torsdag 10. mai 2012

TUSENFRYD

Bellis perennis, Tasso Erdbeersahne, er ei staude som eg sådde i 2011, og som eg har planta ut i hagen. Det namet som er vanleg å bruke er Tusenfryd og det stemmer for denne sorten. Eg har teke meange bilete av ho, er vert heile tida imponert av fargevariasjonane på blomane frå knopp til utblomstra blomst. Dei står attmed hellegangen opp til drivhuset så er ser dei mange gonger for dag, og eg trur ikkje eg går forbi ein gong utan å nyte dei.
Dette innlegget skriv mest fordi eg vil melde meg på Marit sin GiveAway.
Hadde eg vore heime no så skulle eg gått i drivhuset og teke bilete av den flotte Engletrompeten som eg vann tidlegare på bloggen hennar, men den skal eg vise fram seinare. 


tirsdag 8. mai 2012

TOMATPLANTENE PÅ PLASS I DRIVHUSET

 I går kom 24 tomatplanter plass i vekstkar i drivhuset. Det er nokre planter som eg ikkje har fått plass til enno, noken er frilandstomatar og dei skal eg prøve å plante ut når temperaturen kjem seg litt.
 Ei av plantene er Black Brandywine av frø frå Camilla Plum. Den og nokre andre planter har fått blomst, å so kryssar eg fingrar for god avling slik at eg kan lage mange glas med "henkogte tomatar" etter den same Camilla si oppskrift. Dei glasa som eg laga i fjor var iallefall ein suksess.
Dette er noke av den mest fantastiske bønne eg har sett. Eg kan vel ikkje skryte på meg å ha sett så mange variantar heller, men denne er flott. Det er Dolichos labab, 'Ruby Moon' etter frø frå Impecta. Bønnene ser ut som små skinnpungar med perfekt saum rundt kanten.  På biletet under er blomsten. Dette er prydbønne og dei er varmekrevjande, så plantene skal få stå til pynt i drivhuset til det vert godt og varmt ute. Etter som eg har lese meg til så må prydbønner kokast før dei kan etast, på grunn av at dei er svakt giftige, men desse er altfor vakre til å verte oppetne. Det er stor prydverdi i blomane og, i grunnen så er heile planta svært fin, med vakre lauv med eit nydelege nervetrådar.


Så er det utsikta frå gangdøra 7. mai 2012, beda vert heile tida litt fyldigare.

lørdag 5. mai 2012

KALDT

 Tellima grandiflora, etter frø frå UnaCita i 2011. Ei for meg ukjend staude, men heretter skal ho få plass mange stader i hagen. For ei vekstkraft og flott farge på lauvet. Desse står i skuggen og er finare enn dei som har meir sol. Eg vert glad kvar gong eg går forbi berre av å sjå slik energi.
 Fruktblomstringa er heldigvis sein i år, dersom den hadde vore igang no så vil eg tru at alt hadde vorte øydelagt. For no er det kaldt.
 I ettermiddag kom det såpass med snø at det la seg på blomane, men eg reknar med/håpar inderleg at det ikkje vert såpass at dei vert knekte. Dette er ein pion som har fått glasur.


Til slutt må eg ta med bilete av bilete av bilen som har fått topphue på øyra. Han har ei av same slaget på andre sida. Rett nok er det isande nordvest, med hagl og snø i byene, men så pinglete bil har vi no ikkje kjøpt. Forklaringa er at det er ei kjøtmeis som truleg har funne ut at han er ein rival. For så snart våren kjem så går ho/han til åtak på speglane. Så difor må huene på plass. 
Til natta er det spådd -3, så i kveld har eg sett på ovnen i drivhuset att. Eg hadde nett sett ovnen vekk, for eg rekna med at plantene ville tåle ned mot null, men ikveld tok eg ikkje sjangsen på at det ville gå bra. Det er no uansett ikkje så bra for plantene med slike kuldesjokk. No er det snart så fullt der inne at eg må stå i døra å spyle for å få vatna alle pottene. 
God helg og god veke til alle Hageglade som er innom bloggen!

onsdag 25. april 2012

APRILRAPPORT

Dette er Helleborus corsicus/argutifolius  som eg sådde i januar 2010 og som eg har skrive om tidlagare, no står den første i blomst, dei andre har knoppar og så dei kjem nok litt seinare. Blomane er mest grøne og er ikkje mellom dei som lyser opp i bedet, men eg tykkjer ho har sin sjarm og ho har kraftig flott bladverk. Det er mange knoppar på kvar  stengel. Eg har tidlegare skrive at denne har varigerte blad, det har ho for såvidt enno, men no er dei meir einsfarga.

