onsdag 11. juni 2014

NYE STAUDER ER KLAR FOR SAL

No har eg endeleg fått oppdatert lista over stauder som er for sal. Nokre sortar har altfor mykje av og andre er det berre få av. Men no er dei klar for å flytte ut i verda. Eg har enno mange priklepotter ståande med nye sortar så det vert nok minst ei oppdatering til før sesongen er omme. Lista ligg oppe til venstre. 



fredag 6. juni 2014

FULL FRES I HAGEN

Våren og sommaren solangt har vore uvanleg varm og fin dette året. Det ber plantene i hagen og preg av. For mange planter sin del så er dei tre veker tidlegare enn vanleg. Det er knapt så eg rekk å registrere alt som skjer, langt mindre få det notert og kommentert her på bloggen. Det var jo det som var den eigentlege grunnen til at eg starta blogging. Eg kjem nok til å angre at eg ikkje tok meg tid neste år og seinare når eg skal gå attende for å sjå kva som skjedde i 2014.


Alle akeleiene står i blomst og dei har eg mange av.

Silene asterias, stjernesmellene, mine er og riktblømande.



Mertensia pterokarpa, steinøsterurt, står med sine yndige blå blomar. No har eg massevis av Mertensia virginica, klokkeøsterurt, som står og veks seg til i potter. Sålangt så er dette ei planteslekt eg vil prøve meir av.
Dette trur eg må vere Primula ioessa, men eg har iflg. listene mine ikkje sådd den før i år, så sanneleg om eg veit. Fin er ho.
Akeleie med mange skjørt.
Aquilegia McKana Giant, ingen tvil om det.



Fantastisk intens farge på nyutsprungne humleblomar. 

I går tok eg opp tulipanløkane som stod i det kombinerte tulipan/georginebedet. Eg jordslo løkane slik at det kanskje vert like fin bløming neste år. Eg kjem nok uansett til å kjøpe fleire løkar for erfaringa er at dei foredla sortane ikkje kjem så godt att som dei gamle gule og raude. Bedet har vore gjødsla med beinmjøl, no hadde eg på hønsegjødsel og kompost før eg planta georgineknollar og dei villgeorginene som er sådde frå frø, samla i 2013.