fredag 22. juni 2012

RØVEBJØLLEBLOMSTRING








Eg er veldig glad i Digitalis, røvebjølle, og frøplantene skal ha plassert seg veldig dårleg før eg har hjarte til å ta dei vekk. I 2011 sådde eg tre ulike sortar frå frøboksen, rosa, gul og fargeblanding. Den gule spirte dårleg og eg trur ikkje at den har overvintra i beda, men ellers så har det dukka opp variantar som eg ikkje har hatt før. 
Er Digitalis frøekte, eller kjem det nye variantar dersom eg tek frø av dei som eg gjerne vil ha fleire av? Eg veit at av den kvite som av og til kjem mellom dei ville kan vere eit tilfeldig blaff. Eg har hatt dei av og til, for so å verte heilt vekke att.
Eg har fått melding om at det er pakke på veg frå den hemmelege hagevenen min, så no ventar eg i stor spenning på kva den inneheld. 
Ha ein blomstrande fredag.

søndag 17. juni 2012

PIONBLOMSTRING



Først vil eg ynskje alle som måtte vere innom bloggen ein retteleg god søndag. Det er nok mange hagevandringar på gong både i eigen hage og i andre sine hagar i dag. Eg skal vandre i min eigen og nyte synet av alt som er på gang. Ettersom veiret ikkje inviterar til å sitje ute i ein solstol så kjem eg nok til å kike innom ein god del bloggar og gjennom dagen. Eg er ikkje så flink til å kommentere som mange av dokke er, men det får så vere. Eg set stor pris på, og er svært glad for kvar gong noken legg att ein kommentar!

Så til pionen på biletet. Denne har eg arva av ei tante. Han er den første som blomstrar, og eg har han fleire plassar. Han utvidar seg godt og eg har teke mange avleggarar av han og potta opp. Han vert ikkje så høg at eg treng å gje han støtte under blomstringa. Dersom det er noken som kan identifisere han så er eg takksam. 

onsdag 13. juni 2012

Tellima grandiflora


Denne har eg skrive om tidlegare på bloggen på grunn av at ho var så grøn og fin tidleg i vår. 
Dette biletet er frå ein annan stad i hagen, og ei anna plante. Sjølv om blomsterstenglane er ganske lange, omlag 50 så gjer ho ikkje så mykje av seg no då det er så mykje anna som vil vise seg fram. Men eg har oppedaga to nye goder med planta og det er lukt og snitt. Ho omgjev seg med ei svak, behageleg lukt som eg ikkje heilt veit kvar ho kjem frå, før eg luktar på dei små blomane. 
Eg har og prøvd blomsterstenglane i bukett og der står dei veldig fint, og passar til det meste. 
Med andre ord, dette er ikkje planta du stormar fram til på hagesenteret, men ho er vel verdt å stifte nærare kjennskap til.

søndag 3. juni 2012

Eg har planta eit rosetre......




Biletet over har eg kopiert frå Spanne plantesalg i Haugesund, der eg kjøpte rosa, etter god rådgjeving.   Det er Rosa wichuraiana, New Dawn, ei slyngrose som kan verte heile 6 m. Eg har planta ho attmed eit epletre som er ganske høgt og ynskjet mitt er at ho skal vekse godt opp i treet og boltre seg der. Fargen er sart rosa som biletet viser, blomane er begerforma og halvfylte og dei er medium parfymerte. Rosa hadde sin start på  Sommerset Rose Nursery  i 1930, så det er ikkje noka moderne rose. Lauvet er lysegrønt og skinande og det ska vere ei frisk og hardfør rose opp til H6. Det er første gongen at eg plantar rose for at ho skal vekse opp i eit tre, så eg er rimeleg spent på om det er noke som let seg gjere her på veirharde Vestlandskysten, men det er forsøket verdt. 
Eg gler meg til at rosa veks seg til og blomstrar, då skal eg sitje ved drivhusveggen og nyte tilværet endå meir enn no.
Det var jo lite tenkt at eg ikkje trykte ned ein klematis på same tid, så det trur eg at eg må få gjort med det aller første, så vert det endå meir å glede seg over.

torsdag 31. mai 2012

JULEFØREBUING I MAI

                                    Romtopf
Oppskrifta er Camilla Plum som er ansvarleg for, og det er tredje året at eg lagar denne luksusdrikken/desserten. Eg kjem ikkje til å ha så mykje heimelaga ingrediensar, det vert jordbær, bringebær og kirsebær frå eigen hage. Resten kjem frå norske og utanlandske fruktdyrkarar og romen kjem frå Havana. I dag var det aprikos og nektarinar som vart starten. Så no skal Norgesglaset/glasa stå i spiskammerset og godgjere seg og få stadige påfyll av frukt, rom og sukker fram til vesle julaftan om kvelden. Då er det tid for ein aldri så liten smaksprøve av heimelaga Romtopf og andre gode heimelaga julelikørar. Lenge å vente - men så absolutt verdt det. 
Men innan den tid skal eg ta til meg alt det som den kommande årstida har å by på og ha det som ballast når hausten og vinteren kjem.

torsdag 24. mai 2012

Travel våronn

Ipomea purpurea, Milky Way, har gleda meg med første blomst idag, og dei er verkeleg lekre.


 No har vi hatt temperatur godt over 20 i fleire dagar og då kan eg ikkje ligge på latsida med så mange sommarblomar, biletet over, og stauder, biletet under, å vatne. Heldigvis så kjem det noken som gjerne vil kjøpe planter til bed, potter og kar. Men det er litt som Sareptas krukke, det ser ikkje ut til å minke, for plantene veks og treng heile tida nye potter, så då ser det ut som det er like mykje kor mykje eg sel. Eg har ikkje så stor kundemasse heller, men det er kjekt å få avsetnad på det som vert til overs.


 I drivhuset viser tomatplantene heilt tydeleg at det er varme som skal til. 

Utsikt frå gangdøra i kveld.



 Aquilegia, Niedrige Mischung, ei låg akeleie med fleire fargar som eg sådde i fjor og som no byrjar å vise fram dei flotte fargane sine.

 Nydeleg vårflox,

 Raud Pulsatilla.

 Endeleg vart det blomstring å frukttrea, i år vert det vel frukt og. I 2011 kom blomstringa så tidleg at det var lite insekt, og etterpå kom det frost og vind så då rauk heile frukthausten.

 Snart er pionane i fullt flor.

Meconopsis quintuplinervia, klokkevalmuesøster, desse har eg fått av Reidunn på Røra. Det er dårleg farge på dette biletet, skal prøve å ta eit betre bilete seinare.

For 2 dagar sidan blomstra heggen, eg kunne ikkje sjå blomar på heggen nær meg, men lukta var ikkje til å ta feil av, og i dag stod heile treet pynta i sin finaste stas.

fredag 18. mai 2012

SOL


Langtidsvarsel
Søndag20. mai Mandag21. mai Tirsdag22. mai Onsdag23. mai Torsdag24. mai Fredag25. mai Lørdag26. mai Søndag27. mai
Delvis skyet Lettskyet Klarvær Klarvær Klarvær Klarvær Klarvær Klarvær
11° 15° 18° 18° 17° 17° 17° 16°
0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet 0 mm nedbør i døgnet

Denne rekka har eg venta på i heile 2012! Endeleg!