Her er kandidaten som skal delta i X-faktorkonkurransen Orange. Eg må vedgå at eg slett ikkje er sikker på kva slags art dette er, men reknar med at det er ein Potentilla. Dette er den som er i alle hagar her rundt omkring og det ser ut til at dei tåler det meste. Eg likar dei godt, kanskje aller mest på grunn av det fine bladverket, men og fordi ho kjem trufast med orange blomar heile sommaren, dersom eg passar på å ta vekk dei som er avblomstra. Fin til botndekke. Lykke til i konkurransen.
Dersom nokon kan gje meg eit hint om identifikasjon så er eg takknemleg.
