onsdag 30. oktober 2013

SISTE REST AV SOMMAREN ER PAKKA VEKK

I dag var det sol og fint nokre timar, då kunne eg ikkje utsetje det lenger. Fuksiane måtte ribbast og setjast i vinteropplag. Det er litt vemodig å ribbe vekk knoppar og blomar, og endå kunne eg hatt mykje glede av plantene dersom eg hadde teke dei inn i stova, men det er godt å få dei rydda vekk.
Eg brukar å pakke plantene i isoporkassar, men no er alle vortne så store at eg tek dei ut av potta, og set klumpen i ein plastpose. Eg ribbar vekk mesteparten av lauv og blomar før eg får plassert dei i ein blindkjellar som er frostfri.

Her står dei pakka og klar framfor luka. Eg har 2 planter med sitronverbena som og skal ha same opphald. Det er første året med sitronverbena, vonar at dei tåler vinteropphaldet sitt.

Alle kassane med staudepottene har kome på plass i veksthuset. Planta som er i ampelen som heng i taket er ei rosa asarina, den har vore inne i veksthuset i heile sommaren, og no håpar eg at eg kan få modne frø. Eg må nok ta ho inn på planteromet dersom det vert kaldare, men enno heng ho her.
Eg har teke ei blodbegerplante og sett på planteromet, den er full av runde frøhus, så det vert nok rikeleg frø å frotse i til vinteren. Eg har og teke ei blodbegerplante å sett inn i stova, ettersom ho vert rekna som potteplante hjå Impecta. Kjem nok til å blogge om den seinare.
No er eg komen i førjulsmodus, eg er i full gang med julebroderi. Det er mange år sidan at eg har helde på med slikt, men det er kjekt å lage noke som vert så fargerikt og fint.
Ha ei flott veke!

lørdag 19. oktober 2013

PRIMSTAVEN ER SNUDD

Dette graset, Hordeum jubatum, blomstrar for andre gong.

Solsikkene strekker seg for å få ein siste rest av kveldssola.

Denne storknebben har fått fine haustfargar.

Frøsådd sommargeoginer over og under


Denne klematisen blomstrar serdeles lenge.

Gravemaskina er parekert for sesongen. Snøen viste seg i Moldura for 3 dagar sidan.
God helg til alle som er innom!

søndag 13. oktober 2013

Snart midtvegs i hausten

Det har bokstaveleg tala runne mykje vatn sidan siste blogginnlegget mitt. Litt har skjedd i hagen på Amfjell sidan sist. Det som er viktigast for bloggen sin del er å oppdatere kva som er gjort av haustarbeid.


For 10 dagar sidan så tok eg opp georginene mine. Det hadde ikkje vore frost på dei, men eg er avhengig av å arbeide når forma er der, og då passa det best. Det hadde vore opplett nokre dagar så jorda var tørr og fin. Så då tok eg opp alle georginene som var sette frå knoll og villgeorginene som eg sådde i vår. No ligg dei til tørk i veksthuset, der er det luftig og fint når eg har sidegardina oppe. Dei som viser på biletet her på venstre side er alle av villgeorginene, og no tek eg inn frøkapslar og tek frø etterkvart som dei modnar.
Så er det noken av lesarane her som har lyst på ein pose med frø så må de gjerne seie frå. Eg deler gjerne ut som takk for alle hyggelege kommentgarar som de har lagt att sidan eg byrja å blogge.

I går og i dag har det vore flott temperatur og eg har teke inn alle fuksiaplanene mine. No står dei i drivhuset til avmodning, før eg set dei vekk for vinteren.

Pottene er vaska og klar for ein ny sesong.
Det er tre veker sidan eg tømde drivhuset, tømde kassane som det hadde vokse tomatar i og fekk vaska både hus og kassar. 
Tomatåret er det beste eg har hatt, men eg kunne nok håpa det hadde vore endå betre. Eg har fått ein del glas med gode Henkogte tomatar. I fjor laga eg marmelade av resten av dei grøne tomatane, det var ganske godt, men vart ikkje brukt så mykje av, så i år tok eg eit kilo små grøne tomatar som eg har eddiksylta. Skal verte spennande å prøve det i romjula.