I drivhuset er det ganske fullt, men eg skal no klare å sprenge inn nokre planter til, i tillegg til at her er masse planter som må få eit nummer større potter. Eg har montert opp ventilen som regulerar takluka, så har eg varmeomn på om natta.

Desse pottene gjorde eg klar til påske, og hadde eg ikkje visst betre så kunne eg trudd dei var av plast, det har vore så kjølig at det har vore lite utvikling. Dei står attmed gangdøra og der skin sola frå sør, i tilfelle ho skin, så det pleier ikkje vere så lenge før slike potter seier takk og farvel, men denne kan godt stå litt til. No er det endeleg meldt om litt meir sol, så då må potteinnhaldet bytast ut snart.
 Eg skreiv i bloggen for ein månad sidan at vi hadde slege plenen, det var heilt sant, men no kan eg legge til at etter den tid har plenklipparen stått stilt.
I 2011 starta eg med å ta bilete frå gangdøra, det vil eg halde fram med i år ogso, for det viser tydeleg utviklinga som skjer i hagen. 

Desse flotte oxalisane var med Engletrompeten som eg var så heldig å vinne på Marit sin blogg. Eg tykkjer at fargen på desse var utruleg flott, så desse knollane skal få like stor omsorg som engletrompeten. Engletrompeten har eg no potta opp i ei stor potte og han ser verkeleg ut til å trivast. Han står inne i drivhuset enno, kanskje kjem han på plass ved gangdøra til sommaren. Eg gler meg til å sjå han i blomst, eg har nemleg berre lese om engletrompetar så no skal eg endeleg sjå dei og lukte på dei. 

Det er ikkje så mykje som blomstrar i drivhuset enno, men det er heilt greitt, det kjem nok etterkvart. Lobeliaene er såvidt igang med å blomstre, eg brukar å kutte dei ned nokre gonger for å få tette fine planter, men noken knoppar sparar eg for å glede meg over litt blomar. Det er egentleg mykje arbeid med å få fram fine lobeliaplanter, og i fjor bestemte eg meg for at i år skulle eg ha mykje mindre, men frø og planter lever litt sitt eige liv, og i år fekk eg voldsomt tilslag på spiringa -   så då så.

I fjor sådde eg Nicotiana alanta utan å få spiring, men eg ville ikkje gje opp, for det er planter eg likar, i år sådde eg Nicotiana langsdorfi, Cream Splash og Nicotiana x sandrae, Fragant Cloud, (biletet) og dei har spirt villeg vekk og veks gjer dei og.

 
Dette er spede spirer av ulike artar Paeonia som eg har fått fram frø frø. Eg har nokre fleire frøpotter med peonfrø som eg ventar på.
Dette er Schizanthus wisetonensis, Hagesplittblomst, ein heilt ny sommarblomst for meg. Den vert og kalla fattigmannsorkide fordi blomane vist skal likne på orkidear. Dei har iallefall stor vekstkraft så vert det spennande å sjå korleis den kjem til å klare seg til sommaren.

Det har vore travle tider i drivhuset no, så når kvelden kjem så vert det fort leggetid.Det har vorte lite tid til å lese hagebloggar, som gir meg så mykje, og endå mindre til til å skrive kommentarar. De får bere over med meg, vi har det vel travelt alle, vi får ta det att til hausten. No brukar eg iallefall alle krefter ute i alt som spirer og gror. Det er og så godt å høyre på alle småfuglane som er travelt opptekne med alt sitt no i desse tider. 
Til alle som måtte vere innom bloggen så ynskjer eg dokke ei god veke og ein god vår, og takk for alle positive og hyggelege kommentarar som de legg att!

lørdag 24. mars 2012

VÅRONN

I går kom plenklypparen fram, plenen er grøn og frodig.

 Krokusane er opne og store og viser seg fram for humlene og dei let seg lokke.
 Helleborus orientales har såvidt opna blomstrene sine.
 Peonane har fått fine raude spirer, og eg har lese meg til at dei vil ha kalk no om våren, Helleborusen likar og kalk, så no har eg hatt ei runde i beda med kalkposen.
 Meconopsis betonicifolia, blå og kvit valmuesøster som har hatt sin andre vinter i pottene, desse pottene har lagt på sida for å unngå at det kjem for mykje vatn i dei. I går plukka eg dei fram, og no er nesten alle pottene med stauder reinska og fine. Det hadde gått bra med nesten alle pottene, men sneglane hadde hatt fest i pottene med Tusenfryd. Heldigvis så har eg mange potter, så eg har rikeleg. 
Linaria purpurea, Purpurtorskemunn, som eg har både i potter og bed. Desse har overvintra eitt år og ser heilt fine.
No er eg byrja å ha litt av spirene av sommarblomane ut i drivhuset. Det tek til å verte fullt på planterommet, så etter at dei har fått vokse seg til litt etter priklinga så får dei komme ut. Det spirer godt i staudepottene og no, så no har eg mange potter med spirande stauder som står inne i drivhuset.
Det har vore herleg med litt sol, deileg å sitje ute i sola og pusle med pottene og høyre på våryre småfuglar og humler som kroar seg i  krokusane.
God hagehelg til alle som er innom bloggen!

