Ikkje så at det er ein sensasjon, men det er første gong eg har funne frø av denne arten. Sjokoladekosmos får berre sterile frø i USA og Europa, men ein gartnar i Russland sel slike frø, og eg har kjøpt dei av Seedsite eit frøfirma som eg ved eit tilfelle fann i år. Det var 10 frø i pakken, fem sprier kom opp, men den femte spira utvikla seg ikkje vidare så no har eg fire håpefulle att.
Eg har tidlegare hatt ei sjokoladekosmosplante i potte, eg prøvde å overvintre den inne, men det vaqr ingenting att i potta då eg tok ho framatt om våren. Det kan jo tenkjast at dei hadde vorte mat for mysene. Får prøve att til hausten, dersom plantene veks seg store og fine igjennom sommaren.
God helg til alle!









