I dag var det sol og fint nokre timar, då kunne eg ikkje utsetje det lenger. Fuksiane måtte ribbast og setjast i vinteropplag. Det er litt vemodig å ribbe vekk knoppar og blomar, og endå kunne eg hatt mykje glede av plantene dersom eg hadde teke dei inn i stova, men det er godt å få dei rydda vekk.
Eg brukar å pakke plantene i isoporkassar, men no er alle vortne så store at eg tek dei ut av potta, og set klumpen i ein plastpose. Eg ribbar vekk mesteparten av lauv og blomar før eg får plassert dei i ein blindkjellar som er frostfri.
Her står dei pakka og klar framfor luka. Eg har 2 planter med sitronverbena som og skal ha same opphald. Det er første året med sitronverbena, vonar at dei tåler vinteropphaldet sitt.
Alle kassane med staudepottene har kome på plass i veksthuset. Planta som er i ampelen som heng i taket er ei rosa asarina, den har vore inne i veksthuset i heile sommaren, og no håpar eg at eg kan få modne frø. Eg må nok ta ho inn på planteromet dersom det vert kaldare, men enno heng ho her.
Eg har teke ei blodbegerplante og sett på planteromet, den er full av runde frøhus, så det vert nok rikeleg frø å frotse i til vinteren. Eg har og teke ei blodbegerplante å sett inn i stova, ettersom ho vert rekna som potteplante hjå Impecta. Kjem nok til å blogge om den seinare.
No er eg komen i førjulsmodus, eg er i full gang med julebroderi. Det er mange år sidan at eg har helde på med slikt, men det er kjekt å lage noke som vert så fargerikt og fint.
Ha ei flott veke!