onsdag 30. oktober 2013

SISTE REST AV SOMMAREN ER PAKKA VEKK

I dag var det sol og fint nokre timar, då kunne eg ikkje utsetje det lenger. Fuksiane måtte ribbast og setjast i vinteropplag. Det er litt vemodig å ribbe vekk knoppar og blomar, og endå kunne eg hatt mykje glede av plantene dersom eg hadde teke dei inn i stova, men det er godt å få dei rydda vekk.
Eg brukar å pakke plantene i isoporkassar, men no er alle vortne så store at eg tek dei ut av potta, og set klumpen i ein plastpose. Eg ribbar vekk mesteparten av lauv og blomar før eg får plassert dei i ein blindkjellar som er frostfri.

Her står dei pakka og klar framfor luka. Eg har 2 planter med sitronverbena som og skal ha same opphald. Det er første året med sitronverbena, vonar at dei tåler vinteropphaldet sitt.

Alle kassane med staudepottene har kome på plass i veksthuset. Planta som er i ampelen som heng i taket er ei rosa asarina, den har vore inne i veksthuset i heile sommaren, og no håpar eg at eg kan få modne frø. Eg må nok ta ho inn på planteromet dersom det vert kaldare, men enno heng ho her.
Eg har teke ei blodbegerplante og sett på planteromet, den er full av runde frøhus, så det vert nok rikeleg frø å frotse i til vinteren. Eg har og teke ei blodbegerplante å sett inn i stova, ettersom ho vert rekna som potteplante hjå Impecta. Kjem nok til å blogge om den seinare.
No er eg komen i førjulsmodus, eg er i full gang med julebroderi. Det er mange år sidan at eg har helde på med slikt, men det er kjekt å lage noke som vert så fargerikt og fint.
Ha ei flott veke!

8 kommentarer:

  1. Ja, det er nu litt vemodig og pakke ned blomster og løker for vinteren, for da er liksom sommeren virkelig slutt.

    Æ har pakket inn masse julegaver idag og sortert de i forskjellige poser, syns det er greit og få unna det som er handlet inn og er ferdig.

    Har ennu endel og handle inn, men kjøper etterhvert æ e i byen litt nu og da :)
    Greit og starte tidlig , for da er det ikke noe stress her i huset i desember, bare kos.
    Så da er både du og æ u julemodus hehehe ;D

    Ha en fin kveld, Else.

    Lisbeth :)

    SvarSlett
  2. Du er jammen flink til å ta vare på plantane dine:) Kunne vel gravd opp den einslege fuksiaen min, eg også...

    SvarSlett
  3. Du må ha et mildt klima for å kunne oppbevare plantene sånn, men det er det vel hos deg antar jeg? Her har jeg tatt alle plantene inn i kjelleren hvor jeg har på lys hele tiden. Jeg har også tatt inn blodbeger, og håper at de skal få frem modne frø. Jeg broderte mye før, men det er lenge siden nå. Jeg strikker julegaver i steden :-)
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  4. Du har full kontroll på vinterforberedelsene ser jeg. Vi hadde også ganske fint vær i går. Jeg stod og så på fuksiaene her også, men hadde ikke hjerte til å ta de inn enda. De blomstret så fint. Jeg har også en del potter med årets staudesådd som jeg tenker å få under tak. Tror det vil bedre overlevelsen. Jeg mistet en del planter i potter forrige vinter.

    SvarSlett
  5. Hei Else.
    Det er greit å få gjort det som må gjøres, og det er jo så mye triveligere i
    godvær.
    Du har mange planter å ta vare på, mine må ned i kjelleren.
    I høst tok jeg inn alle mine tårer også, de som overvintret i fjor ble så fine og tidlig i blomst.
    Her strikkes det genser med masse mønster så mine små grå jobber så det knaker hehe.

    Ha en fin helg.

    SvarSlett
  6. Det har vore lenge mildt hos deg sia du har hatt ute plantene så lenge. Det er jammen godt når innhaustinga er gjort. Her har det vore fleire kuldegrade periodar så mine er komt i lagermodus for lengst.
    Spennande med alle staudene som du har til overvintring, skal vel i nettbutikken din til våren dei då :))
    God helg.

    SvarSlett
  7. Hei Else, er bare innom dæ for og ønske dæ ei riktig god jul.
    Håper du har det bra.

    Lisbeth :O)

    SvarSlett
  8. Godt nytt år!
    Takk for et hyggelig blogg-år:)

    SvarSlett