blomster? Jeg har prøvd det samme nå med frø fra Impecta, alle frøene spirte, og er spent om plantene vil fortsette å bli fullverdige planter.

    SvarSlett
  3. Dei voks, eg fekk to planter som det vart blomar på. Men knollane overvintra ikkje.

    SvarSlett