søndag 12. mai 2013

VÅRTEIKN I OG UTANFOR DRIVHUS OG VEKSTHUS

Her kjem eit ras av bilete, mesteparten er frå planteproduksjonen min, det er i hovudsak den som fyller tida mi no. Takk og pris for gode fleece-klær. I kvilepausane så er eg stadig inne å sjekkar Yr og Storm, dei lovar betre temperaturar fram til neste helg. Så då set eg min lit til fleece til meg og fiberduk til plantene.


Denne kassen har eg vist før, frå eg den 8. april delte ein georgineknoll  , Dahlia, og no poppar det opp med spirer. Slike knollar treng litt tid til å komme i gang, men no kan eg potte dei opp i større potter, om eg vil, eller passe på å vatne med gjødselvatn og gje dei lys og vern mot frost, så vil det vere flotte planter å plante ut om 3 - 4 veker. 


Matthiola, levkøy, med Ageratum, blåkorg i bakgrunnen. Dette er sommarblomar som eg har sådd for første gong i år. 


Blodbeger har eg sådd kvart år, og i år har eg endeleg rikeleg med planter. 

Phlox drummondi, fargerik og fin sommarfloks.


Middagsblomar har eg sådd kvart år, i år breisådde og prikla eg. Det vert nok første og siste gongen. Vel er eg utstyrt med stort tolmod når det kjem til prikling, men desse var ikkje gode å ha med å gjere. Men no er dei i god vekst, ingen av dei tørka opp i jordskorpa, så eg fekk det til.


Ein låg og kompakt sort tomat som heiter Vilma, den kan stå inne og ute i potte og vert ikkje høgre enn 30 cm.


Dette er dei store tomatane, som eg har bestilling på.


Lobelia, tagetes, puslingkrage og nokre stauder. Desse har eg flytta ut, og no i kveld har eg dekka dei med fiberduk.


Slik ser det ut i veksthuset no, pottevis med georgineknollar som står og godgjer seg til sommaren. 


Så har eg planta opp ein del amplar, denne har fått lobelia i fargeblandin og blodbeger. Har fleire tingingar på desse.


Cosmosen står attemed drueplanta. 


Endå ei knollgeorgine, det vert ei stor kraftig plante av denne vesle potta.


Aquilegia, akeleie, i mange variantar klar for sal og bed.


Eg og mange av kundane mine har fått smaken på månadsjordbær, Fragaria vesca. I år har eg sådd heile tre sortar, dette er Mignonette som skal passe god i ampel.


Skrytebilete av sjølvsådd pion, i dag prikla eg to små planter frå frø eg sådde i august 2011. Det er tolmodsarbeide dette, men akk så godt å halde på med.


Utsikt frå gangdøra i dag, det vert litt lubnare i beda, bøane har fått litt grønfarge og trampolina er montert.
God søndag!



5 kommentarer:

  1. Gleder meg til å se senere i sommer hvordan det ser ut hos deg med alt det fine du har plantet.
    Ha en fin kveld.
    Klem Christina

    SvarSlett
  2. Heia Else, så masse fint som vekser hos dæ,hagen din blie et blomsterflor når du skal plante ut alt dette :) middagsblomsten har æ faktisk glemt iår, men de er vasnkelig og prikle,men det er jo en jobb man må gjøre for da blir jo blomstrene så kraftige og fine :)

    Takk for koselig kommentar hos mæ.

    Hilsen Lisbeth ;)

    SvarSlett
  3. Skal si du er en driftig dame! Her var det mange flotte småplanter:)
    Så god idé med lobelia og blodbeger i samme potten - den skal jeg huske på..

    SvarSlett
  4. Yоu can cеrtainly see your exрertise in the articlе you write.
    Τhe world hoρеs for even more passiоnate
    writеrs like yоu who аren't afraid to say how they believe. All the time follow your heart.

    Also visit my website :: Arjun Kanuri

    SvarSlett
  5. Hei,
    Her spirer og gror det. Hjelpe meg for ein flott produksjon du har. Med så mykje forstår eg at du må ha bestillingar. Kor kjekt med sjølvsådd Pion. Tolmodigheit må ein ha når ein ventar på slike skjønnheiter. Det er det som er kjekt med hage sjølv om det kan ta tid, så er det stas å drive fram sine egne planter. Slikt dill likar eg også. Eg har prøvt å så frø av tred, ikkje at eg treng dei men det er så kjekt å få det til. Har nokre ursmå av forskjellige sypressar :))
    Middagsblomster brukar eg og å så men i år blei det ikkje. Har nok gløymt det. Ja, dei er litt levjete når ein skal prikle dei.
    Spennande å følge med på framgangen med plantane dine og hagen din.
    God 17.Mai.
    Frå MarJE.

    SvarSlett