lørdag 31. desember 2011

NYTTÅRSHELSING

Med dette biletet frå slutten av september 2011 vil eg takke alle som har vore innom bloggen min med hyggelege og gode kommentarar gjennom året.
I kveld er det regn, 3,3C og lett bris. Det har vore ei våt og svært vindfull jul, det er usemje om denne julestormen var verre enn nyttårsorkanen for 20 år sidan. Det har vel vore lokale forskjellar, på vårt knappe mål tomt har det gått bra, det gjorde det den gongen og, men andre hadde det verre både no og då.

Hageåret har vore vått, frodig og godt. Det har ikkje vore trong for vatning. Det var ein lang, kald og snørik vinter, våren vart kort, avløst av ein voldsom varme i slutten av april og inn i mai, men så dabba det av og etter det så vart det svært vekslande. Hausten og førjulsvinteren i år har vore våt og mørk.
Drivhussesongen vart etter forholda god, eg kunne ha vona på tidlegare og betre avling på tomatane, men tenkjer at alt vert betre til neste år.
Eg har sådd ein god del staudefrø, så har eg kjøpt ein god del frø frå Planteliste, frøpakken kjem rett etter nyttår og eg har mange spennande frø som ventar på god fuktig jord og varme. I tillegg skal eg arrangere ein frøbytekveld i hagelaget og då reknar eg med at der og kan dukke opp noke spanande.

Eg gler meg til eit nytt Hageår med god kontakt med alle andre hageinteresserte og til at vi kan dele sorger og gleder, gje og få ros og trøst.  Eg har vorte så utruleg glad og stolt over kvart rosande ord eg har fått i året som gjekk og eg har teke dei til meg kvar eitt. Ein av grunnane til det er at dette kjem frå personar eg ikkje kjenner og som ikkje har anna att for å rose meg enn at dei kjenner ordspråket:
Den største gleda du kan ha er å gjere andre glad. Takk!


GODT NYTT ÅR!

onsdag 14. desember 2011

IDENTIFIKASJON

EG vil tru dette er ein iris, men har ingen ide om namn. Eg synest at han har ein nydeleg farge og no har eg masse frø av han som eg gjerne vil dele med andre. Eg tenkjer og at eg kan bruke frø å legge inn i frøpakken som snart kjem innom meg, men eg reknar med det er lite interssant dersom frøa er anonyme. Kan noken hjelpe meg med å identifisere denne.

mandag 21. november 2011

FRILANDSTOMAT I NOVEMBER


Naboen kom nett innom med tomatar av Gardeners Delight som har har hausta i dag på terassen sin. Han kjøpte to planter av meg i sommar og med den traurige sommaren som var så var det treg start, men med den milde hausten som vi har hatt no så kan han plukke tomatar - gode er dei og. Så vi er nok mange som altfor tidleg har kassert tomatplantene våre. Ha ei god haustveke.

tirsdag 15. november 2011

RIMFROST

 Dette er truleg ei solsikke frå fuglefrø, altfor sein for denne sesongen, men flott i vinterprakt.
                                                            Timian er utruleg vakker med rim på.

 Rosa er så tung av rimfrost at ho nesten brotnar, men jammen har naturen pynta ho vakkert.

I natt kom frosten, men det er første morgonen med skikkeleg frost, og det har vore kaldt idag. No har eg fått dekka til staudekassane og den siste potta med blodbeger har fått plass på planterommet.
I går smakte eg på den første og kanskje einaste Physalisen som modnar og den var GOD. Eg har ikkje overvintringsplass til planta i år, men eg reknar med at neste år så har vi fått eit rom som passar.

mandag 14. november 2011

Heilt i skodda






I dag har det vore skodde som har vore ganske tett heile dagen, og før første gong har eg teke bilete der skodda var ein del av motivet.
No har eg pakka ned Kirsti blodsdråpte, pelargonia og noken forsøk på blodbeger og bacopa ned i isoporkassar ilag med mose og sett dei under kjøkkengolvet.  Så har eg stabla alle kassane med småplanter ihop og skal dekke dei med plater slik at dei held seg tørre igjennom vinteren.
I dag har det vore 4 - 5C og no klokka 19.38 er det 1C. Det ser ut på meldingane framover at det no vert kjøligare og greitt er det, for no er eg igang med førebuing av julematen innomhus.
Men enno har eg ei runde att med staudesådd, eg ventar spent på at det vert min tur til å få frøboksen i hus.

søndag 6. november 2011

NOVEMBERBLOMSTRING

Denne potta har vore verkeleg fin i heile sommar og heilt inn i hausten, eg veit ikkje kva slags blomst dette er og ville vere takksam dersom det er noken som kan gje meg eit tips.