fredag 16. mars 2012

SAMPLANTING

Dette er bidraget mitt til Anne på Moseplassen sin konkurranse om samanplantingar. Det er Alcea rosea, kvite stokkroser som vert omfamna av ein lilla klematis. At det vart så vellukka er tilfeldig, som det meste i hagen min, ettersom eg ikkje viste fargen på stokkrosa då eg planta ho.
Kunkurransane til Anne er nyttige for meg på mange måtar. Dei er på ein måte som å delta på eit kurs i hagedesign. Med alle dei variantar av tema som ho byr på så vert eg oppmuntra til å sjå på hagen og plantene med andre auger enn når eg står med ei plante og lurer på om det er ein ledig plass. Ved å ta del i Anne sine konkurransar vert eg utfordra på årstider, gode og dårlege løysingar, fargar, bladformer, høgde, sol, skugge, samspel mellom planter eller andre installasjonar i hagen m.m.
Det er ikkje alltid eg har så mykje å bidra med i konkurransane, men eg deltek og eg studerar andre sine bidrag for å lære meir og å finne inspirasjon til nye gode løysingar. Eg vert og utfordra til å tenkje på korleis eg fotograferar, og det skal eg ta til meg i sesongen som eg no står framfor, for det er sanneleg ikkje lett å finne brukande bidrag til konkurransane. 
Stor takk til Anne for det du bidreg med, eg gler meg til neste utfordring.

torsdag 15. mars 2012

OVERVINTRA PLANTER FRAM I LYSET

I dag var dagen komen for å ta fram plantene som har vore i vinteropplag i ein krypkjellar. Det var med stor spaning eg opna isoporkassen med Pelargonia og Fuchsia. Dei vart nedlagde i haust i isoporkassa med mose. Ved første augekast ser det verkeleg ille ut, men ved nærare ettersyn så viser det friske røter og nye kvite skot. 

Ettersom eg har lite overvintringsplass for planter inne så gjorde eg eit førsøk med blodbeger og. Eg tok berre pottene som dei var og sette dei inn i krypkjellaren i haust. Som det går gram av biletet over så er det godt liv i plantene og no må eg vel syte for å gje dei ein dusj med grønsåpevatn for å førebyggje luseangrep. Eg reknar med at dei sit klar til angrep, og eg vil helst vere ute før dei har fått etablert seg altfor godt i drivhuset.

Dette er ei Fuchsia som eg har hatt mange år og som eg tek ut av potta , og set rotklumpen i ein plastpose før eg set dei i krypkjellaren. For alle plantene gjeld det at rotklumpen ikkje er for våt då eg set dei vekk, for ellers er eg redd det vert for vått.

Dette er planter som har overvintra ute, eg stabla alle kassane med stauder ihop og dekte med plater slik at dei har helde seg tørre i vinter. No er det yr kvar dag og då har eg teke dei fram att slik at dei kan få høveleg væte slik at dei er klar for ein ny sesong. 
Det eg no verkelg ser fram til er at det kjem dagar med sol og litt varme, slik at eg kan sitje ute og pusse dei overvintra plantene.
I år har vi hatt ein heilt normal vinter med lite frost og det ser ut til at plantene har hatt det bra.

No har dei nyspira staudene hatt tilhald i drivhuset sidan den 1. mars, og der skal dei få vere så lenge det er plass. 
Det har vore god spiring i dei overvintra pottene med staudefrø. Eg har funne spiring på Lilium, Paeonia, Aquilegia, Androsace, Angelika og  Fritillaria, pottene med spiring set eg inn i drivhuset etterkvart som eg ser det er spirer. 
Det ser ut til at sneglane har hatt det godt i vinter, det er veldig mykje små sneglar i alle fargar og variantar som kosar seg i pottene, så no er det verkeleg på tide å passe på slik at dei ikkje får ta heilt overhand, men bank i bordet, eg har ikkje sett brunsneglar.