I kveld er det regn, 3,3C og lett bris. Det har vore ei våt og svært vindfull jul, det er usemje om denne julestormen var verre enn nyttårsorkanen for 20 år sidan. Det har vel vore lokale forskjellar, på vårt knappe mål tomt har det gått bra, det gjorde det den gongen og, men andre hadde det verre både no og då.
Hageåret har vore vått, frodig og godt. Det har ikkje vore trong for vatning. Det var ein lang, kald og snørik vinter, våren vart kort, avløst av ein voldsom varme i slutten av april og inn i mai, men så dabba det av og etter det så vart det svært vekslande. Hausten og førjulsvinteren i år har vore våt og mørk.
Drivhussesongen vart etter forholda god, eg kunne ha vona på tidlegare og betre avling på tomatane, men tenkjer at alt vert betre til neste år.
Eg har sådd ein god del staudefrø, så har eg kjøpt ein god del frø frå Planteliste, frøpakken kjem rett etter nyttår og eg har mange spennande frø som ventar på god fuktig jord og varme. I tillegg skal eg arrangere ein frøbytekveld i hagelaget og då reknar eg med at der og kan dukke opp noke spanande.
Eg gler meg til eit nytt Hageår med god kontakt med alle andre hageinteresserte og til at vi kan dele sorger og gleder, gje og få ros og trøst. Eg har vorte så utruleg glad og stolt over kvart rosande ord eg har fått i året som gjekk og eg har teke dei til meg kvar eitt. Ein av grunnane til det er at dette kjem frå personar eg ikkje kjenner og som ikkje har anna att for å rose meg enn at dei kjenner ordspråket:
Den største gleda du kan ha er å gjere andre glad. Takk!
GODT NYTT ÅR!
Gleder meg til å følge deg og bloggen din videre i 2012.
SvarSlettØnsker deg et riktig godt nytt år!
Lister meg stille immom for å ønske deg et Godt Nytt År! Du har en flott blogg som jeg gjerne besøker også neste år ;)
SvarSlettDet gjør så godt å få være med ut i hagen din, se hva du bryr deg med, se hva du får til :) Jeg gleder meg til å følge deg videre inn i 2012, og håper på et godt helseår for oss begge! Og tusen takk for den varmende kommentaren du la inn i går :)
SvarSlett*klem*
ps: du jeg så at en blogg jeg veit er lagt ned var aktiv i blogglista di. Det er bloggen Kathrinehagen, og den har blitt tatt over av et firma som slettes ikke driver med hage... (når man sletter en blogg så blir bloggadressen gjort tilgjengelig etter en viss tid, det er vel det som har skjedd her)
SvarSlettForeslår at du sletter Kathrinehagen fra lista di :)
Takk for fin nyttårshelsing. Ønsker deg også riktig godt nytt år!
SvarSlett