søndag 13. februar 2011

SOLNEDGANG TORSDAG KL 17.10


So vakkert kan det vere når sola går ned på ettervinteren. No klyv sola over Tårnet om ettermiddagen, så vi har sol heile dagen til ho går ned i havet om kvelden. HERLEG.
I dag har eg som vanleg skjekka om det er nye sprirer som tittar fram, og då såg eg ei kjempe som hadde brote seg fram gjennom natta: Ipomea alba, månevindel, det er eit gigantisk frøblad som no held på å folde seg ut. Eg har lese litt om planta og klarar eg å få den fram, det ligg nokre fleire frø og ventar, håpar dei kjem og, så har vi noke å sjå fram til i fine sommarneter.
I dag er det vind frå nordaust, klår morgon, men no skyar det til frå sydvest. 2,5 grader.
Posted by Picasa

lørdag 12. februar 2011

FRØ AV KLEMATIS


I dag har eg renska frø av klematis som skal brukast som bytefrø i Frøpakke 2 som forhåpentlegvis kjem på rundtur snart. Haugen til høgre er frøa sine vengjer som eg vil tru dei brukar når dei vil flytte langt vekk frå mora. Det til venstre er frø med litt restvenger. I tillegg til nokre sortar klematis så har eg laga til ein pose med frø av Blodbeger. Eg håpar at dei som får av dei får like godt spireresultat som eg har fått. Det er vel i seinaste laget å så blodbeger no, men det er mindre enn 11 mndr til neste såing av blodbeger.
Har nett vore ein tur i planteromet og vatna ørlite. Når spirene er så ørsmå, nyprikla og lita rot til å ta opp vatn, så er det viktig at dei får akkurat nok vatn. Det skal ikkje mykje til før det vert formykje eller forlite, begge deler med like dårleg resultat.
Eg tykkjer det er så fantastisk med den flotte grønfargen på spirene, sjølv om eg har planter i glaskarmen som er grøne, så er det noke heilt spesielt med grøne spirer. Der ligg det mykje håp.
I dag har det vore frå klårt til lettskya, bris frå aust og omlag 0 grader, i natt var det -8.
Posted by Picasa

torsdag 10. februar 2011

FELICIA HETEROPHYLLA

Zuluaster som den vert kalla i Sverige.
Dette vart ein av favorittane mine som krukkeplante i fjor og i dag har eg sådde nye frø.
Ein nydeleg blå farge, med sølvperler i midten. Den kom tidleg i blomst og gledde meg langt utover sommaren. Dersom eg hadde klypt ho ned når blomstringa dabba av så hadde den truleg vart lenger.
No er det stor aktivitet på planterommet, såing, spiring og prikling nesten kvar dag.
I går fekk eg ei ny hylle med plantelys over, så no har eg 3x1,50m.
Ortaket om at "Mykje vil ha meir" vert meir og meir sant for meg.
I dag er det sludd, lett bris og 1,5 grader. Yr-varselet seier at frå imorgon vert det minusgrader og opplett i 10 dagar framover. Då vert det lysare i veiret og så kjem Per varmestein og plutseleg er det vår. Eg kan ikkje sjå at det er noko som livnar til i beda mine, med unnatak av at eg ser pionspirer såvidt.
Posted by PicasaDette er dagens frøsådd:
MimosaSanseplante?Mari
Alonsoa meridionalisRebelVippeblomstEttåringImpecta
Cerinthe major purpurascensPride of GibraltarStor voksblomstEttåringImpecta
Clitoria ternateaDuevingeEttåringMari
Felicia heterophyllaThe BluesZuluastersEttåringImpecta
Nicotiana alantaGrandifloraVengetobakkEttåringImpecta
Asparagus plumosusSløraspargesPotteplanteImpecta
Impatiens wallerianaSuper Elfin Blush ImprovedFlittige LisePotteplanteImpecta

tirsdag 8. februar 2011

FRØSÅING 7. OG 8. FEBRUAR


Posted by PicasaPussige frø, gjev pussig plante.  Dette er frø som eg fekk av Mari på Hagegal. Som det går fram av lappen så er planta lite prøvd i Noreg, men eg har ikkje lese noke om at dei forsøka som har vore, har vore mislykka.
Eg held på å lage plantelappar til alle frøslaga som vonleg vert planter om litt. Ideen til lappane har eg fått på Hagegal, og no skriv eg ut lappar med bilete og litt informasjon om planta.  Då er det mykje enklare å vite litt meir om planta enn berre eit namn som kanskje berre er latinsk.
Etter at eg har klypt lappane til så laminerer eg dei og klypper dei til att så det vert fine plantetikettar.  Håpar berre ikkje at skjora tykkjer det same når dei kjem ut til våren.
I tillegg til sålista under så har eg lagt nokre frø i vatn og noken til stratifisering i kjøleskåpet.
I dag har det vore snø og sludd, 1-2 grader, men no er det litt lysare i veiret og det melder om kjøligare veir.
 

