torsdag 28. mars 2013

VÅR I DRIVHUSET

                                     BLOGGTØRKE
Eg vart rimeleg overraska då eg såg at siste innlegg var for meir enn to månader sidan. Men det er ikkje verre enn at alt står vel til vel til med både plantene og meg. Såinga starta rett etter nyttår og held fram enno. For 2 veker sidan flytta eg inn i drivhuset med planter og i dag sette eg meg ut og prikla nokre stauder.

Pelargonia som har overvintra i isoporkasse.

Desse geraniumane har vokse godt etter at dei kom ut i drivhuset, så idag har eg potta dei om i større potter.

Blodbegerplantene er ikkje så store enno, men dei ser ut til å verte tette og fine.

Nokre av Dahliane, sommargeorginene er alt komne i større potter og er i god vekst.

I år har eg sådd Ageratum, blåkorg, dei spirte flott og no vert dei tette og fine.

Det har vore ein usedvanleg kald vår. Det trur eg at eg har uttalt kvart å dei siste åra etter at eg fekk drivhus. Men i år er det verkeleg kaldt. Dalsvatnet har 50 cm is, og det må truleg vere rekord, iallefall er det ikkje noken eg har høyrt som hugsar meir is. No ser eg at Yr trur at nattetemperaturen skal verte rundt 0 om ein par dagar. Så då vil nok telen byrja å sleppe, slik at eg kan få rydda litt i beda.
Kulden er ikkje berre her, det ser ut til at det er usedvanleg kaldt over heile landet. Eg skal ikkkje klage, kjem det seg no så vert det nok flott.


Til venstre her står 3 Anthirrinum, løvemunn, som og har overvintra i isoporkassar ilag med Fuksia og Pelargonia. Eg ser at etter 2 veker med lys og jord rundt røtene så er dei igang med veksten.


Knollgeorginene har hatt vinteropplag i planterommet, og der har dei hatt det fortreffeleg i vinter og. Eg skal potte dei opp etter påske når eg får kjøpt meir jord.

Denne fuksiaen og ei til har stått i plastpose i same frostfrie blindkjellaren, utan lys og dei er klar for potte og sommaren.

Eg sådde Abutilon, stuelønn, som eg sådde for eitt år sidan, dei største har overvintra inne, desse var så små at eg tenkte dei ville ikkje overvintre, men livsviljen er der, så etter ein vinter i isoporkassar så skal dei få godt stell i sommar, for å få komme inn i stova til vinteren att.