tirsdag 8. mai 2012

TOMATPLANTENE PÅ PLASS I DRIVHUSET

 I går kom 24 tomatplanter plass i vekstkar i drivhuset. Det er nokre planter som eg ikkje har fått plass til enno, noken er frilandstomatar og dei skal eg prøve å plante ut når temperaturen kjem seg litt.
 Ei av plantene er Black Brandywine av frø frå Camilla Plum. Den og nokre andre planter har fått blomst, å so kryssar eg fingrar for god avling slik at eg kan lage mange glas med "henkogte tomatar" etter den same Camilla si oppskrift. Dei glasa som eg laga i fjor var iallefall ein suksess.
Dette er noke av den mest fantastiske bønne eg har sett. Eg kan vel ikkje skryte på meg å ha sett så mange variantar heller, men denne er flott. Det er Dolichos labab, 'Ruby Moon' etter frø frå Impecta. Bønnene ser ut som små skinnpungar med perfekt saum rundt kanten.  På biletet under er blomsten. Dette er prydbønne og dei er varmekrevjande, så plantene skal få stå til pynt i drivhuset til det vert godt og varmt ute. Etter som eg har lese meg til så må prydbønner kokast før dei kan etast, på grunn av at dei er svakt giftige, men desse er altfor vakre til å verte oppetne. Det er stor prydverdi i blomane og, i grunnen så er heile planta svært fin, med vakre lauv med eit nydelege nervetrådar.


Så er det utsikta frå gangdøra 7. mai 2012, beda vert heile tida litt fyldigare.

3 kommentarer:

  1. Hei Else
    Du store så mange og flotte tomatplanter , hva gjør du med alle tomatene .
    Jeg har kokt de inn med basilikum og andre urter og frys når det har blitt mer en vi greier å spise.
    (å det er jo veldig stas å kunne gi bort litt da)
    Men jeg lurte på om jeg skulle prøve og tørke tomater i år.

    Det var en forunderlig bønne med flott farge.
    Jeg trodde først den var sydd av filt he he ,jeg hadde ikke briller på .

    Vi har det fint her på Sand , sjøen noen hundre meter på nedsiden og skogen like ved.

    Så frodige bed du har fått ,det er så mye å glede seg over.

    Ha en super duper dag , klem fra Marit.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marit, takk for klem og god kommentar. EG har faktisk ikkje fått så mykje tomat dei to åra eg har helde på, det har vel litt med sortane å gjere, men truleg mest med at vi har hatt to kjølege somrar, men eg er optimist og tenkjer heile tida at det må ein verte betre. Så iår håpar eg på å få rikeleg til å ete etterkvart, gje vekk og å koke i olje som Camilla Plum anbefalar. Super dag til deg og - klem frå Else

      Slett
  2. Deilig og frodig i drivhuset ditt! Spennende med så mange sorter tomat. Du har rett i at denne prydbønnen er spesiell. Likte godt blomstene.

    SvarSlett