 Pyntekålen er sjølvsådd, men fekk altfor lang stilk til at han ville pynte i potte så dei står  ved drivhuset og er fine når eg ser rett ned på dei-
Ei potte med lobelia og blodbeger som er til pynt enno.


Tusenfryden som eg sådde i sommar er med å lyser opp i haustmørket.

                                                            Det same gjer solhatten.

Dette er ei forvirra kubjelle.

Cosmosen blomstar og enno.

No har vi hatt nokre fine dagar, det har vore mellom 12 og 15C både dag og natt. I går regna det, men no er det fint måneskin og 6,4, det vert nok lægre nattetemperatur til veka.  Eg har sådd ein god del staudefrø, først sto dei inne på planterommet, men no har eg plassert dei bak uthuset. Eg gler meg til ei veke med fint haustveir, då skal eg plante enno litt stauder ut i beda og dei som eg då ikkje finn plass til skal eg stable kassane og legge bølgeblekk over så dei held seg tørre.
Då ynskjer eg alle som er innom bloggen ei god haustveke!

fredag 14. oktober 2011

VINTERHALVÅR

I dag er første vinterdag,og skal vi tru gamle spådomar for veiret så må det verte ein mild vinter. Det har vore omlag 10 - 11C i heile dag og no kl 23.30 er det 10,5C.
 Dette er georginerøtene som eg tok opp i går. No står dei i luftige kassar for å tørke litt, før eg tek og set dei på planteromet for vinteropplag. Eg skal renske av litt meir jord, og så brukar eg å pakke dei inn i  nokre gamle gardin før eg set dei inn. Der står dei, stikk i strid med alle reglar, tørt og med omlag 15C fram til mars/april. Eg dusjar dei med litt vatn ein par gonger på etterjulsvinteren slik at dei ikkje skal tørke heilt inn. Eg ser på bloggen min at i år hadde eg potta dei opp til 1. april. Så det betyr at dei skal vekksetjast for omlag eit halvt år.
 Dette er ei av to klokkeranker eg har. No er det ein knopp som kanskje kjem til å opne seg før frosten tek heile planta. Vi har hatt to neter med frost, men enno står dei fint. Eg kjem ikkje til å så klokkeranker neste år for dei vakre blomane si skuld, men eg må sei at eg vurderer å så for dei vakre blada si skuld. Heilt nydelege tykkjer eg dei er, friske er dei og.
Sist laurdag, 8. okt var dagen då drivhuset vart rydda og vaska. Det er litt av ein jobb å tømme alle kassane som det har vokse tomatar i. Men no er dei tømde, vaska og klar til neste år. Den sore grøne planta er physalis, ho sår no der i håp om at eg kan få moden frukt, men det er vel for kaldt. Eg tykkjer at ho er for stor til å ta inn. I dag har eg teke pelargonia og kristi blodsdråpe inn i drivhuset, der skal dei stå til eg pakkar dei vekk for vinteren.

onsdag 5. oktober 2011

INNKOKTE TOMATAR

Eg har laga to runder med Camilla Plum sin "Henkogte tomater" og dei smakar godt.
Eg brukte fylgjande framgongsmåte: Tok dei tomatane eg hadde og delte dei største og trykte dei godt ned i godt reingjorde sylteglas, så hadde eg på 1 god ss Maldonsalt, 1 ts røyrsukker, 2 - 2 fedd kvitlauk,   friske krydderurter og litt olivenolje (sjå bilete). Sette loket på, men skrudde ikkje til og sette dei i kald ovn som eg skrudde på 130C. Så stod dei der til oljen kokte godt. Då skrudde eg loket tett til og let dei stå til det vart kaldt. Sjekka at glasa var tette og sette dei kjølig i 14 dagar. No har eg prøvesmakt tomatane på brød og oppskrifta skal garantert brukast neste år og. 
Eine gongen var det eitt glas der det ikje ville koke, då visste det seg at eg hadde skrudd for tett, slik at det ikkje slepte ut damp, heldigvis sjekka eg før glaset eksploderte og opna. Då er det VIKTIG å ha godt med vern mot sprut. Heldigvis hadde eg det, for ellers hadde det vorte stor forbrenning.
Så no har eg godt grunnlag for herleg tomatsaus til pizza og pasta.

torsdag 1. september 2011

Helleborus corsicus/argutifolius - varigert?


