onsdag 27. april 2011

Vår i ekspressfart

Det er ikkje ofte narcissane, eller det som eg kallar påskeliljer, blomstrar til påske. I år kunne eg plukke inn ein bukett med påskeliljer, pulsatilla, tulipan, kuleprimula og greiner med grønt lauv på jasmin.


Eg har ei lita blåveis, importert til vestlandet av ei tante for meir enn 20 år sidan, tanta er død, men eg prøver å halde liv i planta. Det vert nok aldri noke teppe av blåveis hjå meg, men kvitveisa lyser fint opp på bøen til naboen. 
Det er frydefullt å ha eit stort nesten tomt bed klart til å ta imot alle småplantene som no er i god vekst både på planteromet, drivhuset og ute.

Peonane strekkjer seg.

Helleborus orientalis, eg har ei plante i bedet, mange frø er sådde, så eg reknar med det vert mange fine planter etterkvart.

Dette er ein annan peon, kjøpt før den store hagegalskapen med namn på alt, ilag med ei julerose på hell. Denne kjøpte eg billeg  i vår og har pynta opp framfor inngangsdøra. No skal ho stå midt mellom to peonar.

Dette er den andre naboen.

Rosene i venstre bildekant vart klypte 18. april, då var det musøyre på bjørka, i dag er det vel kattøyre. No har eg gjødsla med beinmjøl og lagt på eit godt lag med kompostert hestegjødsel. Bedet til høgre skal fyllast med litt stauder, masse georginer og sommarblomar. 

Denne raude pulsatillaen kjøpte eg for nokre år sidan og no står knoppane og blomane i kø.

Denne kvite pulsatillaen står bak den raude og er litt blyg, men veldig fin den og.

Skota på georginene er i god vekst, det er noken få potter som ser ut til at eg må vente lenge på liv, men eg har tid til å vente litt til, så får vi sjå.

Klokkeranker i god vekst.

Kentuckykaffiplante.

No er det nye teikn på vår kvar dag, vi har klypt plenen to gonger, i dag så eg to svaler, 23. april var linerla på plass. Bøndene er i full gang med vårvinna. Vegane er fulle av svarte bremsespor. Eg har hatt min første terassepils, og dei siste dagane har høgste punktet på kroppen vore halebeinet.
LIKNINGA ER LEVERT!

lørdag 9. april 2011

BLOG AWARD - TAKK TIL BILLE

Tusen takk til Bille som har gitt meg ein Award etter kort tid som bloggar. Det er og Bille som har hjelpt meg til å lage heading på bloggen, og den er eg om eg skal seie det sjølv, ganske nøgd med. Ettersom eg forstår så bør eg fortelje litt om meg sjølv. Eg har vel helde korta ganske tett til brystet så langt.
Men så er det så at etter å ha delteke litt på Blogforumet og i Skravleforumet så har eg fått vite litt om dokke andre som eg deler interesse med og då skal eg by på litt om meg. 
  1. Eg har vore gift i snart 40 år, og håpar på 40 nye, om ikkje mannen min får nok av hagegalskapen min.
  2. Det første bedet mitt var på omlag 60 cm i diameter rundt eit plommetre i hagen til foreldra mine.
  3. Eg likar godt å lese, i bokhylla er det mange faktabøker om litt av kvart, mest mat og hage. Skjønnlitteratur lånar eg på biblioteket.
  4. Eg elskar eit kortspel som heiter Romme.
  5. Eg bur i ei lita bygd, med god utsikt til fjell, fjord, øyar og hav.
  6. Så har eg ein ting eg lurer på: Når eg sit ute på terrassen og ser ut fjorden så går ferja att og fram heile tida. Men når eg skal reise med ferja sjølv - så går ho nokre få turar for dag. Er det nokon som kan gje ei god forklaring på det?
  7. Når lyden av insekta ein varm sommardag fyller lufta, då er sommaren fullkomen.
Når vinden uler og snøen piskar, då er eg glad eg er fødd i forrige århundre og ikkje i den tid folk måtte søkje ly under ein hellar.

