mandag 23. januar 2012

EVERNOTE - eit nyttig hjelpemiddel

Laurdag var første gong eg høyrde om Evernote, som ser ut til å kunne oppfylle dei meste av ynskja eg har for dataprogram som kan brukast til å ha oversyn i alt som har med hagearbeidet mitt.
Det var Trine, på Hagegal som fortalde om at ho hadde teke programmet i bruk. Ho har skrive meir om det bloggen: Hagen på Knatten.
Hittil har eg brukt Excel til å skrive lister i, og eg brukar det og til å lage namnelappar. I tillegg brukar eg og Excel til å lage små merkelappar med bilete og informasjon om dei ulike småplantene som eg sel og byter. 
EG vart så hauelaust begeistra for programmet at eg lasta det ned og tok det i bruk. Så har eg lese litt på Hagegaltråden og Googla litt om Evernote og ser at det er mange brukarar og som har brukt det over lang tid - dei aller fleste med god erfaring.
Så no har eg brukt helga og dagen idag til å tenkje og prøve litt korleis eg skulle organisere meg for at eg kunne få mest mogeleg nytte av det. 
Det eg vil med programmet er
  • Sikre ei trygg lagring av all informasjon eg har om frø, sprier, planter o.l.
  • Sleppe å ha altfor mange lister å forholde meg til
  • Registrere frøposane når eg sår frøa, og legge til leverandør og sådato, såliste
  • Kunne bruke informasjonen som eg har registrert på sålista når frøa faktisk spirer
  • Når eg så har plante til å selje eller setje ut i hagen så vil eg legge til bilete
  • Få eit system der eg kan enkelt finne planter med før definerte eigenskapar
Etter som eg no kan sjå så er dette programmet fullt ut istand til å ta seg av ynskja mine. Eg har ikkje funne ut korleis eg kan skrive ut frølister, men det er ikkje sikkert at dette vert aktuelt. 

No har eg laga ei Bok som heiter Frøsådd, i den samlar er notat som er laga for kvar sort, der eg registrer frøsorten med Slekt, art, sort og norsk namn. I tillegg har eg brukt etikettar, Tags) for sådato, frøleverandør og plantekategori.
Når så plantene har spirt og eg har prikla så kjem eg til å legge til bilete og legge til etikettar for høgde, farge, blomstringstid m.m
Til sist, når eg så plantar ut i hagen så flytter eg dei over til Boka som heiter Stauder e.l.
Så heretter kjem eg ikkje til å legge sålistene ut på bloggen min, for no har eg sikker lagring av plante- og sålistene mine. Hittil har eg brukt ein ekstern harddisk, men no treng eg ikkje å hugse på den.

I dag har det vore 0C, litt vind og skya.

1 kommentar:

  1. Høres ut som et veldig greit program:) Jeg har lastet det ned. Hadde vært greit å organisert litt i alt plante "rotet" mitt:) Håper du får en fin dag. Klem Ellen.

    SvarSlett