søndag 6. mars 2011

DET SOM HITTIL IKKJE HAR GÅTT SÅ BRA

Ikkje all frøsådd har gått like bra. Kan vere greitt å ta ei oppdatering på det og:
Asparagus plumosus, slørasparges, berre ei spire
Cephalaria giganthea, gullknapp, har ikkje spirt enno
Cistus ladanifer, steinrose, var så fornøgd med at eg hadde fått spiring, men ved nærare ettertanke så var  det ein gaukunge
Clitoria ternatea, duevinge, her skulle frø rubbast med sandpapir, det gjorde eg så grundig at eg nok ødela heile frøet.
Dagliljene har ikkje spirt, men dei treng gjerne meir tid
Dendranthema .., Krysantemum, har ikkje spirt enno
Echinops sp, kuletistel, har ikkje spirt, no set eg frøa ut for å sjå om dei spirer då
Fuchsia x hybrida, har ikkje spirt enno
Gazania, har ikkje spirt enno
Gladiolus italicus, der har eg prikla 3 spirer i dag, men eg trur det må vere gaukungar, dei har runde frøblad
Gymnocladus dioicus, kentuckykaffi, såg veldig bra ut lenge, men no ser det dårleg ut.
Lobelia erinus, 'Riviera Blue Splash' dårleg spiring
Lobelia erinus, 'Cascade Rainbow', veldig dårleg spiring
Lobelia erinus, 'Cascade White', manglande spiring
Mimosa, berre ei spire, men den veks fint
Nicotiana alanta, Vengetobakk, har ikkje spirt enno
Rosmarinus officinalis, prikla 2 planter idag
Salvia viridis, dusksalvie, 2 planter, ikkje prikla enno
Scabiosa caucasica, ikke spiring enno
Soleostemon, spragle, inga spiring enno
Stevia rebaudiana, sukkerplante, dårleg med spiring
Thalictrum, frøstjerne, inga spiring enno
Verbascum nigrum album, dårleg spiring
Verbascum thapsus, prikla 5 planter idag
Verbena bonariensus, kjempeverbena, har eg hatt både kaldt og vamt, inga spiring enno
Verbena x hybrida, 'Misty', inga spiring enno
No er det nok håp for mange av desse, eg var jo dum nok til å ikkje notere meg på lista noke om spiretid, får ta meg ei runde med det no når eg har oversikta.  Men eg forstår kvifor det er for det meste berre blå lobelia å få kjøpt, det er dårleg spiring på dei med farge. Men eg har to raude sortar, Rosamund og Ruby Cascade, og dei spirer fint, det gjorde Rosamund som eg hadde ifjor og.

2 kommentarer:

  1. Ser du har plantet enorme mengder med forskjellige planter, og mange har du jo allerede priklet, så du blir nok og få en tidlig vår ;O)Blir spennende og følge med ;O)

    SvarSlett
  2. Hei stallnilsen, det er først når eg ser lista over det som hittil ikkje har gått så bra at eg verkeleg ser kor mykje forskjellig eg har. Men med så mange ulike sortar frø som eg har så må eg no rekne med at ikkje alt sler til. I år har eg ikkje kjøpt allverdens mykje, det var ein god del restfrø frå ifjor, og så fekk eg ein svært mykje frø få Mari på forumet.

    SvarSlett