torsdag 4. august 2011

PIZZA I BAKAROMNEN

 Onsdag andre august var det tid for ein hyggeleg kveld i godt lag med steiking av pizza i bakaromnen vår. Då samlast vi mange og det vert steikt MANGE pizza med stor variasjon av fyll på ein god tomatsaus som vert toppa med god ost.
 Ein av variantane klar for å gå i omnen.
Det går fort å steike med god varme. Botnane er såvidt forsteikte, då held dei betre når fyllet kjem på.
Det smakar himmelsk og alle vert mette og nøgde.

onsdag 3. august 2011

Blomar utan regndråpar

Ei lilla klematis som lever ilag med kvite enkle stokkroser

Ei rose ilag med valmuer og raude Alonsoa meridionalis Rebel. Eg planta mange Alonsoa, vippeblomst,   innimellom rosene og det vart fint.

Antirrhinum majus maximum White Spire'  som og vart planta mange ilag i rosebedet, her ilag med Verbascum phoeniceum vert fine ilag, og dei kan godt få kome i rosebedet neste år og.
 Her er det ei kvit rose som har fått Vippeblost som bakgrunn.
 Så har vi "de hvite skærme" som Claus Dalby seier. I år har eg to sortar Ammi majus og Orlaya grandiflora Bridesmaid, Blondeblomst. Ammi majus vart størst og gjorde mest av seg, men eg trur eg held ein knapp på Blondeblomsten. Eg trur kanskje at det vert berre han som vert med til neste år. Ammi majus vart heller ikkje så god til snitt, eg tykkjer at han drys for tidleg.
 Dette er og frå rosebedet.
 Lavatera trimestris Silver Cup, Hagepoppelrose ilag med Eryngium giganteum Miss Willmot's Ghost, Kjempestikle er eit flott par. Kjempestikla sådde eg ifjor og i år har ho vokse seg til. Eg håpar verkeleg at eg får behalde denne for dei sølvgrå/blå blomane er verkeleg flotte. Humlene likar dei og.
 Begge Astrid Lindgren rosene overlevde vinteren og det er eg glad for, dei tåler ein skvett regn og.


 No er knollgeorginene endeleg igang. Det er dei kvite og burgunder som er først ute. Dei har selskap av Ammi majus og det ser bra ut.
Det har vore nesten opplett no nokre dagar. Så idag har alle bileta vore utan regndråpar. I dag har det vore 20 - 25C, ein flott sommardag og vi hadde heldigvis anledning til å nyte han.
Vi har ete tre slangeagurkar frå drivhuset og no er det like før vi kan hauste plommetomatar.

mandag 25. juli 2011

Blomar i sorg og glede

Eg kjenner at eg kan ikkje gå vidare med blogginnlegg før eg har markert tragedien som råka oss alle så brutalt fredag 22. juli.
Eg har tilliks med resten av nasjonen vore vitne til og delteke i sorg og sjokk, og eg ser korleis vi yttrykkjer vår måte å delta i sorga.
Plassen utanfor Domkirka i Oslo er eit hav av blomar, lys og flagg. Dette er symbol som føl oss frå vogge til grav og som er sterke symbol når ikkje ord strekk til.

onsdag 20. juli 2011

Agurk frå drivhuset


Dette er årets første etandes frå drivhuset. Det er ein frilandsagurk som heiter Market More. Det var igrunnen litt lite smak, men han var iallfall ikkje beisk som eg ofte tykkjer kjøpeagurk kan vere. Eg har drivhusagurk og, men dei agurkane er for små til å hauste, men om ei lita veke er dei nok etandes. Plantene i drivhuset er veldig kraftige iår, det ser ut til at det kan verte godt med tomatar.
Vi har såvidt ete litt jordbær, åkeren er liten og det er ikkje det beste veiret for jordbær. Eg har god avstand mellom plantene så bæra er fine og gode.
Posted by Picasa

søndag 10. juli 2011

Markblomstrar

 Blåklokke, ho er vanleg i heile landet, men variabel i Nord-Norge. Ein blome som eg har vore glad i så lenge eg kan hugse. Det har aldri vore overflod av blåklokker der eg har ferdast, men dei har dukka opp mange plasser. Blåklokka er sommarblomsten, den kjem ved midtsommar og står ei stund utover. Fin å plukke med i ein bukett markblomstrar er ho og. Det har ikkje vore lett å velje kandidat til Frøken Markblomst for det er mange fine og dei aller første barndomsminne når det gjeld blomar knyter seg til markblomstrene. Eg har til liks med sikkert alle barn plukka bukettar til ei bestemor og sett kor stor glede og beundring den svette vesle buketten vekte. Då som no veit eg at beundringa var heilt ekte. Og blåklokka var nok nesten alltid med i buketten, sikkert berre med ein stengel eller to, men den var nok med.
 Tiriltunge er eit anna barndomsminne, den gule fargen er til å verte glad av og so er ho å finne dei fleste plasser der eg ferdast.

 Geitramsen har vorte vanleg her i dei seinaste åra. Ei høg og staseleg plante som kjem i hogstfelt og langs vegkantane tilliks med røvebjølla. Like i fargen er dei og, men eg har ikkje våga å ta geitramsen inn i hagen. Røvebjølla derimot får lov å vekse der ho vil.


BLODBEGER


Dette er blodbeger som er sådde av frø som eg sanka i 2010. Eg fekk svært god spiring og etterkvart så har plantene vokse seg store og fine. Denne står ved gangdøra, dei andre har eg planta i amplar rundt omkring, dei er litt mindre enno på grunn av all vinden som har ruska i dei. Dei var sådde 11. januar og eg prikla 41 planter i mars. Eg har planta 3 - 5 i kvar potte. Blodbleger kjem heilt sikkert til å vere fast på sålista heretter. Det er knapt anna plante som gjer så mykje av seg med lite stell når dei først er komne i gang.
No skal vi ha ei ferieveke i Haugesund hjå familien, så får vi sjå korleis det står til i hagen når vi kjem heimatt. Eg har ordna meg med tilsyn til hus og hage, så alt går nok bra. I Haugesund må eg nok ein tur på favoritthagesenteret mitt, Spanne. God sommar til alle hageglade.
Posted by Picasa

tirsdag 28. juni 2011

VÅTT

Siste døgnet har det visst vore sett ein nedbørsrekord, og det trur eg så gjerne. Det har vore litt opphold mellom byene og då nytta eg høvet til å ta nokre bilete. Det er lova like myje nedbør komande døgn så då tenkjer eg at gjødselen eg hadde ut søndag har løyst seg opp.  Ha ein fin sommarkveld. No skal eg sjå Grønn Glede.