tirsdag 1. mars 2011

INSPIRERANDE HAGEBOK

Trädgårdsvisioner : gyllene stunder och glömda misslyckanden

Dette er ei av Hannu Sarenstrøm sine bøker som eg har lese. Eg har lånt ho på biblioteket, og etter å ha lese boka og ikkje minst falle i stavar over vakre bilete så har eg bestemt meg for at denne boka vil eg ha. Han skriv livleg om gode og dårlege erfaringar frå hagelivet. Ikkje minst kjenner eg meg att i ein av hans tidlegare hagefasar: han ville ha alt.  Eg er der enno, og eg trur pr idag at det er lite truleg eg kjem vidare, men kven veit.
Eg kan synest at Japanske hagar med all si nøye gjennomtenkte enkelheit er veldig vakre, dei gjev ro og ettertanke, noke som eg og tykkjer er godt å oppleve i hagen. Eg har vore i den Japanske hagen ved Aboreet på Milde, og det var verkeleg ei oppleving som var vel verdt å ta med seg, og eg kjem nok til å gå både i den og dei andre hagane på Milde ved seinare høve.
 Det same tykkjer eg om hagar som held seg i eit nøye avstemt fargetema.

Etter som eg forsto så hadde Hannu sjølv vore fotograf for bileta i boka og dei var så stemningsfulle og flotte at eg kunne godt tenkt meg å hatt dei innråma på veggen heime alle.  Om han ikkje hadde skrive eit ord, så hadde eg kjøpt boka berre for bileta si skuld.
No les eg Vinterkalas som han og har skrive og fotografert bilete til. Her og kjem den dyktige fotografen fram. No har ikkje eg eit fnugg av peiling på fotografering, lys skugge og komposisjonar o.l så det kan godt hende at ein proff ville lure på kva eg pratar om, men for meg har han fanga nokre stemningar som er heilt fortryllande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar