fredag 14. oktober 2011

VINTERHALVÅR

I dag er første vinterdag,og skal vi tru gamle spådomar for veiret så må det verte ein mild vinter. Det har vore omlag 10 - 11C i heile dag og no kl 23.30 er det 10,5C.
 Dette er georginerøtene som eg tok opp i går. No står dei i luftige kassar for å tørke litt, før eg tek og set dei på planteromet for vinteropplag. Eg skal renske av litt meir jord, og så brukar eg å pakke dei inn i  nokre gamle gardin før eg set dei inn. Der står dei, stikk i strid med alle reglar, tørt og med omlag 15C fram til mars/april. Eg dusjar dei med litt vatn ein par gonger på etterjulsvinteren slik at dei ikkje skal tørke heilt inn. Eg ser på bloggen min at i år hadde eg potta dei opp til 1. april. Så det betyr at dei skal vekksetjast for omlag eit halvt år.
 Dette er ei av to klokkeranker eg har. No er det ein knopp som kanskje kjem til å opne seg før frosten tek heile planta. Vi har hatt to neter med frost, men enno står dei fint. Eg kjem ikkje til å så klokkeranker neste år for dei vakre blomane si skuld, men eg må sei at eg vurderer å så for dei vakre blada si skuld. Heilt nydelege tykkjer eg dei er, friske er dei og.
Sist laurdag, 8. okt var dagen då drivhuset vart rydda og vaska. Det er litt av ein jobb å tømme alle kassane som det har vokse tomatar i. Men no er dei tømde, vaska og klar til neste år. Den sore grøne planta er physalis, ho sår no der i håp om at eg kan få moden frukt, men det er vel for kaldt. Eg tykkjer at ho er for stor til å ta inn. I dag har eg teke pelargonia og kristi blodsdråpe inn i drivhuset, der skal dei stå til eg pakkar dei vekk for vinteren.

1 kommentar:

  1. Tenk at klokkeranken fortsatt er så fin? Jeg trodde den var en spesielt varmekjær plante, men min står også med en blomsterknupp snart klar til å sprette ut! Håper den klarer det =)
    Mitt drivhus er også tømt, men ikke vasket foreløpig. Jeg må nok ta meg sammen og få det gjort!
    Ønsker deg en fin uke!

    SvarSlett