Her er det frø av to sortar gulrot, 'Resistafly' og 'Amsterdam Forcing 3', to sortar raudbete, 'Burpees Golden' og 'Bolivar'. Dei har lege til bløyt i omlag 4 timar, så silte eg dei i tesilen før eg la dei på tørkepapir.
Dette er pallekarmar som eg har kjøpt på ein fabrikk som lagar pallekarmar, og her har eg sådd gulerøtene og Salat, 'Baby Leaf Mix' i midten. Vi har lagt not over alle kassane i dag, for at ikkje kattane skal verte altfor freista til å ta dei i bruk som toalett, seinare skal eg ha fiberduk over.
Her har eg sådd to sortar pastinakk, 'White Gem' og 'Gladiator', den eine kan haustast tidleg, men begge kan stå i jorda til våren. Til høgre i denne karmen skal eg så bondebønne, 'Witkiem'.
Salat av mange slag: Isberg Great Lakes 118, Plukksalat Salad Bowl og Rucola.
17. mars sådde eg Pak Choi F1 'Joi Choi' og Grønkål 'Nero di Toscana' inne, dei har vokse seg store og fine før utplanting, så direktesådde eg ei rast i midten med Sareptasennep 'Green in Snow'.
I denne karmen har eg sådd fennikel 'Fino' og raudbetane.
I den fjerde karmen har eg to sortar lauk, raud og gul.
Ja er det ikke godt å få frø i jorden, her blir det mye godt for ganen.
SvarSlettDet er genialt med disse kassene og hvis en har glass over driver det godt nå på våren.
Jeg fikk satt erter og voks\asparges bønner i dag(jeg har litt som står til spiring i drivhuset ennå) det er snitte bønner og klatre bønner jeg er så glad i bønner som du sikkert skjønner he he.
Ha en strålende helg.
Hei Else:)
SvarSlettSlike vekstbenker er toppen..og gamle vinduerhar blitt helt uunværlig for meg!...bruker de både først og sist på sesongen:)
Spennende utvalg av frø...blir masse godt her:)
Jeg har også sådd grønnkål...eller svart palmekål
som den også blir kalla..gleder meg:))
God helg:))
Så fine vekstbenker. Passet vinduene du har perfekt til pallekarmene? Mye godt i vente forstår jeg!
SvarSlettFin og lettstelt kjøkkenhage du har laga deg:)
SvarSlettEtter at desse hersens sneglane innvaderte nabolaget, har det blitt slutt på all dyrking av matnyttige plantar her hos meg:(
Må seie du er aktiv! Det er etter kvart litt av ei såliste du har....!! Og dei pallekarmane såg verkeleg flotte ut. Skulle gjerne hatt tilgang på ein like stor hage her i Førde som du har, men nyttar nok ikkje å plante sneglemat her. Eg har starta krig mot sneglane etter at dei forsynte seg av 2 nyinnkjøpte adonis-plantar som står midlertidig i potte ved inngangsdøra. Dene ene overlever nok, men ser litt verre ut for den andre. Riddersporene mine er også spist opp av snegler, så håper på å få skaffa nye. Ellers så har eg mange spennande plantar ståande klare for utplanting neste gong eg reiser til "hytta" i Bremanger. Det er mykje godt lesestoff og bilder på bloggen din når ein er på nattevakt, så tida går iallefall litt fortare :)
SvarSlettKjekt å se hvordan man kan ordne kjøkkenhagen. Lykke til med alt det fine du har sådd! Spesielt grønnkålen, den er jo nesten umulig å få tak på i utsalg.
SvarSlett