Dette er to av dei seks plantene eg fekk av Helleborus frøa som vart sådde i 2010. Dei andre 4 var heilt normale, men 2 av dei vart alstå spettete. Dei er i god vekst og ser friske og fine ut. Er det noken som kan seie meg noke om korleis dette skjer. Er det sånt som skjer ved eit virusangrep og vert eventuelle barn  normale? Er det så pass sjelden at eg bør passe godt på plantene og ta avleggarar? Til å begynne med så tykte eg ikkje dei såg så fine ut og eg lurte på om dei skulle få livets rett i bedet, men eg ser no at dei veks seg kraftige og fine. Håpar det er noken som kan seie litt meir om dette.

mandag 29. august 2011

Sommarblomar som gjev haustglede

 Rudbeckia hirta 'Prairie Sun', flekksolhatt, dette er litt av ei plante. Kraftig plante med dei nydelegaste gule blomar som er fine både i bedet og i bukettar. Det er første året eg har ho, og ho står i vandrande skugge så ho kom litt sent i blomst, men for ein fin gulfarge. Garantert på plass i bedet neste år og, då skal ho stå i full sol.
 Coreosis tinctoria 'Amulet', tigerauge, denne kjem seint, men er vel verdt å vente på. Veldig blomsterrik med ein varm fin farge. Det er andre året eg har ho og ho vert fast innsalg i hausthagen.
Chrysantemum 'Schartz, Rot, Gelb', ei krysantemum med enkle blomar med stor blomsterrikdom og som har blomstra lenge og ser ut til å vare lenge enno. Det er første året eg har denne og, men skal vere med vidare. Flotte i bukettar er dei og.

lørdag 20. august 2011

Rosekonkurranse på Moseplassen

Dette er Frøken Trufast. Ho er meir som ei moden mor, men sidan dette er ein frøkenkonkurranse så la gå. Dette er ei klatrerose som eg har hatt i 16 år, i vår såg det ut til at vinteren  hadde teke knekken på ho, men no kjem ho seg litt etter litt og eg trur ho er redda. I allefall så er det ei frisk, remonterande rose som eg har stor glede av, og ho vert mitt bidrag til konkurransen. Eg ynskjer henne lukke til mellom mange gode konkurrentar. God helg til alle som er innom bloggen!

søndag 14. august 2011

VELKOMEN TIL VIRTUELL HAGEVANDRING PÅ AMFJELL

Ampel med lobelia og Brachyscome iberidifolia
Bacopa
Bacopa, blodbeger og Brachyscome iberidifolia
Stilkrose "Maxim"
Botndekkar "Sommerwind" - ei nydeleg rose både i knopp og blomst. Ei ypperleg rose til å pynte kaker, is og dessert.
Her er det sommarblomar og knollgeorginer ilag med artisjokk.
Leucanthemum superbum Crazy Daisy og asters.
Endå meir sommarblomar og knollgeorginer, dei gule er Chrysanthemum  Schwarz-Rot-Gold
Dette er den etterkvart kjende kanadiske rosa Louise Bugnet, veldig flott både i knopp og utsprunga
Dette er Louise Bugnet i knopp
I framgrunnen er det ridderspore
Dette er Chrysanthemum  Schwarz-Rot-Gold
Endå eit bilete av Louise Bugnet
Klaserose "Nina Weibull"
Klaserose Katharina Zeimet"

Kryprose Swany

Nærbilete av Swany
Cosmos med timian som botndekke
Astrid Lindgren
Lavatera trimestris Silver Cup og Eryngium giganteum Miss Willmot's Ghost Kjempestikle

Roser, løvemunn og cosmos




Fantastiske stokkroser og klematis




Blodbeger


3 ulike sortar valneter i god vekst