CrocosmiaLuciferVærhaneStaudeMari
Heliotropium arbrencensMarine'LuktheliotropEttåringImpecta
Ipomoea albaMånevindelEttåringMari
Cephalaria gigantheaGullknappStaude
CistusKvit småbladaSolroseStaudeMari
Darmara peltataStaudeMari
Echinops spKuletistelStaudeMari
Verbascum phoeniceumViolettaPurur kongslysStaudeFrøtorvet
Aristolochia baeticaMari
Cistus ladaniferSteinroseBuskMari
Commelina dianthifoliaHimmelsblommaEttåringMari
Salvia viridisDusksalvieEttåringMari
ArtiskokkArtiskokkGrønsakMari
DagliljeDagliljestaudeMari
Paulownia tomentosaKjeisertreTreFrøtorvet

mandag 7. februar 2011

SÅLISTE OG SPIRING

Dette er sålista 3. februar og i dag spirer Erysimum cheiri, gyllenlakk og Verbena speciosa, hengeverbena. Noken fleire var åt å krype over jordskorpa, dei kjem eg attende til i morgon.  I dag er det regnbyer, vindstille og 3 grader.


Asclepias physocarpusHedgehogsEttåringMari
Aubrieta cultorumLeichtliniiHageputeStaudeImpecta
Aubrieta cultorumWhitewell GemHageputeStaudeImpecta
Convolvulus tricolorBlue EnsignTrikolorvindelEttåringMari
Convolvulus tricolorRoyal EnsignTrikolorvindelEttåringMari
Dendranthema x grandiflorumFanfare MixedKrysantemumStaudeMari
Eccremocarpus scaberFakkelrankeEttåringMari
Erysimum cheiriTudor roseGyllenlakkstaudeMari
Fragaria vescaAlexandriaMarkjordbærBærCamilla
Fuchsia x hybridaBallerina MixFuksiaPotteplanteMari
GazaniaGazaniaEttåringMari
Gladiolus italicusstaudeMari
Lobelia erinus pendulaCascade WhiteHengelobeliaEttåringMari
Rosmarinus officinalis RosmarinUrtCamilla
Scabiosa caucasicaPincushion MixedKaukasusskabiosaStaudeMari
Senecio cinerariaSilver dustSølvkransEttåringFrøtorvet
Solenostemon scutellarioidesWarpaintSpragleEttåringMari
Stevia rebaudianaSukkerplanteFleirårFrøtorvet
Thalictrum rochebrunianumLavender mistFrøstjerneStaudeMari
Valerian St. GeorgeVendelrotStaudeMari
Verbascum thapsusFiltkongslysToårigMari
Verbena x hybrida MistyVerbenaEttåringMari

torsdag 27. januar 2011

STOOOR FRØPAKKE


I går fekk eg frøpakke hjå Mari, det var med skjelvande fingrar eg opna og byrja å lese på posane kva som var inni. Ei svært god blanding av sommarblomar, stauder, grønsaker og urter. Det var nesten ingen sortar som eg hadde frå før.
No skal eg bruke helga til å finne ut meir om såtider og såmetodar for dei ulike staudefrøa, og såtider for sommarblomar og grønsaker.
For meg er det å sitje å finne opplysingar om plantene, korleis dei skal behandlast frå frø til ferdig blomst nesten like spennande som å så dei ferdige som planter. Den store Werdsveven er ei fantastisk oppfinning, der er det mykje å hente, ikkje minst frå alle norske og skandinaviske hagegale.
Skravleforum for hagegale er ei oppkomme av gode råd og kunnskap. Eg må innom fleire gonger for dag, for å sjå kva som er oppe av tema. Ellers så les eg hagebloggar.
Nett no har eg Hageselskapet si sortsliste liggande attmed meg, den skal eg bruke når eg har fått skrive ut lista over frø frå Marit. Det er ei nyttig bok.

Ellers så fekk eg biblioteket til å fjernlåne Trædgårdsvisioner av Hannu Sarenstrøm. Har ikkje fått tid til å lese i ho enno, men der er fantistiske bilete.
I dag er det lettskya, vindstille og 0 grader.
Posted by Picasa

mandag 24. januar 2011

VERBASCUM PHOENICEUM - KONGSLYS


Verbacum phoeniceum - kongslys, eg tykkjer det er sus os svung over både det latinske og det norske namnet. Planta var heilt ukjend for meg før eg kjøpte frø frå Impecta i fjor og sådde. Eg trur det var omtrent 100% spiring, eg prikla og prikla og til slutt fann eg ut at eg måtte berre kompostere ein god del småspirer. Så planta eg ut små fine kongslysplanter rundt omkring i hagen og rekna med å vente til 2011 før eg fekk sjå planta i blomst.
Men så ein av alle dei våte haustdagane så stod ei i blomst og eg var seld. Som biletet syner så er det verkeleg ei flott plante, så no har eg kjøpt inn fleire sortar frø som er sådde og skal såast. No spirer første potta, Verbascum phoeniceum mix.
Iberis sempervirens og fleire slag lobelia spirer og.
I dag har det regna heile dagen og gradene er 4.
Posted by Picasa