torsdag 31. mai 2012

JULEFØREBUING I MAI

                                    Romtopf
Oppskrifta er Camilla Plum som er ansvarleg for, og det er tredje året at eg lagar denne luksusdrikken/desserten. Eg kjem ikkje til å ha så mykje heimelaga ingrediensar, det vert jordbær, bringebær og kirsebær frå eigen hage. Resten kjem frå norske og utanlandske fruktdyrkarar og romen kjem frå Havana. I dag var det aprikos og nektarinar som vart starten. Så no skal Norgesglaset/glasa stå i spiskammerset og godgjere seg og få stadige påfyll av frukt, rom og sukker fram til vesle julaftan om kvelden. Då er det tid for ein aldri så liten smaksprøve av heimelaga Romtopf og andre gode heimelaga julelikørar. Lenge å vente - men så absolutt verdt det. 
Men innan den tid skal eg ta til meg alt det som den kommande årstida har å by på og ha det som ballast når hausten og vinteren kjem.

3 kommentarer:

  1. Hei! Det hørtes spennende ut, det er så kjekt med tradisjoner, og enda kjekkere med laaaaang ventetid :D Kos deg med hagesesongen først da! Blir det mange ulike tomater i år?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Bille, i år har eg 17 ulike tomatsortar. Så langt er plantene mykje lengre komne enn på same tid i fjor så eg reknar med det vert mange gode glas med Innkokte tomatar. Det vart ikkje så mange i fjor, men dei som vart, vart etne med andakt.

      Slett
  2. Dette høres virkelig godt ut...skal sjekke denne oppskrifta:)
    Ønsker deg en fin helg:))

    SvarSlett