søndag 13. februar 2011

SOLNEDGANG TORSDAG KL 17.10


So vakkert kan det vere når sola går ned på ettervinteren. No klyv sola over Tårnet om ettermiddagen, så vi har sol heile dagen til ho går ned i havet om kvelden. HERLEG.
I dag har eg som vanleg skjekka om det er nye sprirer som tittar fram, og då såg eg ei kjempe som hadde brote seg fram gjennom natta: Ipomea alba, månevindel, det er eit gigantisk frøblad som no held på å folde seg ut. Eg har lese litt om planta og klarar eg å få den fram, det ligg nokre fleire frø og ventar, håpar dei kjem og, så har vi noke å sjå fram til i fine sommarneter.
I dag er det vind frå nordaust, klår morgon, men no skyar det til frå sydvest. 2,5 grader.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

  1. Hei Tanta. :)
    Etter og ha leita ei lita stund so fant eg bloggen din. Eg har sjølv brukt denne her bloggen tidlegare. So logga meg inn, og fant deg.
    Skal legge den til i favorittar, so skal eg no komme innom og kike :)
    Ha en fin kveld :)

    SvarSlett
  2. Hei Johanne, kjekt med besøk på bloggen. No er vi på plass i Haugesund. Det er vinterferie her denne veka.

    SvarSlett