Det å dele ut Award til andre bloggarar er både lett og vanskeleg, det er fantastisk mange flotte bloggar å fylgje. Noken er flottare enn andre, men alle har eitt eller anna ved seg som er verdt å ha med seg. Eg kosar meg med bilete av natur, hage, fuglar og frøspirer. Eg tykkjer det er kjekt å lese om store og små prosjekt, store og små gleder, og store og små tabber. 
Så har eg sett opp ei liste og dei nominerte er:
  • RandiF sin vestlandshage - den første bloggen eg følgde, og fordi vi bur nær kvarandre og har nokelunde likt klima.
  • Sunnmørshagen - ho er tidleg ute med vårteikn og deler små og store opplevingar med oss.
  • Hageflekken - som skriv om økologisk hageglede
  • Kathrinehagen - flotte bilete
  • Mari - som mellom anna er "berre gal", og som har spandert ein stor frøpakke på meg.
Det er mange andre bloggar som har trengt seg på i minnet mitt når eg har skriv, men no får det halde for denne gong.
Eg ynskjer dokke alle ei god helg.


fredag 8. april 2011

Dinosauregg vert klekte

Luktlupinspirene liknar dinosaurar.

Heretter skal eg Flittige Lise kome i samlinga i mange fleire variantar. Eg har potta dei største om denne veka, og dei veks og veks og veks...

Tomatplantene veks og, desse har og vorte ompotta denne veka.

Ranunkel.

Spirer av vill rucola.

Kuleprimula.

Rabarbra, denne flytta eg frå Mariastova til hagen min ifjor.

Er dei ikkje ranke og flotte?

Yndig.

Ei av mine elskede blå valmuesøstre.

Noken tulipanar har ein fantastisk farge på lauvet. Etter som Paul Dalby seier så vert det ikkje knopp dersom det kjem opp berre eitt lauv på tulipanane, eg hadde ikkje tenkt på det før, men han har nok rett.

I dag har eg ikkje sådd eit einaste frø, men eg har prikla fleire sortar Tagetes og noken Cosmos.

Drivhustemperatur

Begoniaknollane hadde godt av få flytte i drivhuset, dei haldt på å verte litt for lange inne i glaskarmen.

Dette er fakkelranke.

Blodbegerplantene veks fint, eg har ein kasse i drivhuset og ein i stova.

Dette er rosmarin som har overvintra i drivhuset.

I dag har eg potta om det som eg tidlegare har sagt er av favorittane mine, Kongslys. Dei er verkeleg i god vekst, og eg må nok snart flytte dei ut, men enn so lenge skal dei få stå i drivhuset.

Dette er sølvkrans, dei største av dei har fått større potte i dag.

Dette er valmuesøstrene som eg grov fram frå lauvhaugen for ei veke sidan. Dei er byrja å få litt friskare grønfarge. I helga er det meldt om varmare veir, og då har eg tenkt å setje meg i sola å pusle litt med staudepottene mine.

Temperaturen i drivhuset er no omlag 15C om dagen dersom det er oveskya, om natta er det mellom 7 og 10C. Jordtemperaturen er 15 grader, og det tykkjer eg er kjempeflott.  Det har voe mykje regn og vind i det siste, så det er ganske fuktig inne, det er både ilt og godt. Plantene vil jo gjerne ha god luftfuktigheit, men det kan fort verte for fuktig og då veks sopp av alle slag. Så eg luftar så godt eg kan. Drivhustermostaten som regulerar lufteluka monterte eg på onsdag.

torsdag 7. april 2011

Siste frøsåing våren 2011?

I siste innlegg så slo eg fast at no var det slutt på såing for denne vårsesongen, iallefall på vanlege sommarblomar. Men så kom det ei hyggeleg påskehelsing frå venene våre i Tyskland , så då var vegen kort til planteromet.
Det eg sådde idag var Sommargeorgine, småblomstrande tagetes, hagenellik, ettårig solhatt, 2 slag hengepetunia.
I tillegg fekk eg dei lenge etterlengta valnetene, Juglans regia, frå B&T World Seeds. 100g vart 10 neter som er sådde etter alle kunsten sine reglar.
No spirer det overalt, så no er det prikling over ein låg sko, for ikkje å snakke om moldete tær når kvelden kjem. Det er so fantastisk å sjå alle dei ulike frøa, frå valneter til f.eks lobelia. Så kjem dei opp med store variantar i frøblad. Noken ser ut til at dei kan tåle alle brasar som nyfødde, medan andre må få stå lenge i såpotta for å vekse seg til, slik at eg har eit håp at dei skal overleve priklinga.
Eg har nett prikla petunia, dei såg veldig svake ut som nyspirte, så dei let eg få stå ein månad før eg prikla dei. Snart ei veke etter priklinga så struttar dei av livskraft.


søndag 3. april 2011

Siste sådag våren 2011


Dette er ein seinsommarbukett frå sommaren 2010.
I dag har eg sådd mykje frø, no er det berre noken få sortar att, ringblomst, blomkarse og liknande.
Eg har restfrø av nesten alt eg har sådd, så no har ei ei øskje full av restfrø, så får eg sjå om eg klarar å halde  meg i sjakk når neste sesong kjem med alle sine freistingar.  Eg vil og tru at eg gjennom sommaren ser at ikkje alle er verdt å så ein sesong til.  Men eg er trygg på at det kan verte mange fine bed med blomar til å nyte ut og til bukettar.  Her er frølista.
Achillea millefoliumSummer PastelsRyllikStaude
Allium tuberosumKvitløkgrasløkUrt
Ammi majusKvit kongeskjermEttåring
Anethum graveolens DillUrt
Antirrhinum majusLøvemunnEttåring
Antirrhinum majus nanumArtiste BizarreLøvemunnEttåring
Aquilegia flatebellataMini-StarJapansk akeleieStaude
Artemisia dracunculus LRussisk estragonUrt
BasilikumBasil SweetBasilikumUrt
Chrysanthemum Schwarz-Rot-GoldKrysantemumEttårig
Coreopsis tinctoriaAmuletTigeraugeEttåring
Cucumis sativusMarket moreFrilandsagurkGrønsak
Cucumis sativusStyx F1SlangeagurkGrønsak
Cynoglossum amabileFirmament'KinahundetungeEttåring
Cynoglossum amabileMystic PinkKinahundetungeEttåring
Diplotaxis tenuifoliaRucola villUrt
Dorotheanthus bellidiformisPastell-MischungMiddagsblomstEttårig
Dorotheanthus bellidiformisMischungMiddagsblomstEttårig
Lathyrus odoratusCupid Pink'ErteblomstEttåring
Lathyrus odoratusMrs. CollierErteblomstEttåring
Lavatera trimestrisSilver CupHagepoppelroseEttårig
Linanthus androsaceusRegnbueblomstEttåring
Lupinus mutabilisSunrise'SommarlupinEttåring
Lupinus regalisThe PagesEdellupinEtt/staude
Ocimum basilicumMediterranean MedleyBasilikumUrt
Origanum majoranaMerianUrt
Petroselinum neapolitanumBladpersilleUrt
Rudbeckia amplexicaulisSolhattStaude
Tagetes patulaSilviaSprikefløyelsblomEttåring
Tagetes patulaFavourite RedSprikefløyelsblomEttåring
Tagetes patulaNaughty MariettaSprikefløyelsblomEttåring
Tagetes patulaMarionette MixedFløyelsblomstEttåring
Thymus vulgarisTimianKrydder
Tropaeolum peregrinumKanariblomkarseEttåring
ValmueValmuestaude
ZinniaDahlienblutige RiesenZinniaEttårig
ZinniaLiliput MischungZinniaEttårig
Zinnia eleganseTropisk fargeblandingZinniaEttåring

fredag 1. april 2011

Nyfriserte pelargonia og fuhcsia står og ventar på lys og varme. Desse har i dag fått kome ut av isoporkassen som har vore vinterseng, med ei dyne av mose.  Alle plantene viser teikn til liv, så eg har håp om mange fine planter om ein månad.

Georgineknollane har hatt vintersøvnen i sin på vaskeromet i grøne fruktkassar med fine gardin rundt seg. Nesten alle hadde fine spirer, og dei fleste hadde tilogmed merkelapp på seg så eg har ei aning om kva slags farge det er snakk om.
Her har georgineknollane kome i potter med ei blanding av hagejord, kjøpejord og litt beinmjøl. Eg håpar dei set pris på maten og at eg kan plante kraftige fine planter ut i beda om ein par månader. 
Eg har fått på plass hyllene i drivhuset og idag, så no er det litt meir leveleg i stova, ikkje for det, det er veldig fint med friske grøne lobeliaplanter som velt utover dei blå soppkassane. I år er dei kome så langt at eg må nok gje dei ein god stuss så dei kan verte tette og fine til utplanting.

I dag har det vore omlag 10 grader, skya med litt trekk.  Så då nytta eg høvet til å plukke vekk det verste i beda. Det skal ikkje så mykje til før alt ser mykje trivelegare ut. No er regnet her att.

Eg ynskjer alle som eventuellt er innom bloggen ei god helg.